Skyvedekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skyvedekke i Qilian Shan i Kina. Den eldre (til venstre, blå ograud) ligg over den yngre (til høgre, brun).

Skyvedekke eller skyveforkasting er ei stor plate- eller kileforma bergmasse som er vorten forflytta (overskyvd) langs ei tilnærma horisontal eller nesten horisontal forskyvingsflate. Dette kan medføre at han blir liggande oppå yngre bergartar.

I Noreg finst det store skyvedekke i Den kaledonske fjellkjeda, og til dømes er Jotundekket ei meir enn 10 km tjukk skive av prekambriske djupbergartar som er skyvd fleire hundre kilometer og no ligg oppå yngre sandstein, skifer og fyllitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]