Slaget på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget på Fitjar
Del av avsettingskrigen mot Håkon den gode
Dato Om lag 961
Stad Fitjar i Hordaland
Krigsårsak Maktkamp om Noreg
Resultat Håkon I fekk banesåret han seinare døydde av. Harald Gråfell vart den nye kongen i Noreg.
Partar
Eirikssønene med dansk støtte Håkon I av Noreg og hirda hans.
Kommandantar
Harald Gråfell, den eldste av sønene Håkon I
Styrkar
Det er sagt at det var «seks mann mot ein» og hovudsakleg danskar. Det eksakte talet er ukjend. Hirda til kongen, samt nokre håløygar og holmryger frå nordover med bønder på Fitjar og omkring. Det eksakte talet er ukjend.


Slaget på Fitjar var det siste slaget i ein krig mellom Eirikssønene, som etterfølgde far sin Eirik Blodøks, og onkelen deira Håkon I, òg kalla Håkon den gode, om makta over Noreg. Det var dessutan ein kamp mellom Noreg og Danmark om herredøme over Viken (Oslofjordsområdet).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter Slaget på Rastarkalv på Freineset vende dei gjenverande Eirikssønene tilbake til Danmark der dei samla ny støtte frå deira morbror Harald Blåtann, konge av Danmark etter sin far Gorm den gamle, i åra framover.

Først ved omkring 961 drog ein stor flåte under leiing av Eirikssønene frå Danmark til Vestlandet i Noreg og denne gongen visste dei at Håkon I berre hadde reist med hirda si til Fitjar. I lag med hirden sin hadde Håkon mange bønder som gjester, men medan kongen sat ved dugursbordet oppdaga vaktmennene hans at det kom skip seglande opp frå sør. Ingen av dei turde å sei frå til kongen at dei trudde det kom ein hær til gards, for dette kunne dei verte straffa hardt for. Dei meinte likevel at han måtte få meldinga og ein av dei bad Øyvind Finnson om å kome med dei ut. Øyvind fekk sjå skipa og såg med ein gong at det var ein stor hær på veg. Han gjekk så rett til kongen og sa:

« Liti er lidande stund, men lang er matmålstundi  »

Kongen såg på han og spurte kva det var og Øyvind svarte:

« Um brynjeting no bed dei, som Blodøks vil hemna med kvasse sverd, og knapp vert kviletid åt oss. Hardt er deg, vår hovding, hêrseg å segja; men di ære visst eg vilde. Lat oss våpni dei gamle taka!  »

Kongen sa så:

« Du er så gjæv ein kar, Øyvind, at du vil ikkje segja hêrsegn, som ikkje er sann  »

Håkon gjekk ut og såg skipa med eigne auge, og rådførte seg så med mennene sine om dei skulle slåst med dei få folka dei hadde, eller om dei skulle gå til skipa og segle nordover. Det var lett å sjå at kongen og mennene hans var undertallige, men Øyvind meinte at det ikkje sømte seg for kongen å legge ut på flukt og kongen svara:

« Mannsleg er dette sagt, og heilt som eg sjølv er huga, men likevel vil eg høyra fleire menn, kva dei segjer um dette.  »

Mennene skjønte kva kongen sjølv ønskte og sa at dei heller ville falle i strid enn rømme frå danane utan kamp. Håkon tok så på seg ringbrynje og spente sverdet «Kvernbit» om seg, sette ein gullhjelm på hovudet og tok spydet i handa. Så stilte han hæren opp i ein enkelt fylking, medan bøndene stilte seg ved sida.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Eirikssønene steig i land med hæren på Fitjar og marsjerte mot den langt mindre kongelege hæren. Kong Håkon tok så av seg ringbrynja for å eggje opp og setje mot i mennene sine, vise mot og vilje til å sigre eller døy. Ved å bruke hirden i tillegg til bondehæren håpa han å kunne gje motstandarane eit overraskande motåtak og slå ordenen deira i stykke.

I følgje skalden Øyvind Skaldespille sitt kvad kalla Håkonarmål:

« Bjørns bror fann dei, brynjekledd sto han, den heilage kongen, komen under kampfanen, spyda seg senka, sigersmerket ristar, så i gang kom kampen.
Han ropte til håløygar og til holmryger, jarlers banemann gjekk til striden, godt følgje av nordmenn fulgte den gavmilde, øydaners skrekk stod under eirhjelm.
Han reiv av seg hærkleda, heiv brynja i bakken, hirdmenns herre, før til hogg han tok, leikte med mennene, landet vil han verge, gladlynte kongen stod under gullhjelmen.
 »

Kongen var, som far sin, flink til å plukke ut mennene sine etter styrke og manndom. Torolv Skolmson, den sterke, stod ved sida av kongen med hjelm, skjold, spyd og eit sverd kalla «Fetbreid» (som i «ein fot brei»). Tord Sjåreksson dikta ei dråpe om Torolv:

« Dei brynjeklædde bausar bardest med våpni kvasse fram gjekk hêren med harde hogg på Stord i Fitjar,
og nærast nordmanna-kongen den namnfræge torde ganga.
 »

I det signalet kom gjekk den kongelege hæren med stor kraft inn i storhæren.

