Slaget ved Cabritaneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Cabritaneset
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 21. mars 1705
Stad Marbella i Spania
Resultat Britisk-portugisisk-nederlandsk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flagget til Spania kongedømet Spania
Kommandantar
John Leake Jean-Bernard de Pointis
Styrkar
35 skip 18 skip
Tap
Ukjend 3 skips kapra
2 skips brend
London Gazette, frå 14-17. mai 1705 med detaljar om heimkomsten til Leake frå Gibraltar etter slaget.

Slaget ved Cabrita Point, vanlegvis kalla Slaget ved Marbella, var eit sjøslag som fann stad medan ein samla spansk-fransk styrke omleira Gibraltar den 10. mars 1705 under den spanske arvefølgjekrigen.

Slaget vart ein siger for dei allierte (England, Dei sameinte Nederlanda og Portugal), som effektivt enda den fransk-spanske omleiringa av Gibraltar.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Dei allierte hadde erobra Gibraltar på vegne av erkehertug Karl av Habsburg den 1. august 1704. Spanjolane kringsette byen frå land, og det same året hadde franskmennene mislukkast i å angripe frå sjøen i slaget ved Vélez-Málaga.

I januar 1705 var Filip V av Spania fast avgjort på å gjenerobre byen og fekk Villadarias erstatat av marskalk de Tessé. Tessé innsåg at Gibraltar aldri kunne takast attende så lenge dei allierte hadde tilkomst til byen frå sjøen. Han gav derfor ordre til admiral Pointis om å blokkere staden til sjøs med ein skvadron på 18 linjeskip. Somme av desse skipa var spanske under José Fernández de Santillán. Gibraltar var ikkje ei permanent hamn enno for den engelske flåten, som låg oppankra i Lisboa på denne tida.

Kommandanten i Gibraltar, prins Georg av Hessen-Darmstadt, sendte ei hastemelding til Lisboa, og ønskte at Sir John Leake skulle kome med støtte til sjøs. Admiralen sette med ein gong segl med fem linjeskip og soldatar. Morgonen den 10. mars hadde han ein skvadron på 23 engelske, åtte portugisiske skip av forskjellig storleik og fire nederlandske.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Admiral Leake nådde Gibraltar og fann fem franske skip som segla ut av bukta. Leake hadde alle fordelar og pressa inn eit åtak med fart og vigør. I ei rask og dyktig handling nær Cabritaneset, 15 km sørvest for Marbella, tok nederlandarane to franske skip, Leake eit tredje. Pointis hadde ikkje noko anna val enn å renne dei to gjenverande skipa på land og setje dei i brann for å unngå at dei vart kapra.[1]

Dei gjenverande skipa i den franske skvadronen hadde blese bort frå ankerfesta sine av kraftig vind og søkt ly i bukta ved Malaga, men no kasta dei loss og gav seg i veg mot Toulon.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Marskalk de Tessé, som følgje av denne katastrofen, omgjorde omleiringa av Gibraltar til ein blokade, og trekte ut størstedelen av styrkane sine den 31. mars. Pointis pensjonerte seg frå aktiv teneste etter dette slaget.

Leake hadde ikkje berre teken ein merkverdig siger, men òg redda Gibraltar frå åtak, noko som auka det allereie gode ryktet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Hills. Rock of Contention: A History of Gibraltar. s. 198.