Slaget ved Glen Shiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Glen Shiel
Del av jakobittopprøra
kvadrupelalliansekrigen
Glen shiel.jpg
Slaget ved Glenshiel 1719 av Peter Tillemans. Spanske soldatar er i midten. (1719)
Dato 10. juni 1719
Stad Glen Shiel, vest i Skottland
Resultat Britisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Jakobittane
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Joseph Wightman
Oberst Clayton
George Munro, 1. Culcairn
Lord George Murray
William Mackenzie, 5. jarl Seaforth
Mackintosh av Borlum
Styrkar
850 infanteristar
120 dragonar
4 bombekastebatteri
1 000 soldatar
Tap
21 døde
100 skadde
100 døde, mange skadde,
274 spanske fangar[1][2]

Slaget ved Glen Shiel (skotsk-gælisk Blàr Ghleann Sheile) var eit slag i Glen Shiel vest i Dei skotske høglanda den 10. juni 1719, mellom britiske regjeringsstyrkar og ein allianse mellom jakobittane og Spania, noko som enda med ein siger for regjeringsstyrkane. Det var det siste slaget mellom britiske og utanlandske styrkar på fastlandet i Storbritannia. Slaget ved Glen Shiel vert stundom rekna som ei forlenging av opprøret i 1715, men er meir nøyaktig eit eige opprør og det einaste opprøret som vart stoppa av ein enkel militæraksjon.[3] Det vert stundom omtalt som the Nineteen. I dag er slagmerka verna av Historic Scotland.[4].

Etter freden i Utrecht vart Filip V akseptert som konge av Spania, men Spania mista samstundes områda sine i Italia til austerrikarane og Storbritannia fekk kontroll over Menorca og Gibraltar. Nokre år seinare ønskte Spania å ta attende dei tapte områda og okkuperte Sardinia og Sicilia. Britane svarte 11. august 1718 med å erklære at dette var eit brot på Utrecht-avtalen og øydela flåte til José Antonio de Gaztañeta ved Kapp Passaro, (nær Siracusa). Spania erklærte så krig, og den italienske rådgjevaren til Filip, kardinal Giulio Alberoni, tok initiativet til å lage uro i Storbritannia for å hindre eit åtak mot Den iberiske halvøya.[1]

Alberoni valte å blande seg inn i striden om trona og støtta jakobittane for å destabilisere krona og setje inn ein meir bøyeleg konge (og parlament).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Slaget ved Glenshiel@ads.ahds.ac.uk By A.H Miller. FSA Scot.
  2. Battle of Glenshiel@ScotsClans.com
  3. Oxford Companion to Scottish History, p. 349, By Michael Lynch, Oxford University Press, ISBN 978-0-19-923482-0.
  4. «Inventory battlefields». Historic Skottland. http://www.historic-Skottland.gov.uk/index/heritage/battlefields/battlefieldsunderconsideration.htm. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]