Slaget om Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

54°N 2°W / 54°N 2°W / 54; -2: Slaget om Storbritannia (engelsk Battle of Britain, tysk Luftschlacht um England) er nemninga på den luftoffensiven som Aksemaktene utkjempa mot Storbritannia sommaren og hausten 1940 . Slaget er den første militære kampanjen som heilt og fullt vart utkjempa med lufttyrkar. På  aksemaktene si side stod Luftwaffe (det tyske luftvåpenet) og ein mindre italiensk kontingent, på Storbritannia si side stod dei britiske Royal Air Force og Fleet Air Arm og ein enkelt canadisk jagarskvadron.

Tyskland sitt mål for offensiven var å skaffa seg luftherredøme over sørlege Storbritannia ved å svekkja RAF sin kampflykommando og gjera mogeleg Operasjon Sjøløve, ein regulær invasjon av Storbritannia over Den engelske kanalen. Namnet på slaget kjem frå ein kjend tale den dåverande britiske statsministeren Winston Churchill heldt i Underhuset: «Det general Weygand kalla slaget om Frankrike, er over. Eg forventar at slaget om Storbritannia er nær ved å byrja …».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Skandinavisk
  • Davies, Norman. Europa i krig 1939-1945: Ingen enkel siger, Gyldendal, Oslo 2007, ISBN 978-82-05-38330-2
  • Tamelander, Michael. Slaget om Västeuropa: flygkrig, strategi och politik sommaren 1940. Historiska Media (2005), ISBN 91-85377-41-4