Øyvind Skaldespille:

« Så beit då sverdet i stridsmanns hand gjennom Odins krigsklede som i klårt vatn, brodder brakte, broten vart skjolda, klinger skrangla mot hærmenns skallar.
Gullringers gud gjekk over skjolda og nordmenns hauser med harde sverdføtter, det var kamprop på øya, kongene raudfarga skinande skjoldborg i stridsmenns blod.
 »

Kong Håkon var lett å kjenne igjen med gullhjelmen som blinka i sollyset og mange våpen var derfor retta mot han. Øyvind Finnson tok derfor å dekka til hjelmen Då ropa Øyvind Skrøyja høgt: «Gøymer nordmannakongen seg no eller er han rømd? Kor er gullhjelmen?» Øyvind og broren, Alv Askmann, hogg seg så framover mot kongen. Kong Håkon ropte: «Hald fram som du stevner, om du vil finna nordmannakongen!». Øyvind Skaldespille:

« Hovdingen, hardt med gullet, men holl mot mennerne sine, ei bad han Skrøya skulde skrida frå leidi han stemnde
Vil du, på siger søkin, sjølve føraren finna, styr då hit di stemne strakt mot nordmanna-kongen!
 »

Øyvind og bror hans nådde fram etter ei hard tørn og prøvde å hogge ned kongen då Toralv kom til med skjoldet sitt. Med skjoldet til Toralv slått til side av hogget mot kongen greip kongen sverdet sitt Kvernbit med begge hender og hogg til. Etter Øyvind var blitt kløyva i hovud og hals til akslene, felte Toralv ned Alv. Øyvind Skaldespille:

« Eg veit, at branden (sverdet) beitte i båe kongens hender beit den fåhæve (lite dugande) flengjar, som fram i svermen styrmde
Danaherjaren drughendt dåttleg på vikingen kløyvde hovudet ned til herdar (akslene) med hogg av gullhjalta sverdblad.
 »

Tvekampen var vendepunktet. Motet byrja å forlate krigarane i den danske hæren og dei byrja å løyse seg opp i uorden. Dei la seg dermed opne for brutale hogg av den norske hæren som dreiv dei til strendene der skipa låg. Desse vart forfølgde av Håkon I som med slagplanen sin hadde lukkast, men då sigeren var så godt som sikra kom ein bogeskyttar fram og ropte ut: «Gje rom åt kongens banemann!» Ei pil råka armen til kongen nedanfor aksla. Det var ein flein, ein pilspiss med mothakar, som reiv opp såret då han vart teken ut. I følgje soga skal enkelte ha sagt at det var Gunnhild sin skosvein Kisping, som var denne banemannen, medan andre meinte at ingen veit kven som skaut. Eirikssønene og mennene deira rømde til båtane sine og rodde bort. Tord Sjåreksson:

« Vargtynaren varde vidt fremst i fyklingi landa, folk fekk ikkje lov å eldast
Ufred kom upp, då Eiriks erving sunnanfrå landa; ringbrjotaren rømde, men rådsterke gram var fallen
Det tedde seg dei var trotna då på toftene folki seg sette; ein etter annan andast ved årane, der dei stræva
Ovmann visst laut han vera, vågall og dugande hermann, hans som gav Hugin å drikka, gjekk Håkon næmast i striden.
 »

Etterspelet[endre | endre wikiteksten]

Nordmennene vann slaget, men prisen viste seg å vere høg. Såret i kong Håkon sin arm gav stort blodtap då kongen vart ført heim til garden sin på Alrekstad på langskipet sitt. Men såret vart verre då det gjekk verk i det slik at dei måtte stoppe langs vegen. Dei gjekk i land ved Håkonshella der han var fødd. På den staden der han var komen til verda forlét han henne.

Like før han døydde bad kong Håkon i følgje Snorre Sturlasson om at nordmennene skulle akseptere Eirikssønene som sin etterfølgar til kongemakta i Noreg og på den måten avslutte krigen. Året etter kom Eirikssønene til Noreg i 962 saman med Danmark sin konge, Harald Blåtann, i spissen for ein veldig hær. Av Eirikssønene vart Harald Gråfell konge over Vestlandet no underlagd dansk overherredøme då Harald Blåtann lét seg hylle som konge og drog heim.

Harald Gråfell vart gjeven råderett over Norskekysten og kom sidan i strid med Sigurd Ladejarl eit par år seinare, ikkje minst fordi Harald hadde drege på eit sjøtokt nordover heilt til Kvitsjøen og såleis trengt seg inn på Ladeætta sine interesseområde. Det førde til åtaket på ladejarlen i Stjørdalen. Etter drapet på ladejarlen var heile Nordvegen frå Lindesnes i sør for første gong underlagt ei kongemakt.

Håkon lét nokre av mennene sine vere igjen på Fitjar for å gravleggje dei falne. Skikken i dei dagar var at fienden skulle gravleggjast så langt borte som mogeleg frå kongsgarden. Kongen åtte ein del av Fitjarøyane, og øya som låg lengst borte var Risøya. Her kan ein framleis sjå restane etter gravfeltet. Kongen sine menn vart gravlagde nærare kongsgarden, på Skumnes, der det vart reist bautasteiner for dei falne.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravfelt etter slaget på Fitjar. Vitja 17. oktober 2007.