Slaget på Katalaunarmarka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slaget på Katalaunarmarka (Nærleiken av Chalons-sur-Marne), vart utkjempa i 451 mellom hunarane og deira undergjevne på den eine sida og romarane med deira undergjevne på den andre sida. Slaget er rekna som endepunktet for den huniske frammarsjen i Europa.

I slaget fall det (etter Jordanes) om lag 165 000 mann på båe sider.

Slaget er mint hjå Jordanes, som har gjeve ei grundig skildring av det. På den eine sida stod hunarane, gepidane, austgotarane og herulane, medan frankar, vestgotarar og alanar slost under romersk kommando. Attåt hovudstyrkane var det og med grupper av sarmatar, saksarar, burgundarar og ulike keltiske stammer, mellom anna frå Aremorika på romersk side.

I dette slaget fall den vestgotiske kongen Theodorid, og det var nære på at hunarane leid tap. Soga fortel at den romerske hærhovdingen Aetius stogga slaget før vestgotarane vann mot hunarane på eiga hand. Attila rekna det som visst at han kunne misse livet i slaget, og budde seg på å falle, men kom unna med dei fleste folka sine. Han døydde sjølv to år seinare.

Alt i alt enda slaget meir eller mindre uavgjort, men hadde avgjerande tyding for Vestromarriket. Aetius vart drepen etter ordre frå keisaren etter slaget, og dette bana vegen for vandalherjinga av roma i 455.

Skildringa til Jordanes[endre | endre wikiteksten]

Jordanes skildra slaget slik:

«Dei møttest på dei Katalauniske markene, som fyrr er sagt. Upp yver sletta lyfter det seg ein haug, med jamnt hall; denne haugen vilde båe herane taka, for det var eit framifrå støde uppå der. Den høgre sida tok hunane med sine folk, på vinstre sette romarane og vesegotane seg fast med hjelpetroppane sine; men sjølve toppen vart liggjande fri, om um den losna slaget.

På høgre vengen stod Theodorid med vesegotane, på vinstre Aetius med romarane; i midfylkingi sette dei Sangiban, alanhovdingen... dei leit mindre på truskapen hans, difor var dei varlege på hermanns vis og sette han midt i flokken av fulltrugne... beint imot stod hunane; dei var soleis fylkte, at Attila stod i midten med sine djervaste menn; kongen tenkte helst på sjølveseg med denne fylkingsmåten, so han skulde vera utanfor all trugande fåre når han stod midt i âlflokken av folket sitt. Men på vengene stod mange ulike folkeslag som han hadde lagt under sitt velde. Mellom dei var det særleg ostrogoteheren som merkte seg ut, under brørne Valamir, Thiudimer og Vidimer; dei var jamvel meir høgborne emm sjølve kongen dei tente under då, for dei var stokne or den mektige og strålande amalætti. Der stod den namnfræge gepidekongen Ardarik òg, i den uteljande flokken sin, han som var so trugen at Attila tok honom med på rådsmøti sine; den gløggsynte kongen sette honom og ostrogotekongen Valamir yver alle hine hovdingane.... So byrja då striden, um det gode stødet me nemnde. Attila sende fram folket sitt til å taka toppen av haugen; men Torismud og Aetius var honom for snare; dei arbeidde seg uppetter kollen og nådde toppen fyrst; dermed var dei ovenpå og kasta lett hunane ned att då dei kom.»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Jordanes - Gotesoga, kap. 38-41.