Slaget ved Emsdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Emsdorf
Del av sjuårskrigen
Dato 14. juli 1760
Stad Emsdorf i Hessen (dagens Tyskland)
Resultat Alliert siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia

Flagget til Hannover Hannover
Coat of arms of Hesse.svg Hessen-Kassel

Pavillon royal de France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Coat of arms of Hesse.svg Karl Vilhelm Ferdinand, prins av Hessen-Kassel Flagget til Frankrike marskalk Glaubitz
Styrkar
3000 3000
Tap
186 2600

Slaget ved Emsdorf vart utkjempa 14. juli 1760 under sjuårskrigen i Emsdorf i dagens Hessen i Tyskland, mellom allierte styrkar frå Storbritannia, Hannover og Hessen under prinsen av Hessen-Kassel, mot tyske troppar i fransk teneste[2] under Marechal de Camp Glaubitz. Det var ein del av felttoget for å forstyrre den franske kommunikasjonslinja ved å erobra Marburg, som var eit fransk forsyningslager.

Dei allierte styrkane bestod av seks infanteribataljonar frå Hannover og Hessen, nokre jegerar frå Hannover, hussarane til Luckner og britiske dragonar. Den franske styrken bestod av fem infanteribataljonar frå tyske Anhalt, eit husarregiment og nokre lette troppar.

Dei allierte styrkane overraska i starten den franske leiren, medan dei åt lunsj. Dei franske husarane flykta i starten, medan to infanteribataljonar klarte å kome i stilling før dei mottok tett eld frå dei hessiske bataljonane. Glaubitz sende ein bataljonar tilbake til Marburg, medan han prøvde å trekkje seg tilbake til Kirchhain med resten av styrken. Dei fleste fluktvegane vart avskorne av Luckner og dei lette troppane. Dei allierte fanga til slutt 1650 soldatar.

Resultatet vart ein alliert siger, hovudsakleg på grunn av dei britiske lettdragonane, som tok store tap og mista 125 av dei totalt 186 tapte soldatane.[3] Dei klarte derimot ikkje å erobre Marburg, som var målet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopedia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, s.460
  2. Reginald Savory, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.228, Royal-Bavarière og Anhalt.
  3. Reginald Savory, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.227

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]