Slaget ved Frisches Haff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Frisches Haff
Del av Sjuårskrigen
Stettiner Haff - Battle of 1759.jpg
Slagplanen
Dato 10. september 1759
Stad Stettiner Haff
Resultat
Partar
Flag of Sweden.svg Sverige Flagget til Preussen Preussen
Styrkar
2250 700
Tap
27 drepne og skadde 70-80 drepne, 600 fanga

Slaget ved Frisches Haff eller slaget ved Neuwarp var eit sjøslag mellom Sverige og Preussen som fann stad 10. september 1759 som ein del av sjuårskrigen. Slaget skjedde i Stettiner Haff mellom Neuwarp og Usedom og er kalla opp etter det tidlegare namnet på lagunen, Frisches Haff, som seinare berre vart namnet på Wisłalagunen.[1]

Den svenske marinestyrken bestod av 28 fartøy og 2250 mann under kapteinløytnant Carl Rutensparre og generalmajor Wilhelm von Carpelan. Dei slo ein prøyssisk styrke på 13 fartøy og 700 mann under kaptein von Köller.[ref 1]

Følgjene av slaget var Preussen mista heile flåten sin. Utan marine til å forsvare seg med tapte Preussen stillingane sine i Usedom og Wollin til svenske troppar.

Svenskane i sjuårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då krigen braut ut var dei svenske styremaktene franskvennlege og såg krigen (hovudsakleg retta mot Preussen) som eit høve for Sverige til å gjenerobre område tapt til Preussen tidlegare i Pommern og få tilbake kontrollen over munningen til elva Oder. Kanslaren og leiaren for det svenske Mösspartiet, baron Anders von Hopken, sende ein arme på 14 500 mann til Stralsund, hovudstaden i Svensk Pommern, under feltmarskalk Ungern-Sternberg, med mål om å erobre Stettin (i dagens Polen), der Oder munnar ut.

Dei første operasjonane[endre | endre wikiteksten]

Svenskane sette i gang den første offensiven, men vart slått tilbake i Stralsund av den prøyssiske armeen under marskalk Lehwaldt. Ungern-Sternberg vart erstatta av grev von Rosen, som ikkje tok nokre sjansar og vart verande blokkert i Stralsund. Den russiske offensiven i vest tvinga Lewaldt til å forlate Svensk Pommern den 27. juni 1758. Sverige sendte forsterkingar og ein ny øvstkommanderande, grev Hamilton, som starta offensiven igjen då prøyssarane fekk vanskar i vest. Sjølv om dei prøyssiske soldatane var på veg for å møte den russiske trugselen, klarte dei å gje svenskane hard kamp, og fleire småslag og trefningar kom etter kvarandre utan at nokon av dei to sidene klarte å få overtaket. Konflikten vendte seg mot sjøen då prøyssarane bygde ein flåte i Stettin ved å omforme fiske- og transportskip til krigsskip og slik hindre ein svensk skvadron i å forsyne landstyrkane sine. Svenskane fekk nyss i desse planane og bestemte seg for å øydeleggje den prøyssiske flåten.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av august 1759 segla den svenske skvadronen under Ruthensparre inn i Oder og Stettiner Haff. Den 8. august braut han gjennom forsvaret i Peenemünde og kom seg inn i den vestlege halvdelen av lagunen (kalla Kleines Haff, eller Den vesle lagunen, av tyskarane). Den 22. august vann svenskane det første møtet med ein flåte under kaptein Von Kellers utanfor Anclam. Den 10. september møtte dei to flåtane kvarandre igjen, nær Neuwarp. Dei svenske skipa kommandert av Wilhelm von Carpelan var sett opp i fire rekkjer. I den første var dei mest kraftfulle skipa (fire 13-kanonars galeiar), så fire 5-kanonars halvgaleiar (med både segl og årer), så tre korvettar, eit skip med haubitsar og til slutt ei linje med 13 kanonbåtar. Prøyssarane hadde fire galiotar og fire galeiar med 12 kanonar kvar, samt fem canonnièrar. Så snart svenskane kom på skothald, plasserte dei seg i ei enkel rekkje. Dei tre halvgaleiane og dei ni kanonbåtane segla så sørover mot nokre uidentifiserte segl som hadde dukka opp, men desse viste seg å vere nøytrale skip. Desse svenske skipa vart dermed ikkje med i starten av det fire timar lange slaget. Slaget enda med eit kraftig nederlag for prøyssarane og hovudskipa deira vart søkkte eller kapra og meir enn 600 av sjømennene deira vart tekne til fange. Svenskane mista 13 mann og 31 vart skadde.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Sigeren garanterte svenskane kontroll over lagunen, som dei utnytta ved å erobra øya Wollin. Dei hadde derimot ikkje klart å ta Stettin, som framleis var kontrollert av prøyssarane. Preussen gjekk raskt i gang med å byggje ein ny flåte, så slaget ved Frisches Haff var slik sett berre ein kortvarig siger for svenskane og då Russland trekte seg ut av krigen i 1762 gjorde dette situasjonen vanskeleg for Sverige. Dei skjønte at dei ikkje hadde ein stor nok styrke til å holde borte styrkane under kong Fredrik II av Preussen på eiga hand, og bad om fred. Svenskane foreslo ein status quo-avtale, slik tilhøva hadde vore før krigen starta. Fredrik aksepterte forslaget og Hamburg-traktaten vart signert 22. mai 1762.

Skip[endre | endre wikiteksten]

    • «Carlskrona», gallei, 13 kannonar
    • «Cronobor», gallei, 13 kanonar
    • «Malmö», gallei, 13 kanonar
    • «Blecking», gallei, 13 kanonar
    • «Svärdfisk», halvgallei, 5 kanonar
    • «Delphin», halvgallei, 5 kanonar
    • «Cabilliou», halvgallei, 5 kanonar
    • «Stor», halvgallei, 5 kanonar
    • 1 skip med haubitsar
    • 3 korvettar
    • 13 kanonbåtar
  • Preussen
    • «Kœnig von Preussen», galiot, 14 kanonar
    • «Prinz von Preussen», galiot, 14 kanonar
    • «Kœnig Heinrich», galiot, 14 kanonar
    • «Kœnig Wilhelm», galiot, 14 kanonar
    • «Jupiter», gallei, 11 kanonar
    • «Mars», gallei, 11 kanonar
    • «Neptunus», gallei, 10 kanonar
    • «Merkurius», gallei, 10 kanonar
    • 5 kanonbåtar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erhard Riemann, Alfred Schoenfeldt, Ulrich Tolksdorf, Reinhard Goltz, Akademie der Wissenschaften und der Literatur (Tyskland), Akademie der Wissenschaften und der Literatur, Mainz, Preussisches Wörterbuch: Deutsche Mundarten Ost- und Westpreussens, 6th edition, Wachholtz, 1974, s.595, ISBN 3529046116
  • Andre kjelder:
  1. Åselius, Gunnar (2003) Svenska slagfält, s. 366—373 – Wahlström & Widstrand. ISBN 91-46-21087-3.