Slaget ved Cap de la Roque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Cap de la Roque
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Coetlogon.jpg
Slaget ved the Cap de la Roque (1803).
Dato 22. mai 1703
Stad Cabo da Roca, Portugal
region:PT 38°46′47.00″N 9°31′31.00″W
Resultat Fransk pyrrhossiger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Alain Emmanuel de Coëtlogon Roemer Vlacq

Slaget ved Cap de la Roque var eit sjøslag som fann stad den 22. mai 1703 mellom ein nederlandsk konvoi eskortert av kaptein Roemer Vlack og ein fransk skvadron under Alain Emmanuel de Coëtlogon, under den spanske arvefølgjekrigen.

Under denne krigen kunne ikkje den franske og spanske flåten møte den engelske og nederlandske i eit ope sjøslag og hadde derfor byta til kaperverksemd. Dei allierte vart derfor tvungen til å verne handelskonvoiane sine.

Den 21. mai 1703 segla ein stor handelsflåte som hovudsaleg bestod av 110 engelske nederlandske skip som hovudsakleg transporterte salt, men òg vin og sukker, ut frå Lisboa mot England. Det var fem nederlandske skip som eskorterte dei: linjeskipa «Muiderberg» (50 kanonar), «Gaesterland» (46) og «Schermer» (?) og fregattane «Rotterdam» (34) og «Rozendaal» (36) kommandert av kaptein Roemer Vlacq om bord på «Muiderberg».

Dagen etter, nær Cabo da Roca (fransk Cap de la Roque) møtte dei skvadronen til Coëtlogon som ebstod av fem større krigsskip: «Vainqueur» (88), «Monarque» (86 til 94), «Éole» (64), «Orgueilleux» (80) pg «Couronne» (82).

Vlack, som etter å ha signaliserte til handelsskipa om å redde seg sjølv, sette opp skipa sine i linje for å verne flåten og møte franskmennene. Nederlendarane kjempa tappert, men franskmennene vart for sterke og skip etter skip måtte kapitulere.

Vlack og «Muiderberg» kjempa til om lag halve mannskapet var døde eller skadde. Vlack mista ein arm og delar av skuldra sii, men han overgav seg først når hovudmasta kom ned og skipet var nær ved å søkke. Dei overlevande vart evakuerte og det som var att av «Muiderberg» brann og sokk.

Takket vere ofringa til Vlacq, kom konvoien seg bort intakt, slik at det nederlandske nederlaget hadde liten innverknad for dei allierte.

Vlacq, mennene hans og fire skip vart tekne til Toulon, der Vlacq døydde av skadane han fekk den 17. juli 1703.

Alternativt namn[endre | endre wikiteksten]

Slaget vert stundom kalla «Slaget i Biscayabukta», men dette er ikkje geografisk korrekt, sidan Cabo da Roca ligg i den sørlege delen av Portugal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]