Skye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skye
Lokalt namn: An t-Eilean Sgitheanach[1]
Quiraing på Skye.
Quiraing på Skye.
Geografi
Skye is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°18′25″ N 6°13′48″ WKoordinatar: 57°18′25″ N 6°13′48″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 1656 km²
Høgaste punkt Sgurr Alasdair (993 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Portree (2491 innb.)
Demografi
Folketal 9232 (2001)
Folketettleik 5,6 /km²

Skye eller Isle of Skye (skotsk-gælisk An t-Eilean Sgitheanach eller Eilean a' Cheó) er den største og nordlegaste øya i Indre Hebridane i Skottland. Øya består av fleire halvøyar som går ut i forskjellige retningar frå dei fjellendte, indre områda, som er dominert av Cuillin-åsane.

Øya har litt over 9 000 innbyggjarar. I motsetnad til mange av dei andre skotske øyane har folketalet auka noko dei siste åra. Om sommaren kjem mange turistar og vitjande til øya. Hovudnæringane er turisme, jordbruk, produksjon av whisky, ølbrygging og handverk som veving. Den viktigaste byen og hovudstaden på øya er Portree.[2]

Skye er kjent for eit vakkert landskap, prega av høge, dramatiske fjell, eit rikt dyreliv, med kongeørn, hjort og oter, den levande kulturen, som omfattar gælisk språk og skotsk folkemusikk, og plassen sin i britisk historie under jakobittopprøra.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den gamle mannen på Storr på Skye

På gælisk vert øya kalla An t-Eilean Sgiatheanach der sgiath tyder 'med vengjer'. Øya vert òg stundom kalla Eilean a' Cheò, 'Den tåkete øya'.[3]norrønt heiter øya Skið. Det norrøne namnet kan like gjerne vere ei endring av det opphavlege piktiske namnet som er nedskrive i romerske kjelder som Scitis (Ravenna Kosmografi) og Scetis (på kart hos Klaudios Ptolemaios). Nokre segner knyter øya til den mytiske figuren Scáthach.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Portree
Satellittfoto.
Brua Skye bridge som knyt øya til fastlandet.

Skye er med sine 1656 km² den nest største øya på Skottland etter Lewis og Harris (som er éi øy). Skye har noko av det mest dramatiske og utfordrande fjellandskapet i Skottland, inkludert Cuillin, samt ei rik kulturarv av gamle monument, festningar og minnesmerke.

Den sørvestlege delen av Skye er ei rekkje halvøyer, inkludert Slet i sør, Strathaird, Minginish og Duirinish og Waternish i vest og Trotternish i nord. Dei omliggande øyane er Rona, Raasay, Scalpay og Soay. Merk at alle stadnamn i Skottland som ender med «-ay» er av norrønt opphav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skye har stader som viser at ho har vore busett av jegerar og samlarar i mellomsteinalderen. Ein slik stad er An Corran i Staffin der arkeologiske spor frå handsaming av stein og samling av skjel viser at det budde steinalderfolk i området 7500 år f.Kr. og desse har vore i kontakt med tilsvarande steinaldergrupper ved Sand i Applecross på kysten av det vestlege Ross.

Kristendommen nådde truleg øya på 500-talet og var truleg knytt til eit av dei nordlege piktiske kongedøma. Formelt sett vart det underlagt det skotske kongedømet i 843 då piktarane og skottane vart samla.

Det første åtaket frå norske vikingar på Skye er dokumentert frå år 794. Frå 875 kom mange norske innflyttarar og ved år 907 bestod øya av felles norrøn-gælisk kultur ved inngifte. Norrønt språk var truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098 invaderte det norske kongedømet øya representert ved kong Magnus Berrføtt. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først klarte i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde.

Ved at øya låg like langt frå maktsentra til både skottane og nordmennene, var innbyggjarane vant til å vere sjølvstendige og ønskte ikkje å verte dominert av Skottland. Skye var delt mellom fleire klanar, dei viktigaste av desse var MacDonald og McLeod, begge med norrøne aner, som i dei neste hundreåra kriga om makta. MacDonald fekk etter kvart overtaket og forsvarte seg mot den skotske trona inntil 1462lorden av øyane, John MacDonald, overgav landområda til kong Jakob IV av Skottland. Frå midten av 1400-talet kom store mengder gæliske innflyttarar til øya og norrønt språk vart ikkje lenger dominerande og døydde ut til fordel for skotsk gælisk, som framleis finst her.

Ein av dei mest kjende personane på øya er Flora MacDonald, heltinna som hjelpte prinsen som skottane kallar for «Bonnie Prince Charles» (Karl Edvard Stuart) å flykte etter det bitre nederlaget ved slaget ved Culloden i 1746. Ho døydde i 1790 og vart gravlagd på kyrkjegarden i Kilmuir. Tusenvis av øybuarar følgde ho til grava.

Skye lei tungt under hungersnaud og utreinsingar på den siste delen av 1700-talet, noko som førte til ein sterk og drastisk nedgang i folketalet.

Den moderne brua Skye Bridge som knyt Skye med fastlandet vart bygt på 1990-talet med ein særs upopulær avgiftstasjon ((£4.70 per bil om vinteren, £5.70 om sommaren) og akkurat som fleire stader i Norge danna innbyggjarane lokale protestaksjonar, mellom anna SKAT (Skye and Kyle Against Tolls). Dei nekta å betale avgift med grunngjevinga at dei har rett til fri passasje på alle hovudvegar innanfor kongeriket Skottland. Den 21. desember 2004 vart det annonsert at dei skotske styresmaktene hadde overteke brua frå eigarane og at avgifta var avskaffa.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ei restaurert utgåve av det tradisjonelle skotske «svarthuset».
Klipper i nærleiken av Point Neist

Av alle områda i Indre Hebridane er det Skye som har mest til felles med Ytre Hebridane og der bortimot halvparten av folkesetnaden snakkar gælisk. Mange høyrer òg til Free Church of Scotland, kjent for det strenge heilagdagshaldet.

Destilleriet Talisker, som produserer single malt whisky med same namn, er plassert ved sidan av Loch Harport på vestkysten av øya. Whiskyen «Isle of Skye» (ein blended whisky frå produsenten «Ian Macleod distillers ltd») vert ikkje produsert på øya.

Dunvegan Castle er ei festning som har vore setet til klanen MacLeod sidan 1200-talet.

Skye har vorte udødeleggjort i folkevisa «The Skye Boat Song» og i romanen To the Lighthouse av Virginia Woolf.

Byer og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av innbyggjarane på øya er knytte til hovudvegen A87. Byen Portee har flest innbyggjarar, litt over 2000 menneske. Sconser og Broadford ligg på austsida av øya. Mindre landsbyar er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skye

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murray 1966 s. 146. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Skye (avgrensa tilgang), World Encyclopedia Philip's. Henta 17. juni 2013.
  3. Placenames P-Z (engelsk) (2003).. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. MacKillop, James (2004), «Skye, Isle of», A Dictionary of Celtic Mythology, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780198609674.001.0001/acref-9780198609674-e-3536 
  • Murray, W. H. (1966), The Hebrides, London: Heinemann