Slaga ved Barfleur og La Hogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaga ved Barfleur–La Hougue
Del av niårskrigen
Paton, Battle of Barfleur.jpg
Slaget ved Barfleur, 29. mai 1692 av Richard Paton, måla på 1700-talet
Dato 29. mai – 4. juni 1692
Stad nær Cherbourghalvøya i Frankrike
Resultat Barfleur: taktisk uavavgjort,
Engelsk-nederlandsk strategisk sigery
Cherbourg: La Hogue, alliert siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1] Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flagget til Frankrike Anne Hilarion de Tourville Flagget til England Edward Russell
Flagget til Den nederlandske republikken Philips van Almonde
Styrkar
70 til 80 segl
44 linjeskip
samt hjelpeskip
over 120 segl
82 linjeskip
samt hjelpeskip
Tap
Barfleur: ingen skip tapt
mange skadde
1700 døde eller skadde[2]

Cherbourg: 3 skip i brann
La Hogue: 12 skip i brann

Barfleur: ingen skip tapt
mange skadde
2 000 døde,
3 000 skadde[2]


Cherbourg: mindre tap
La Hogue: mindre tap

Dei to tilknytte sjøslaga ved Barfleur og La Hogue fann stad mellom 29. mai og 4. juni 1692. Det første slaget fann stad nær Barfleur og det andre ved Cherbourg og Saint-Vaast-la-Hougue ved Cotentinhalvøya i Normandie i Frankrike. Det var eit avgjerande sjøslag i niårskrigen.

I mai 1692 førebudde den franske flåten på 44 linjeskip, kommandert av comte Anne Hilarion de Tourville på å transportere ein invasjonsarme av fransk-irske soldatar for å gjeninnsette Jakob II på den engelske trona. Trass i at han hadde kommando over flåten, skulle dei strategiske avgjerslene takast av Jakob II, François d'Usson de Bonrepaus og Bernardin Gigault de Bellefonds. Den franske sigeren i slaget ved Beachy Head to år tidlegare, i juni 1690, hadde opna opp høvet om å øydeleggje den allierte flåten og setje i land ein invasjonsarme. Tourville sette ut mot den 82 skip sterke engelsk-nederlanske flåten ved Barfleur. Etter ein hard, men uavgjort kamp, var mange av skipa på begge sider øydelagde. Tourville klarte å kome seg unna i tåka og i fleire dagar prøvde han å kome seg unna den større flåten til dei allierte. Den franske flåten vart spreidd, og 15 gjekk tapt, 3 ved Cherbourg og 12 ved La Hougue. Trugselen om ein invasjon av England var derfor over for denne gongen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Kong Ludvig XIV og marineminsteren hans, grev Pontchartrain, planla å setje i land ein arme i England for å ta tilbake trona for Jakob II. Dei plana først invasjonen i april 1692 før den engelske og nederlandske flåten hadde lagt til sjøs og slått seg saman. Det vart samla soldatar ved Saint-Vaast-la-Hougue, og kavaleriet og kanonane vart lasta ombord ved Le Havre. Tourville skulle føre den franske flåten opp frå Brest og ta med seg transportskipa og soldatane, slå den engelske flåten til sjøs og så setje armeen i land i England.

Den franske flåten makta derimot ikkje å samlast i tide. D’Estrees og Toulon-flåten vart slått attende i Gibraltarsundet, og mista to skip i ein storm, og Villette Mursay med Rochefort-skvadronen vart forseinka. Brestflåten til Tourville var underbemanna og då han segla ut den 29. april. vart han tvungen til å forlate 20 skip under Chateau-Renault attende. Flåte hans vart ytterlegare forseinka av dårlege vindforhold og han kom seg ikkje klar av Berteaume-vegane før 2. mai.

Tourville gjekk inn i Kanalen med 37 linjeskip, 7 brannskip, fregattar, speidarar og transportskip. Den 15. mai nådde Villette og Rochefort-skvadronen fram med 7 linjeskip, noko som gav Tourville ein samla flåte på 44 skip, samt 70 til 80 andre seglskip.

Samstundes hadde den allierte flåten samla seg ved St. Helens på Isle of Wight. Delaval nådde fram til St. Helens den 8. mai og dagen etter vart han møtt av Carter. Nederlendarane hadde sendt ein flåte under Almonde frå Texel i april. Ashby segla frå Nore den 27. april. Russell vart forseinka fram til 29. april. Han møtte Almonde ved the Downs og enno ein nederlandsk skvadron ved Dungeness, og nådde St. Helens den andre veka i mai. Den 14. mai hadde Russel ein styrke på over 80 linjeskip, samt hjelpeskip.

Ludvig XIV hadde gjeve Tourville streng ordre om å søkje slag, same kor sterk fienden var (fort au faible) og dette var det han gjorde.

Slaget ved Barfleur[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til slaget nord i Frankrike.

Flåtane fekk auge på kvarandre ved daggry den 29. mai, utanfor Cap Barfleur. Tourville heldt eit krigsråd med offiserane sine, og dei meinte at dei ikkje skulle gå til åtak. Tourville var derimot bunden av dei strenge ordrane frå kongen. Han kan òg ha kanskje ha håpa på at nokre av dei engelske kapteinane hadde sympati med jakobittane og skifta side, men det gjorde ingen av dei. I den lette sørvestlege brisen nærma dei to flåtane seg langsamt. Begge flåtane var i tre skvadronar, kvart delte inn i tre divisjonar og kommandert av ein flaggoffiser.

