Slaget ved Castiglione i 1706

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Castiglione
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 8. september 1706
Stad Castiglione delle Stiviere, dagens Italia
Resultat Fransk siger
Partar
Flagget til Hessen Hessen-Kassel Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Fredrik I av Hessen-Kassel Jacques Eléonor Rouxel de Grancey, greve av Médavy
Styrkar
23 000
Tap
8 000 døde, skadde eller tekne til fange

Slaget ved Castiglione fann stad den 8. september 1706 i den spanske arvefølgjekrigen. Ein fransk arme slo ein hessisk arme som omleira Castiglione delle Stiviere.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Sidan mai 1706 hadde ein fransk arme på 48 000 mann under Louis d'Aubusson de la Feuillade kringsett hovudstaden i hertugdømet Savoie, Torino, medan ein annan arme på 44 000 mann under Louis Joseph de Bourbon, duc de Vendôme hindra austerrikarane frå å forlate Gardasjøen. Vendôme vart derimot kalla attende til Flandern for å gjenopprette orden der etter tapet i slaget ved Ramillies, og overlet kommandoen til den uerfarne hertugen av Orléans. Eugene av Savoie utnytta situasjonen og storma til Torino, og tvinga Orléans til å dele styrkane sine. Han forlet 23 000 mann under greven av Médavy nær Adige i tilfelle det skulle dukke opp allierte forsterkingar frå andre sida av Alpane.

Og det var det som skjedde. Ein hessisk arme under kronprinsen av Hessen-Kassel, den framtidige kong Fredrik I av Sverige, kryssa Alpane og kringsette Castiglione. Her gjekk Médavy til åtak og vann ein total siger. Hessarane tapte 8 000 mann som anten vart drepne, skadde eller sakna.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dette nederlaget var eit tilbakeslag for dei allierte som hadde vunne slaget ved Torino dagen før og jaga franskmennene ut av Milano og Savoie. No hadde derimot Médavy kontroll over Cremona og Mantova, og blokkerte kommunikasjonslinjene til austerrikarane gjennom passa i Alpane. Andre franske soldatar heldt framleis viktige byar sentralt i Italia, og det var derfor ikkje mogeleg å slå seg saman med dei 8 000 spanske soldatane i Napoli.

Dei allierte var delte i korleis dei skulle halde fram. Dei maritime maktene ønskte å forfølgje dei flyktande franskmennene over Alpane og ta kontroll over den franske marinebasen i Toulon for slik å tvinge Ludvig XIV til fred. Keisar Josef I av Austerrike ønskte å ta seg av Médavy først, for å gjer ferdig planane om å ta over dei spanske områda i Italia, Napoli og Sicilia. Ludvig XIV kom til hans støtte. Den franske kongen hadde desperat mangel på soldatar og opna tosidige forhoandlingar med Josef for å sikre at soldatane hans i Italia kom seg trygt attende til Italia. Trass i protestar frå nederlendarane og engelskmennene, godtok Josef avtalen i Milano med Frankrike den 13. mars 1707, som tillet armeen til Médavy om å marsjere uskadd attende til Frankrike, og opna vegen til Sør-Italia for den austerrikske armeen under grev Wirich Philipp von Daun. Han nådde den napolitanske grensa den 22. juni og to veker seinare kapitulerte dei spanske soldatane der, som verken fekk forsyningar frå verken land eller sjø.

Åtaket på Toulon fann stad den 29. juli, men no var franskmennene førebudde og styrkte, og åtaket var mislukka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]