Slaget ved Almenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Almenar
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Derrota-i-humillacion borbonica-en-almenar-27-7-1710-cataluña.jpg
Dato 27. juli 1710
Stad Åsane i Almenar, nær Balaguer (Catalonia) i Spania
Resultat Alliert siger
Partar
Flagget til Spania Spania Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg Austerrike
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flagget til Spania Francisco de Villadarias Flagget til Habsburgmonarkiet Guido Starhemberg
Det britiske flagget Lord Stanhope
Styrkar
22 000[1] 24 000[1]
Tap
1 000 døde
3 000 krigsfangar
400 døde

Slaget ved Almenar fann stad den 27. juli 1710 under den spanske arvefølgjekrigen, mellom soldatane til Filip V og erkehertug Karl av Austerrike. Armeen til Filip V vart slått og tvungen til å trekkje seg ut av Catalonia og samlast saman på ny på andre sida av Ebro.


Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Våren 1710 hadde den spanske armeen gått inn i Catalonia frå Aragón og kryssa elva Segre den 15. mars. Den 3. mai slo Filip V, den bourbonske kandidaten til trona, seg saman med armeen.

Den motståande armeen, som bestod av austerrikske, britiske og nederlandske soldatar, fekk med seg erkehertug Karl av Austerrike, den habsburgske kandidaten, i juni.

I juli fekk general Guido Starhemberg forsterkingar og valte å gå til åtak. Han kryssa elva Noguera og sett opp stillingar i høgdene i Almenar.

Stanhope kryssa så Segre ved Balaguer (nord for Lerida) og marsjerte mot brua ved Alfarras, og kryssa denne den 27. juli.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Villadarias opna slaget med eit kavaleriåtak som først var ein suksess, men initiativet var bortkasta då dei forfølgde flyktande fiendar. Det britiske infanteriet gjekk så til åtak på venstreflanken, som flykta, og tok den andre linja i tillegg. Austerrikarane gjekk så til åtak og øydela høgreflanken, der Filip V risikerte livet sitt og nesten vart teken til fange av dei allierte.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dei spanske soldatane måtte forlate Catalonia og trekkje seg attende til Aragón, der slaget ved Saragossa fann stad den 20. august.

Villadarias vart fjerna som kommandant og erstatta av marki de Bay.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lynn, s. 339