Sky Tower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sky Tower

Opna1997
Kart
Sky Tower
36°50′54″S 174°45′44″E / 36.848333333333°S 174.76222222222°E / -36.848333333333; 174.76222222222

Sky Tower er eit tårn som står i det sentrale forretningsområdet i AucklandNew Zealand. Det er 328 meter høgt frå bakken til toppen av masta, noko som gjer tårnet til den høgaste frittståande konstruksjonen på den sørlege halvkula. Fundamentet til tårnet går meir enn 15 meter ned i grunnen. Det er det 12. høgaste tårnet på lista til World Federation of Great Towers.[1] Landemerket er ein del av SKYCITY Auckland casino complex, som er eigd og drive av SKYCITY Entertainment Group.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Den øvre delen av tårnet består av to roterande restaurantar og ulike observasjonsplattformer. I tillegg til å innehalda opplevingssenter, serveringsstader og utsiktsplattformer er tårnet òg brukt til telekommunikasjon og kringasting av radio og fjernsyn. Der er meir enn 600 000 tilreisande til tårnet kvart år.

Frå tårnet kan ein også gjera linekontrollerte basehopp frå ei observasjonsplattform 192 meter over gata. SkyJump

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Sky Tower sett frå gata.

Tårnet vart opna 31. mars 1997 etter ei byggetid på to og eit halvt år — eit halvt år tidlegare enn planlagt.[2] Til bygginga gjekk det med 15 000 m2 betong, 2 000 tonn forskalingsstål og 660 tonn bygningsstål, inkludert 170 tonn i masta. Hovudkonstruksjonen er eit forsterka betongskaft med ein diameter på 12 meter. Skaftet vert støtta opp av åtte forsterka «betongføter» ved basis. Dei øvre golva er laga av komposittmaterial, stål og betong.

Styrke[endre | endre wikiteksten]

Sky Tower er bygd til å tola vindstyrkar over 210 km/t, noko ein reknar med ikkje skal skje oftare enn ein gong kvart tusenår. Ved slike vindstyrkar vil tårnet svaia om lag ein meter ved toppen av betongskaftet. Det er rekna ut at eit jordskjelv med episenter 40 kilometer unna tårnet, og som måler 7,0 på Richters skala, skal ikkje kunna skada det. Likeeins skal tårnet bli ståande om det vert utsett for eit skjelv med styrke 8,0 på Richters skala og med eit episenter berre 20 km unna. Slike skjelv reknar ein heller ikkje med skal inntreffa oftare enn kvart 1000. år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. april 2005, henta 21. mai 2006 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. januar 2009, henta 21. mai 2006 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]