Slaget ved Dettingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Dettingen
Del av Den austerrikske arvefølgjekrigen
George II at Dettingen.jpg
George II ved Dettingen
Dato 27. juni 1743
Stad Dettingen i Bayern
Resultat Siger til dei allierte
Partar
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
[[fil:|22px|Hannover 1692-1837|border|]] Hannover
Det tysk-romerske riket 1400-1806Austerrike
Frankrike Frankrike
Kommandantar
Storbritannia 1606-1801 Georg II
Storbritannia 1606-1801 Jarlen av Stair
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Hertugen av Arenberg
Det tysk-romerske riket 1400-1806Marskalk von Neipperg
Frankrike Duc de Noailles
Frankrike Duc de Gramont
Styrkar
35 000-37 000:[1]

14 austerrikske bataljonar
10 austerrikske skavdronar

13 hannoveranske bataljonar
16 hannoveranske skvadronar

15 britiske bataljonar
18 britiske skvadronar

98 kanonar
23 000[2] av 45 000

5 infanteribridagar

27 skavdronar

56 kanonar
Tap
2000 - 3000[3] 5000 - 6000[3]

Slaget ved Dettingen fann stad 27. juni[4] 1743 ved Dettingen i Bayern under den austerrikske arvefølgjekrigen. Det var sist gong at ein britisk monark, Georg II, personleg førte troppane sine i kamp. Dei britiske styrkane, i allianse med styrkane frå Hannover og Hessen, slo den franske hæren under Adrien-Maurice de Noailles sjølv om Frankrike og England ikkje hadde erklært krig mot kvarandre enno.

Adrien-Maurice de Noailles.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Den allierte hæren vart kalla Den pragmatiske hæren fordi han var ein allianse av statar som støtte den pragmatiske sanksjonen i 1713, som anerkjende Maria Teresia av Austerrike som keiserinne av Det tysk-romerske riket.

Dei britiske styrkane talde 16 000 mann under John Dalrymple av Stair og hadde gått i land i Ostend i Dei austerrikske Nederlanda den 10. juli 1742. Her danna dei den pragmatiske hæren som bestod av 44 000 soldatar i starten av felttoget, av desse 16 000 hannovarar, samt austerrikarar, hessarar og nederlendingar.[5]

Hæren låg i ro her til januar 1743 då kong Georg II gav Dalrymple ordre om å marsjere inn i Tyskland, og etterlet dei hessiske og nokre austerrikske troppar til å verne Nederlanda. Den indre inndelinga i Dei sameinte Nederlanda forseinka hæren deira slik at 20 000 soldatar kom for seint for å delta i felttoget.[6]

Den austerrikske kommandøren, hertugen av Arenberg, førslo å følgje elva Neckar og marsjere mot Bayern, men kong Georg frykta eit prøyssisk åtak på Hannover og valde å marsjere langs nordsida av elva Main, og halde alle utgangspunkt opne. Den 17. juni slo hæren leir mellom Kleinostheim og Aschaffenburg. Kong Georg II, støtta av 25 britiske skvadronar og eit hannoveransk kavaleri, kom dit den 19. juni og tok over all kommando.

27. juni hadde franskmennene avskore forsyningslinjene til dei allierte og den pragmatiske hæren måtte til slutt i redusert tilstand falle tilbake til Hanau, akkurat som franskmennene ønska. Dette skjedde som følgje av dyktig manvørering og uro sfrå den franske hæren på 45 000 mann leia av Noailles.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

27. juni marsjerte den pragmatiske hæren vestover frå byen Aschaffenburg, langs linja på nordsida av Main, og rett inn i den kjende «musefella»[7]som Noailles hadde sett opp ved landsbyen Dettingen, og som avskjerte tilbaketrekkingsruta til Hanua for dei allierte. Her bak Forbach, ei sideelv til Main, hadde Noailles plassert Duc av Gramont med ein blokkeringsstyrke på 23 000 mann i ei linje som gjekk frå Dettingen til Spessarthøgdene bak ei myrlendt elv, og langs sørsida av Main stod eit artilleri som kunne avfyre eld mot venstreflanken til den pragmatiske hæren, utan å riskiere direkte kontakt. Samstundes marsjerte om lag 12 000 franskmenn sørover til Aschaffenburg og kryssa Main bak den allierte hæren. Åsar med tett skog på høgresida av Den pragmatiske hæren hindra dei allierte frå å vende seg bort frå Gramont.

