Slaget ved Camaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åtaket på Brest
Slaget ved Camaret
Del av niårskrigen
Plan of the Attack of Camaret Bay.jpg
Engelsk planteikning over slaget ved Camaret
Dato 18. juni 1694
Stad Brest, Frankrike
Resultat Fransk siger
Partar
Flag of England.svg England,
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Thomas Tollemache,
Markgreven av Carmarthen
Vauban
Styrkar
10 000-12 000 mann
36 linjeskip
12 bombefartøy
80 transportskip[2]
Fleire hundre
Tap
1 linjeskip,[3]
2 andre skip,
800 drepne eller skadde i landgangen,
400 drepne på krigsskipa,
466 tekne til fange[4]
45 skadde[4]

Slaget ved Camaret vart ein amfibisk landgang ved Camaretbukta den 18. juni 1694 av engelskmennene og nederlendarane i eit forsøk på å erobre den franske hamnebyen Brest og øydelegge delar av den franske flåten stasjonert der, som del av niårskrigen. Dette var einaste gongen Vauban var feltkommandant og han klarte å slå attende åtaket.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I slutten av 1694 valte Ludvig XIV å ta kampen til Middelhavet og Spania. Med mål om å støtte Maréchal de Noailles i å erobre Barcelona og tvinge Spania til ein fredsavtale, segla Tourville ut frå Brest den 24. april med 71 linjeskip og skvadronen til Chateaurenault følgde han den 7. mai.[4] Engelskmennene og nederlendarane vart informert om dette og planla å ta Brest, og tenkte det ville bli enkelt då flåten til Tourville ikkje var der. Dei ønskte å gå i land med ein styrke på 7 000 til 8 000 mann.

Etter sigeren til Tourville i Lagos i 1693, hadde Vilhelm III av England sendt eit tokt for å gjere hemn mot Saint-Malo og planla andre liknande operasjonar mot andre franske hamnebyar.[5] Ludvig XIV fekk derimot nyss i åtaket mot Brest frå spionane sine og gjorde Vauban til kommandant for Brest og dei fire bretonske bispedøma frå Concarneau til Saint-Brieuc.[6]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Det vart samla ein flåte i Portsmouth kommandert av Admiral Berkeley, som bestod av 36 krigsskip, 12 brannskip og 40 transportskip, som førte ein invasjonsarme på 10 000 soldatar kommandert av general Thomas Tollemache.

Vauban starta raskt å organisere forsvaret av byen og kysten kring. Dårleg vêr gjorde at den engelske flåten måtte vente i hamna i ein månad og gav franskmennene nok tid til å førebu ei varm mottaking.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den engelsk-nederlandske flåten (på 36 linjeskip, 12 bombefartøy, 80 transportskip og kring 8 000 soldatar) under Berkeley sette omsider av stad og Vauban fekk meldingar om dette kvelden 17. juni om at flåten var i Mer d'Iroise. Flåten ankra opp halvvegs mellom Bertheaume og le Toulinguet nær Camaretbukta, nær innsiglinga til hamna i Brest. Kontreadmiral markien av Carmarthen nærma seg kysten for å sjekke dei franske stillingane og mogelege landgangsstader. Då han kom attende kunne han rapportere om at forsvaret var formidabelt. Men Berkeley og Talmash mistenkte at han hadde overdrive og valte å gå til åtak morgonen etter.

Det låg ei tjukk tåke over denne delen av Bretagne morgonen den 18. juni, og engelskmennene måtte utsette åtaket. Dette hjelpte franskmennene då eit nytt kavalerikorps nådde fram til Châteaulin. Kl. 1100 letta tåka og Carmarthen rykte fram med åtte skip for å angripe Tour de Camaret og verne 200 langbåtar lasta med soldatar på veg mot stranda ved Trez-Rouz. Tour de Camaret bombarderte dei allierte og to skip vart sett i brann, medan mange andre vart skadde. Samstundes gjekk Tollemache i land på stranda ved Trez-Rouz med 1300 mann, inkludert franske hugenottar, og vart møtt med kraftig eld. Tollemache vart ført attende til skvadronen av ein av dei få langbåtane som framleis var flytande. Det franske mottåtaket dreiv fienden attende til sjøs, og soldatane som var gått i land kunne ikkje dra ut sidan det låge tidvatnet gjorde at langbåtane låg på land. Berre ti av desse båtane klarte å kome seg attende til resten av den engelske flåten.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dei engelske tapa var store. 800 soldatar på land vart drepne eller skadde, 400 på linjeskipa og 466 vart tekne til fange, inkludert 16 offiserar. Etter den tid vart landgangsstranda, som var farga raud av blod, kalla Trez Rouz (den raude stranda).

Talmash døydde av skadane han pådrog seg på veg attende til Plymouth. Den engelsk-nederlandske flåten segla opp Den engelske kanalen og bombarderte hamner som Dieppe og Le Havre som hemn. Le Havre vart alvorleg skadd i eit fem dagar langt bombardement, frå 26. til 31. juli 1694. I september gjekk den same flåten til åtak på Dunkerque og Calais, men på grunn av dei sterke festningane her, fekk dei berre mindre skadar.[7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Camaret

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."
  2. Ernest Lavisse, Louis XIV : histoire d'un grand règne, 1643-1715, Robert Laffont, Paris, 1908 (reiss. 1989), 1222 s. (ISBN 2-221-05502-0), s. 767
  3. Ernest Lavisse, op. cit., s.768
  4. 4,0 4,1 4,2 Levot, Prosper (1865) (på fransk). Histoire de la ville eit du port de Brest. Volume 2 - Le port depuis 1681. Brest. ss. 387. 
  5. Pujo, Bernard (1991). Albin Michel. ed (på fransk). Vauban. Paris. ss. 374. ISBN 222605250X. 
  6. Blanchard, Anne (2007) [1996] (på fransk). Vauban. Paris: Fayard. ss. 686. ISBN 2213634106. 
  7. Anne Blanchard, op. cit., s.335