Slaget ved Campo Santo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Campo Santo
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen

Dato 8. februar 1743
Stad Camposanto i Italia
Resultat Avgjerande spansk pyrrhossiger
Partar
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Kongedømet Napoli
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Kongedømet Sardinia Sardinia
Kommandantar
Det spanske riket 1701-1748 Comte de Gages Det tysk-romerske riket 1400-1806 Graf von Traun
Kongedømet Sardinia Grev Aspremont
Styrkar
11 400 infanteristar
2600 kavaleristar
12 kanonar
9000 infanteristar
3000 kavaleristar
25 kanonar
Tap
~4000 døde eller skadde ~2000 døde eller skadde
Feltog i den austerrikske arvefølgjekrigen i Italia
Campo SantoVillafrancaCasteldelfinoVelletriMadonna dell'OlmoBassignanoPiacenzaRottofreddo - Assietta

Slaget ved Campo Santo vart utkjempa den 8. februar 1743 mellom Spania og Austerrike. Kampane mellom spanjolane og deira napolitanske allierte mot austerrikarane og deira sardinske allierte under feltmarskalk Traun ved Panaro kom til ein stillstand. Spanjolane hadde fått store tap, men då mørket senka seg gav Traun ordre om retrett, og de Gauge trekte seg tilbake til andre sida av elva, i staden for å følgje etter.

Manøvrar i forkant[endre | endre wikiteksten]

I januar 1743 låg den spanske armeen under General De Gages med 13 000 mann ved Bologna, sør for Panaro. Grev Traun sin austerrikske og piemontisk-sardinske armé på 11 000 mann låg nord for elva og blokkerte De Gages sine forsøk på å krysse barrièren. Traun ønskte manøvrering som forsvar for å unngå eit ope slag mot motstandaren, men uroa i Madrid var meir av politisk enn strategisk art. Dei trengde ein siger og Filip V av Spania og dronninga hans Elizabeth Farnese kravde at De Gages skulle gå til åtak eller tre av frå stillinga si. Som følgje av dette forlet De Gages Bolonga natt til 3. februar og klarte å ta armeen over Panaro og inn i hertugdømet Modena for å møte Traun i eit endeleg slag.

Heldigvis for De Gages let marskalk Traun han gjere dette. Traun var klar over kritikken retta mot han i Wien, der motstandarane hans prøvde å ta frå han kommandoen, samt at den nylege spanske erobringa av Savoie kunne få kongen av Sardinia til å forhandle med den spanske krona. Marskalken tenkte som så at ein siger ville dempe oppstyret og få Austerrike sine allierte til å tenke seg om to gonger før dei gjekk til forhandlingar. Han samla armeen sin saman og Traun flytta seg for å stille seg i vegen for De Gages og hindre han i å gå lenger inn i Modena. Dei to armeane møtte kvarandre ved landsbyen Campo Santo.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Om morgonen på dagen då slaget stod trekte De Gages armeen sin til utkanten av landsbyen og sette opp ein tradisjonell formasjon med infanteriet i midten og kavaleriet på flankane. Traun sett òg hæren sin opp på liknande måte, men sidan han hadde litt færre soldatar gambla han med ein uortodoks strategi. I staden for å setje opp linja direkte ovanfor spanjolane, flytta han troppane sine mot nordvest, som gjorde at senteret i infanteriet til Traun var direkte ovanfor gapet mellom infanteriet og kavaleriet på høgrevingen til Gages. Sjølv om dette gjorde at Traun ville vere meir mannsterke på denne sida av vingen, samt utføre eit flankeåtak på den spanske høgreflanken, ville hans eigen høgreflanke vere utsett for eit spansk flankeåtak. Det virkar som om at marskalken håpte på at troppane på høgreflanken skulle forseinke spanjolane lenge nok til at han klarte å ta den spanske høgreflanken.

De Gages valde å sette i gang åtaket kl. 16 på ettermiddagen, noko som berre gav eit par timar med dagslys til å utkjempe slaget i. Spanjolane fekk ein god start på begge flankane og kavaleriet deira dreiv bort det austerriksk-piemontiske kavaleriet, og gav grev Aspremont banesår i prosessen. Dette gjorde det austerrikske infanteriet sårbart. I staden for å samle kavaleriet til eit åtak mot infanteriet, jaga spanjolane dei bort frå slagmarka. Traun stabiliserte venstreflanken og førte infanteriet sitt inn i åtaket mot spajolane. Samstundes omgrupperte grev Schulenberg det austerrikske kavaleriet på den austerrikske høgreflanken, og sette i gang eit motåtak mot det spanske kavaleriet. På den andre flanken førte general Leutram, erstattaren til Aspremont, framover, men gjorde retrett då åtaket berre var halvhjarta. På dette stadiet fann Traun ut at det ville vere klokare å trekke seg tilbake enn å prøve å avslutte slaget mot spanjolane. Då skumringa fall hadde begge armeane trekt seg tilbake frå slagmarka, og spanjolane gjekk over Panoro igjen mot Bologna.

Tapa i slaget var om lag 4000 mann for Spania, som var om lag 30 % av armeen deira, medan dei austerriksk-piemontiske armeen mista om lag 2000 mann. To av hestane Traun sat på hadde vorte skotne under slaget medan han reid dei.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

De Gages trekte seg tilbake til Bologna, men 26. mars vart han tvungen i retrett til Rimini. Trass i dette vart slaget i det store og heile rekna som ein siger i Madrid, og de Gages vart æra med ein sigerstittel: greve av Campo Santo. Etter slaget, lovde Frankrike si støtte til Spania, men så langt hadde Traun no redda Nord-italia for Maria Teresia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]