Sløkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sløkje
Blomstrande sløkje
Blomstrande sløkje
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Kvannslekta Angelica
Art: Sløkje A. sylvestris
Vitskapleg namn
Angelica sylvestris

Sløkje eller sløke (Angelica sylvesteris) er ein plante i skjermplantefamilien.

Sløkja vert opptil ein meter høg. Stengelen er hol og har dunhår øvst, og har fint sagtakka småblad. Bladstilken har ei djup, brei renne. Sløkja blomtrar i juli med stor, litt flattrykt blomsterstand med talrike blomstrar med skitenkvite kronblad, nokre gonger raudlege.

Sløkje veks på fuktig beitemark og ved bekkar opp til tregrensa, i Noreg opp til 1300 moh,[2] og elles i skogområde i Europa og nordvestlege Asia. På dei fuktigaste stadene kan sløkja vekse saman med den særs giftige selsnepa, som ho òg kan forvekslast med.

Blad av ung sløkje, stengelen med tydeleg renne

Det første året etter frøspiringa utviklar planten ein bladrosett; rotstokken står loddrett, men strekkjer seg ikkje, slik at blada vert nede ved marka. Tidlegast andre leveåret, når rotstokken har samla tilstrekkeleg med næring, skyt han i veret, blomstrar og dannar frukt. Etter frøsetjinga døyr planten.

Plantenamnet sløkje heng saman med ordet 'sluk', med opphav i den hole, røyrforma stengelen. Namnet vert i mange dialekter brukt om blomstrande kvann, Angelica archangelica. I desse dialektane kan sløkja kallast geitsløkje el.l.

Planten kan brukast til farging av ull, og gjev ein gul varig farge. Han har som den nærskylde kvanna vore bruka som grønsak, men i mykje mindre omfang. Rafn oppgjev av planten i Sverige skal ha vore bruka som medisinplante mot hysteri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av sløke Angelica sylvestris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sløkje