Slåtterøy fyrstasjon
| Slåtterøy fyrstasjon | ||
Slåtterøy fyr sett frå Såto på Gisøya |
||
| Fylke | Hordaland | |
| Kommune | Bømlo | |
| Funksjon | Kystfyr | |
| Oppretta | 1859 | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Fyrtårn | ||
| Høgd | 25 m | |
| Form | Raudt med kvitt belte | |
| Byggjemateriale | Støypejern | |
| Fyrlys | ||
| Lyskarakter | Kvitt rundtlysande, med 2 lynblenk kvart 30. sekund. | |
| Lysstyrke | 5 180 000 cd | |
| Lyshøgd | 45,8 moh | |
| Lysvidde | 18,5 nm | |
| Status | ||
| Eigar | Staten | |
| Automatisert | 1980-talet | |
| Avfolka | 2003 | |
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminner | |
Slåtterøy fyrstasjon ligg på øya Slåtterøya, ei av dei ytterste Fitjarøyane i Selbjørnsfjorden og høyrer i dag til Bømlo kommune. Fyret vart oppretta i 1859 og er 25 meter høgt. Fyret er det mest lyssterke i landet etter at det kom elektrisk kraft fram i 1958[1], og frå ei høgd på 45,8 meter over havet lyser lykta 18,5 nautiske mil ut i havet. Frå landingen og opp til fyret går ein 300-400 meter lang veg i hogd stein.[2]
Fyret var heimstad til tre familiar fram til 1958, då desse vart flytta i land, medan vaktarane hadde hyblar på fyret.
Fyret vart automatisert på 1980-talet og avfolka i 2003. I 1999 vart fyret freda av Riksantikvaren med heimel i kulturminnelova.
Klima [endre]
Sidan juli 1923 har det vore vêrstasjon i drift på Slåtterøy. Denne vart automatisert i 1997. Slåtterøy er ein av stasjonane i Noreg med høgaste årsmiddeltemperatur.
| Normalar for Slåtterøy fyr[3] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
| Temperaturnormal (°C) | 2,5 | 2,1 | 3,1 | 5,0 | 8,7 | 11,5 | 13,1 | 13,8 | 11,9 | 9,5 | 5,9 | 3,8 | 7,6 |
| Nedbør (mm) | 110 | 83 | 93 | 68 | 68 | 79 | 82 | 116 | 165 | 164 | 163 | 137 | 1328 |
Fotnotar [endre]
- ↑ Birger Bjørkhaug og Sven Poulsson. Norges fyr, bind 1. Fra svenskegrensen til Stadt. Oslo, 1986.
- ↑ Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK
- ↑ eklima på met.no
|
|
|
|---|---|
| Hellisøy · Holmengrå · Marstein · Ryvarden · Skoltegrunnskaien · Slåtterøy · Vatlestraumen · Øksehamaren |