Skytje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skytje, sval eller skòt/skott er eit hus eller ein del av eit hus, som har vorte brukt til lagring på ein gard. Ei skytje kan vere bygd inn til endeveggen på eit stovehus eller ei løe. Ho har då skråtak opp mot veggen på huset ho har felles vegg med. På grindløer er skytja rommet mellom stavane og ytterveggen.

Skytje kan og vere eit heller lite, frittståande hus. Ei skytje er ikkje særleg forseggjort. Skytjer som er bygde inntil andre hus har ofte skukk (skottlem). På skytjeskukken hadde ein ofte lager av emningsved, material til sledar, grev, skaft og andre reiskapar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ola Tveien, Om skukk og skytja i Hosanger. Norveg. Folkelivsgransking 7 Oslo 1960
  • PedGjærder: Vestnorske utløer i stavverk Universitetsforlaget 1977
  • Asbjørn Øye: Follestaddalen i farne dagar Stend 1983