Slaget ved Elixheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Elixheim
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 18. juli 1705
Stad Eliksem i Brabant, i dagens Belgia
Resultat Alliert siger
Partar
Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg-Austerrike
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Flagget til England Hertugen av Marlborough
Flagget til Den nederlandske republikken Hendrik van Nassau-Ouwerkerk
Flagget til Frankrike Duc de Villeroi
Styrkar
14 000 (i starten) 3 000 - 15 000
Tap
50 - 200 3 000

Slaget ved Elixheim, 18. juli 1705, òg kjend som passasjen av Brabant-linjene var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen. Hertugen av Marlborough klarte å bryte gjennom dei franske linjene i Brabant, ein boge med forsvarsverk som strekte seg i ein 110 km lang boge frå Antwerpen til Namur.[2] Sjølv om han ikkje klarte å vinne ein avgjerande siger, var passasjen og den påfølgjande raseringa av linjene kritiske for den allierte sigeren i Ramillies året etter.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i felttogsesongen prøvde Marlborough å starte ein invasjon av Frankrike opp Moselledalen. Forsøket vart stoppa av mangel på forsyningar og glimrande franske forsvarsstillingar føre Sierck, og Marlborough og armeen hans vart kalla attende tilbake av den nederlandske statsgeneralen då marskalk Villeroi gjekk til åtak og tok festninga Huy og truga Liege. Han skunda seg attende til Nederlanda (og tvinga Villeroi til å trekkje seg bak forsvaret sitt), Marlborough tok attende Huy, og planla å bryte gjennom linjene for å bringe Villeroi ut i slag.[3]

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Kvelden den 17. juli sendte Marlborough nederlandske soldatar under marskalk Overkirk i eit skinnåtak sørover mot Namur, og trekte Villeroi og 40 000 mann etter seg. I løpet av natta marsjerte han med sine eigne engelske og skotske soldatar nordover til den vesle landsbyen Eliksem (Elixheim), og der braut han gjennom linjene utan motstand.[4] Tidleg dagen etter, då mennene til Overkirk gjorde motmarsj nordover for å møte Marlborough, gjekk ein fransk avdeling til åtak på den vesle styrken allierte soldatar som var trekt opp vest for linjene, vendt sørover. Etter eit kort, men intenst kavalerislag, der Marlborough ofte var personleg involvert, vart dei driven bort og Villeroi trekte armeen sin vestover til andre sida av elva Dyle.[5]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Marlborough kunne ikkje følgje etter franskmennene den dagen sidan mennene var utslitne etter å ha marsjert heile natta og så kjempa eit intenst slag, men håpte likevel å få Villeroi ut i slag.[6] Han vart frustrert under manøvrande vest for linjene i månadane som fløgde etter gjennombrotet. Eit siste forsøk vart gjort tidleg i august ved hjelp av forsyningsvogner slik at han ikkje var avhengig av kommunikasjonslinjene. Han klarte å tvinge armeen til Villeroi til å stå nær Waterloo, men fekk ikkje til noko slag etter at det vart lagt ned veto av dei nederlandske kommandantane, mellom anna Slangenburg.[7] Hertugen måtte nøye seg med å erobre festninga Leau og jamne Brabant-linjene mellom denne byen og Maas med jorda.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of Frankrike was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."
  2. Chandler, Marlborough as Military Commander; s 158
  3. Falkner, Great and Glorious Days; s. 89
  4. Chandler, Marlborough as Military Comander; s 159
  5. Falkner, Marlborough's Wars:Eywitness Accounts; s 84-6
  6. Falkner, Great and Glorious Days; p 92
  7. Chandler, Marlborough as Military Commander; s 163
  8. Falkner, Marlborough's Wars, s 90