På grunn av den svake vinden var det først kl 1100, fem timar etter dei fekk auge på kvarandre, at dei to flåtane møttest. Dei neste fem timane bombarderte dei to flåtane kvarandre og påførte kvarandre store skadar.

Slaget varte ut dagen og inn i natta. Kl. 1300 endra vinden seg slik at Shovell kunne bryte den franske linja og nederlendarane starta å kome rundt på sida av den franske fronten. Kl. 1600 vart det derimot heilt stille og tåka seig inn. Kl. 1800 klarte Tourville å nytte tidvatnet til å kome seg litt bort, men kl. 2000 sende Shovell brannskip avstad med same tidvatn.

Kl. 2200 var slaget nesten over. Sjølv om dei fleste skipa på begge sider var skadde, nokre alvorlege, gjekk ingen skip tapt på nokon av sidene. Då tidvatnet snudde, tok Tourville igjen fordelen av dette og vart driven bort frå slaget. Russel skjønte kva som skjedde og følgde etter inn i natta.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Den 30. mai vart den franske tilbaketrekkinga hindra av vind og tidvatn. Fordi den franske marinen ønskte å halde kostnadane nede, mangla mange av dei franske skipa ankre som var sterke nok til å stå imot dei kraftige tidvasstraumane i området. Det var heller ikkje ei trygg hamn i Cherbourg. Tourville prøvde truleg for lenge å redde det flotte flaggskipet sitt, «Soleil Royal», men forstod til slutt at det var håplaust og flytta kommandoen sin over til «Ambitieux», flaggskipet til Villette Mursay.

Forfølging[endre | endre wikiteksten]

Ved daggry den 30. mai var den franske flåten spreidd i fleire grupper over eit stort område. Nord for slagstaden, og vidare nordover, var Gabaret og Langeron, med fire skip mellom seg. Seinare på dagen var dei innom den engelske kysten og la i veg mot Atlanteren. Seinare kom dei trygt fram til Brest. I sør var Nesmond med seks skip og var på veg søraustover mot Normandiekysten. To av desse stranda i St Vaast la Hougue, medan to andre seinare hamna i Le Havre, der «L’Entendu» forliste ved inngangen til hamna. Nesmond drog med dei to gjenverande skipa sine gjennom Doversundet og reiste nord og rundt Storbritannia før han nådde trygt fram til Brest. På veg vestover var hovuddelen av flåten i tre grupper. Villette var først med 15, etterfølgd av d’Amfreville med 12 og Tourville sist med sju.

Philips van Almonde og den nederlandske flåten forfølgde franskmennene, med forskjellige engelske divisjonar spreidd bak seg. Mange av desse hadde store skadar og hamna bakom. Almonde og Ashby nærma seg franskmennene mot slutten av dagen. Russell måtte forlate tre skip. Shovell måtte byte flaggskip på grunn av store skadar på sitt eige.

Den 31. mai ankra den franske flåten opp mot tidvatnet utanfor Cap de la Hague. Etter kvart som vêret forverra seg byrja skipa å dra anker og vart tvungen til å kutte lina og segle av stad. Tre av dei skadde skipa vart stranda ved Cherbourg; medan resten nådde St Vaast la Hougue der dei òg vart stranda.

Kamphandlinga ved Cherbourg[endre | endre wikiteksten]

«Soleil Royal», «Admirable» og «Triomphant» var i så dårleg tilstand at dei måtte strandast ved Cherbourg. Der vart dei øydelagde den 3. juni av Delaval, som gjekk til åtak frå langbåtar og med brannskip.

Kamphandlinga ved La Hogue[endre | endre wikiteksten]

Samstundes hadde Russel vendt seg mot dei gjenverande skipa. Desse hadde søkt tilflukt ved La der dei kunne vernast av landstyrkar og eit batteri. Den 3. og 4. juni gjekk nederlendarane og engelskmennene til åtak med langbåtar. Dei franske mannskapa var no utslitne og motlause. Dei allierte klarte å gå i land og det vart sendt brannskip som brende alle dei tolv franske linjeskipa som hadde søkt ly der. Denne siste handlinga vert i England kalla slaget ved La Hogue.

Avslutning[endre | endre wikiteksten]

Då den franske flåten vart spreidd, enda invasjonasplanane. Etter dette slaget gav Frankrike opp iden om å vere ei stormakt til sjøs og konsentrerte seg heller om krigen på kontinentet.

Ein ser på slaget forskjellig på kvar side av Kanalen. Engelskmennene ser på slaget som eit enkelt slag som varte seks dagar, ofte kalla slaget ved La Hogue, eller berre Hogue. Franskmennene reknar det som fleire forskjellige slag, ved Barfleur, Cherbourg og La Hougue.

Dei franske tapa vart raskt reparerte og sjølv om invasjonsplanane gjekk i vasken klarte Tourville å slå dei allierte ved Lagos året etter.[3]

Involverte skip[endre | endre wikiteksten]

  • England: 56 skip
  • Nederland: 26 skip
  • Totalt for dei allierte: 82 skip, samt hjelpeskip
  • Frankrike: 44 skip, samt hjelpeskip

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis..." [1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. [2]: on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle... Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."
  2. 2,0 2,1 Castex, s. 43
  3. Aubrey f156-160