Slaget i Hjørungavåg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget i Hjørungavåg stod i 986. Håkon Sigurdsson Ladejarl slo Bue Digre og jomsvikingane. Hjørungavåg er ei bygd i Hareid kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. I Hjørungavåg er det sett opp eit monument til minne om slaget. Monumentet syner baugane til fire vikingskip som reiser seg mot kvarandre. Monumentet er laga av kunstnaren Einar Magne Flø.
Somme hevdar at slaget fann stad i Hjørundfjord.
I etterraksten etter slaget skal det ha vorte sagt: «Enno er ikkje alle jomsvikingar daude!». Slaget er skildra av Snorre Sturlason i dei norske kongesogene, Heimskringla.
Litteratur [endre]
- Lunden, Kåre (1986): «Slaget ved Hjørungavåg : dikting, historie, nasjonal myte,» i Middelalderforum, 1986, nr. 3/4, s. 86-96
- [1] John Megaard, "Hvor sto 'Slaget i Hjörungavágr'?: Jomsvikingeberetningens stedsnavn og Sæmundr fróði", Alvíssmál 9 (1999): 29–54 (English summary, p. 54).