Slaget ved Calcinato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Calcinato
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Jean Baptiste Martin Schlacht bei Calcinato 1706.jpg
Slaget ved Calcinato av Jean Baptiste Martin Schlacht.
Dato 19. april 1706
Stad nær Calcinato, dagens Italia
Resultat Fransk-spansk siger
Partar
Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg Austerrike
Kommandantar
Hertugen av Vendôme Christian Detlev Reventlow
Styrkar
41 000[1] 19 000[1]
Tap
500 døde eller skadde 6 000 døde eller skadde[1]

Slaget ved Calcinato var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen utkjempa den 19. april 1706 nær Calcinato i Italia mellom styrkane til Frankrike og Spania og styrkane til Austerrike. Det enda med siger for dei fransk-spanske styrkane til marskalk Vendôme.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I italia hadde felttoget i1 706, som før, to delar. Striden om Piemonte og striden mellom dei franske styrkane i Lombardia og den andre armeen til austerrikarane, som prøvde å slå seg saman med armeen til Victor Amadeus og Starhemberg i Piemonte. Sistnemnde vart driven attende av Vendôme ved Cassano, og trekt seg attende til Brescia og Gardasjøen, Vendôme følgde opp og slo vinterleir kring Castiglione og Mantova.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

I april 1706 hadde Vendôme nytta at Eugene var borte, og gått til åtak på den austerrikske leiren ved Montechiaro–Calcinato. Målet hans var å marsjere gjennom natta og overraske stillinga ved Ponte San Marco lengst til deira venstre, men då dagen kom merka han seg at han kunne gje den fiendtlege venstreflanken kamp ved Calcinato før høgreflanken ved Montichiari kunne nå fram. Då han nådde fram braut forsvaret fullstendig saman og han dreiv den austerrikske armeen opp i fjella, der Eugene hadde store vanskar med å samle dei att.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Vendôme vart sendt til Flandern etter eit knusande nederlag der i slaget ved Ramillies. Som følgje av den katastrofale omleiringa av Torino vart den franske stillinga i Italia brått dårleg, og mot slutten av året hadde alle dei franske styrkane vorte drivne ut av Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lynn, s. 309