Seks timar gjekk medan britane, austerrikarane og hannoveranarane prøvde å prøvde å rykke fram i dette avgrensa området. På eit tidspunkt sprang hesten til Georg II bort med konge på rygg og vart stoppa av fenrik Cyrus Trapaud, som vart forfremma på grunn av dette. James Wolfe skreiv at den første linja i den pragmatiske hæren bestod av ni regiment av engelske soldatar, fire eller fem austerrikske regiment og nokre hannoveranske regiment.[8]Om lag ved middagstider gjekk Gramont, utan å ha fått ordre om det[9] , til åtak på dei allierte med Maison du Roi-kavaleriet. I starten gjekk det bra og dei klarte å byrte gjennom den engelske frontlinja.[10] Det franske infanteriet følgde etter og dei hadde òg hell med seg i starten og pressa tilbake fleire engelske regiment til fots. Dette førte derimot til at det franske artilleriet måtte stoppe elden og med franskemennene ut av forsvarsverka sine, gjekk dei allierte til motåtak. Ein austerriksk brigade på tre regiment rykte fram i eit hol danna av dei tilbaketrekkande britane[11] og gjekk til åtak på det franske infanteriet på flanken, menda eit stort hannoveranske artilleri skaut mot den franske linja.[12]Den franske linja kollapsa og dei allierte dreiv styrkane til Gramont ut i elva, og opna vegen til Hanau for dei allierte.

Dei to partane hadde vorte einige på førehand at dei sjuke og skadde som fall i hendene til fienden skulle takast vare på og ikkje reknast som krigsfangar. Då dei allierte trekte seg tilbake vart dei fleste av deira skadde soldatar verande att, og franskmennene respekterte avtalen, ein føregjengar for Genevekonvensjonen.

Battle of Dettingen.jpg

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene tapte slaget ved Dettingen og med det missa Duc du Noailles det beste høve franskmennene hadde for avgjere krigen til deira fordel på eit tidleg tidspunkt. Hadde franskmennene halde ut, kunne den pragmatiske hæren ha overgjeve seg eller svolte, og kongen Georg II av England, hadde vorte Ludvig XV sin fange.[13]

Arv[endre | endre wikiteksten]

Til minne om sigeren komponerte Handel hans Dettingen Te Deum og Dettingen-hymnen

Dettingen har sidan 1947 vore namnet på eit treningskompani ved Royal Military Academy Sandhurst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Dettingen» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1
      • Browning, Reed.The War of the Austrian Succession, St. Martin's Press, New York, (1993): ISBN 0-312-12561-5
      • Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II.
      • Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1.
      • Morris, Edward Ellis.The Early Hanoverians, London, 1886.
      • Wright, Robert, The Life of Major-General James Wolfe, London 1864.
  1. Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1, s.306
  2. Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II, s.109
  3. 3,0 3,1 Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II, s.111
  4. Mange britiske kjelder skriv 16. juni i stadenfor 27. juni etter den gregorianske kalenderen, som britane ikkje offisielt hadde teke i bruk enno
  5. Edward E. Morris, The Early Hanoverians, London, 1886, s.123- 127.
  6. DBNL. De Gids Jaargang 1885 (nederlandsk), s.300.
  7. Stephen Brumwell, Paths of Glory, London, 2006, ISBN 1-8528-5553-3, s.31
  8. Robert Wright, The Life of Major-General James Wolfe, London, 1864, s.44
  9. Duffy, Christopher The Military Experience in the Age of Reason, 1998, Wordsworth Editions Ltd., Hertfordshire, ISBN 1-85326-690-6, s. 19
  10. Morris, Edward Ellis.The Early Hanoverians, London, 1886, s.126
  11. Robert Wright, The Life of Major-General James Wolfe, London, 1864, s. 44-45.
  12. Daniel Mackinnon, Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s. 358
  13. Brumwell, Stephen, Paths of Glory, London, 2006, ISBN 1-8528-5553-3, s. 30-31.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]