Skyldmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skyldmark var målestokken for verdi for matrikkelskyld som blei innført ved matrikkelrevisjonen i 1886.

Ved denne matrikkelrevisjonen blei alle matrikulerte eigedomar i landet samla sett til 500 000 skyldmark, og kvar enkelt eigedom blei tildelt matrikkelskyld i samsvar med fastsett sannsynleg verdi og avkasting.

Ved frådelingar og opprettingar av nye eigedomar skulle det haldast ei skylddelingsforretning. Den nye eigedomen skulle tildelast ei matrikkelskyld, og det skulle så gjerast eit tilsvarande frådrag i skylda for den eigedomen som blei delt. Samla tal for skyldmark for heile landet skulle såleis haldast uendra. Dette viste seg etter kvart ikkje å kunne praktiserast. Viss til dømes ein eigedom verdsett til 1 øre (i praksis ei vanleg byggetomt) blei delt, så måtte den nye eigedomen tildelast ei skyld på 1 øre, medan det ikkje kunne gjerast fråtrekk i skylda for den frådelte eigedomen.

Som matrikkelskyld:

  • 1 skyldmark = 100 øre

Skyldmarken blei innført som erstatning for skylddalaren som matrikkelskyld. I gjennomsnitt blei 1 skylddaler sett lik ca. 2 skyldmark.

Skyldmark blei tildelt nye eigedomar på landet fram til Delingslova blei innført 1. januar 1980.