Skyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skyr er eit magert og proteinrikt mjølkeprodukt frå Island. Det vert framstilt ved å ha løype i oppvermd skummamjølk, og er såleis ein ost, men produktet har konsistens meir som tjukk yoghurt. Skyr har ein mild syrleg smak og vert ofte seld smaksett med bær, frukt, vanilje eller sjokolade.
I moderne meieriproduksjon vert det nytta pasteurisert mjølk og det må difor i tillegg til løypa tilsetjast bakteriekultur ved framstillinga, medan ein før klarte seg med mjølkesyrebakteriane som naturleg var i mjølka.
Skyr i Noreg [endre]
Q-meieriene har frå september 2009 produsert skyr på lisens for den norske marknaden.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Oppskrift på skyr på nettstaden isholf.is (på engelsk)
Denne matartikkelen som har med Island å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.