Skylab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av Skylab teke av Skylab 4, det siste mannskapet som besøkte stasjonen
Mannskapen på Skylab 2 tek til seg eit tyngdelaust måltid

Skylab var den fyrste romstasjonen som amerikanarane sende i omlaup rundt jorda. Den 75 tonn tunge stasjonen sveiv rundt jorda frå 1973 til 1979, og fekk besøk av mannskap frå jorda 3 gonger frå 1973 til 1974.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skylab vart skoten opp utan mannskap den 14. mai 1973 av ein totrinns Saturn V-rakett. Knapt eit minutt hadde gått før restar frå beskyttelseskjolden sleit av det eine solpanelet og skadde det andre panelet. Etter di det skadde solpanelet ikkje folda ut skikkeleg, fekk romstasjonen dimed eit alvorleg underskot av elektrisitet. Då mannskapen på Skylab 2(sjølve stasjonen bar namnet Skylab 1 då han vart skoten opp) vart send opp den 25 mai 1973, freista mannskapen å manuelt rette ut solpanelet. Då dette ikkje gjekk, sette dei i staden opp ein medbrakt "parasoll" som gav nok elektrisitet til å få ned temperaturen i romstasjonen, slik at mannskapen kunne gå om bord.

Etter at den siste besetninga forlét Skylab den 8. februar 1974, var meininga att Skylab skulle fortsetja å kretse runt jorda fram til byrjinga av 1980-talet, men på grunn av auka solaktivitet ekspanderte jordatmosfæren og banen til Skylab sokk dimed raskare enn det ein hadde rekna med. Skylab styrta den 11. juli 1979.

Skylab-ferdene[endre | endre wikiteksten]

Skylab 1 var oppskytinga av sjølve romstasjonen
Oppdrag Frå Til Total tid Omlaup rundt jorda Besetning Forskningsoppgåver
Skylab 2 25. mai 1973 28. juni 1973 28 dagar, 50 minutt 404 Charles Conrad
Paul J. Weitz
Joseph P. Kerwin
Solobservasjonar
Jordfotografering
Boimedisinske eksperiment
Skylab 3 28. juli 1973 25. september 1973 49 dagar, 11 timer 858 Jack L. Bean
Jack R. Lousma
Owen K. Garriott
Biologiske eksperiment
Rom-medisin
Solfysikk
Astrofysikk
Jordobservatsjonar
Teknologi
Skylab 4 16. november 1973 8. februar 1974 84 dagar, 1 time 1 214 Gerald P. Carr
William R. Pogue
Edward G. Gibson
Biologiske eksperiment
Rom-medisin
Solfysikk
Astrofysikk
Jordobservasjoner
Teknologi
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skylab