Slaget ved Gadebusch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Gadebusch
Del av den store nordiske krigen
Gadebusch1712.jpg
Kart over slaget
Dato 9. desember 1712
Stad Gadebusch, 35 km sør for Lübeck i dagens Tyskland
Resultat Avgjerande taktisk svensk siger
Partar
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Kommandantar
Flagget til Sverige Magnus Stenbock Flagget til Danmark Kong Fredrik IV av Danmark
Flagget til Sachsen Jacob Heinrich von Flemming
Styrkar
kring 14 000 kring 16 000 danskar
kring 3500 saksarar
Tap
500 drepne; 1100 skadde

Totale svenske tap: 1600 mann

2500 drepne og skadde; 2500 danga (Danmark)
750 døde og skadde; 100 fanga (Sachsen)

Total tap for allierte: 5850 mann

Slaget ved Gadebusch var den siste store sigeren til Sverige i den store nordiske krigen. Han vart utkjempa av svenskane for å hindre tapet av byen Stralsund til danske og saksiske styrkar.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I 1712 hadde alle dei svenske maktområda sør for Austersjøen, bortsett frå forta, vorte erobra av dei allierte Danmark, Sachsen og Russland. I Austersjøen patruljerte den danske admiralen Gyldenløve med ein skvadron som hindra svenske forsyningslinjer til kontinentet. Det var viktig for Sverige å ikkje tape Stralsund, sidan dette var inngangsporten til vidare felttog i Polen.

Ein dansk arme flytta inn i regionen Hamburg, medan ein stor russisk-saksisk styrke stod sør for Stralsund. Stenbock kunne ikkje angripe denne styrken med eit frontalåtak, men håpte at han ved å flytte seg vestover mot Mecklenburg kunne omringe styrken eller klare å spreie han. Ei slik rørsle ville òg hindre dei to allierte styrkane frå å slå seg saman. Den danske armeen under Fredrik IV av Danmark var leia av general Jobst von Scholten nærare til den russisk-saksiske armeen, og den 3. desember hadde den danske styrken nådd den vesle byen Gadebusch, sørvest for Wismar. Heldigvis for Stenbock flytta dei allierte seg sakte fordi kommandantane deira var usamde. Den 8. desember marsjerte den svenske armeent il Gross Brütz mindre enn ti kilometer aust for Gadebusch. No var det russiske infantriet for langt unna til å støtte danskane, men det saksiske kavaleriet under Jacob Heinrich von Flemming nærma seg raskt.

Same natta braut danske leir og flytta seg til ei betre stilling rundt landsbyen Wakenstädt, tre kilometer lenger sør og i dag ein del av Gadebusch. Scholten venta eit svensk åtak frå sør for å unngå den myrlendte elva Radegast. Klokka fire om morgonen, den 9. desember, var danske stilt opp i rekkje, med kavaleriet på flankane og infanteriet i midten. Etter kvart som timane gjekk, gjekk snøen over til regn. Ut på morgonen nådde til slutt det saksiske kavaleriet under Flemming Wakenstädt.

Svensk rekognosering gjorde det klart at det einaste høvet til svenskane var eit frontalåtak. Stenbock meinte at sjølv om terrenget var smalt og mennene hans noko undertalig, så ville dei tretti svenske feltkanonane gje dei ein fordel over dei tretten danske kanonane.

Slag[endre | endre wikiteksten]

Det svenske åtaket frå aust starta kring 11 på føremiddagen. Det svenske artilleriet opna eld mot dei tett grupperte danske bataljonane og gav dekke for kavaleriet og infanteriet. Kl. 1300 vart det gjeve ordre om å angrip. Medan artilleriet heldt fram å skyte, marsjerte infanteriet mot danskane og opna ikkje eld før dei var tolv skritt frå. På denne tida hadde den danske motstanden vore relativt passiv. Eit dansk mottåtak med kavaleriet vart brote ned av infanteriet, støtta av konstant artillerield.

I nord hadde det svenske kavaleriet gjort ei flankerørsle og overraska det danske kavaleriet på venstreflanken. Den påfølgjande tilbaketrekkinga inn i Wakenstädt skapte forvirring i dei danske rekkene, som vart utnytta av infanteriet på den svenske høgreflanken. Samstundes var det kraftige kampar på den svenske venstrevingen, der eliten til den danske armeen, den kongelege garden, hadde stilling for å forsvare hovuddelen av det saksiske kavaleriet. Trass i at dei var langt fleire, vart åtaket til det saksiske kavaleriet slått attende. Dei to regimenta til den danske garden kjempa ein hard mann mot mann-kamp med det svenske Dalregementet og Hälsinge regemente, men det var til slutt svenskane som vann kampen då danskane skjønte at kavaleristøtta ikkje ville kome (kavaleriet var oppteken med det svenske kavaleriet under heile slaget), medan dei sakte vart pressa attende av det svenske infanteriet. Til slutt kom ordren om retrett og regimenta til garden trekte seg tilbake i god orden, men med store tap. Svenskane var trøytte og hadde òg fått store tap under slaget, så dei valte å ikkje forfølgje danskane.

Slaget var over då skumringa kom. Dei danske og saksiske styrkane trekte seg attende til ei stilling nokre kilometer vest for Gadebusch. Alt det danske artilleriet vart etterlate.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget vart Stenbock forfremma til feltmarskalk av kong Karl. Slaget vart vunnen ved hjelp av effektiv bruk av artilleriet og målmedvitne åtak på flankane av både infanteriet og kavaleriet. Det gav dei hardt pressa svenskane eit naudsynt pusterom. Strategisk hadde slaget derimot liten innverknad, og med den langt større styrken til dei allierte, vart styrken til Stenbock slått under ei omleiring av festninga i Tönningen året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°40′18″N 11°06′43″E