Slaget ved Hastings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Hastings
Del av Den normanniske invasjonen av England
Manuscript of XIII BC Battle of Hastings.jpg
Slaget ved Hastings skildra i den franskspråklege Englandkrønika frå rundt 1280-1300.
Dato 14. oktober 1066
Stad Battle ved Hastings
Resultat Avgjerande normannisk siger
Partar
Normannarane Angelsaksarane
Styrkar
7-8000 7-8000
Tap
ukjent, ein reknar med at det var 2000 døde og såra ukjent, men truleg større enn tapet til motstanderen

Slaget ved Hastings fann stad 14. oktober 1066, og var det avgjerande slaget som førte til at normannarane klarte å innta England. Sigerherren og den nye kongen av England var hertugen av Normandie, Vilhelm erobraren.

Vilhelm erobraren framstilt på Bayeuxteppet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at kong Edvard vedkjennaren (engelsk Edward the Confessor) døydde vart det strid om kven som skulle verta ny konge. Det vart på den eine sida hevda at Edvard som takk for tidlegare tenester hadde lova den til hertug Vilhelm av Normandie. På den andre sida var det mange som meinte at Harold Godwinson, sonen til Godwin, jarl av Wessex som hadde rett til trona. Harold vart krona, men hertugen ynskte å krevja riket. Den 28. september 1066 steig han i land ved Pevensey, utan å møta motstand.

Harold Godwinson hadde kort tid tidlegare knust ein vikinghær i slaget ved Stamford bru, og byrja raskt å marsjera sørover då han fekk veta at hertugen hadde gått i land. Han samla fleire soldatar på vegen mot sørkysten.

Slagstad og -oppstilling[endre | endre wikiteksten]

Angelsaksarane[endre | endre wikiteksten]

Då Harold II var framme i området stilte han opp styrkane sine over vegen frå Hastings til London. Bak seg hadde dei den store skogen Anderida, og framom ein lang, slak bakke som gjekk ned til staden der stigninga til Telham Hill byrjar. Staden ligg ved byen Battle, som har namn etter slaget. Alteret i klosterkyrkja i Battle Abbey skal ha stått på staden der Harold til slutt vart overmanna. Det er sett opp eit minnesmerke på staden.

Dei engelske styrkane er rekna å ha vore kring 7–8000 mann. Dette var berre krigarar til fots, infanteri. Engelskmennene kunne gjerne ri til eit slag, men steig så av for å kjempa. Hæren var sett saman av medlemer av det angelsaksiske aristokratiet, særleg thegnar, kongen sine eigne styrkar inkludert livgarden Housecarls. I tillegg bønder, utskrivne til teneste. Framme stod thegnane og kongen sin garde. Mange av dei må ha vore veteranar som òg hadde kjempa ved Stamford bru. Dei var væpna med sverd, spyd og ved nokre høve danske stridsøkser. Til å verja seg sjølv bar dei ringbrynjer og skjold. Ved å la skjolda overlappa laga dei ein verjande mur langs åsryggen. Etter kvart som dei framme fall, var det forventa at dei lenger bak rykte fram for å tetta hola i rekkja. Bak dei stod bønder med bogar og dei våpna dei måtte ha elles.

Normannarane[endre | endre wikiteksten]

Figur av normannisk soldat, museet i Bayeux

Hertug Vilhelm samla styrkane sine nedanfor dei engelske. Normannarane sin hær var av same storleik, og vart utgjort av hertugen sine normanniske, bretonske og flamske vasallar med deira underordna. I tillegg kom leigesoldatar frå fleire land, mellom anna dei normanniske områda i Italia. Adelsmennene hadde vorte lova eigedomar i England og finare titlar. Dei av lågare rang skulle få utteljing i form av plyndring og kontante pengar, og mange av dei hadde von om å få seg eigedom.

Hæren vart stilt opp i den klassiske mellomalderstilen, med tre avdelingar. Normannarane stod i midten, med bretonarar på venstre flanke og fransk-flamske styrkar på høgre. Kvar avdeling hadde infanteri, kavaleri og bogeskyttarar. Ut frå Bayeuxteppet kan det sjå ut som at det òg var med armbrøstskyttarar. Om bileta er tolka rett er dette den tidlegaste dokumenterte bruken av armbrøst, men det er noko usemje om dette mellom militærhistorikarar. I motsetnad til engelskmennene stod dei stilte opp med bogskyttarane framme. Slik kunne ein utveksla skurar av piler, utan at heile hæren var utsett for motstandarane sine piler.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

I fylgje ei segn bad hertugen sin skald og riddar Ivo Taillefer om å få lov til å slå det første slaget. Han fekk lov til dette, og reid fram mot engelskmennene medan han kasta sverdet og spydet sitt opp i lufta og tok dei imot dei igjen medan han song ein tidleg versjon av «Rolandskvadet». Om ein skal tru den tidlegaste kjelda til denne forteljinga, Carmen de Hastinhae Proelio, kom ein engelskmann fram for å møta han i tvekamp. Taileffer tok snøgt livet av motstandaren sin og tok hovudet hans som trofé. I ei kjelde frå 1100-talet vert det fortalt at Taileffer reid rett inn i den engelske slagoppstillinga og tok livet av ein til tre engelskmenn før han sjølv fall.

I alle høve starta sjølve slaget med at normannarane avfyrte piler. Normanniske bogeskyttarar trekte ikkje bogestrengane lenger enn til kjeven, noko som ikkje gav nok kraft til å trengja gjennom fienden sine skjold. Pilregnet gjorde derfor liten skade.

Infanteriet og kavaleriet til normannarane rykte så fram under leiing av hertugen og halvbrørne hans, biskop Odo og grev Robert de Mortain. Dei kom i nærkamp med engelskmennene, men dei kraftige danske stridsøksene og dei sterke skjolda som var klemt fast i kvarandre gjorde det umogleg å bryta gjennom. Etter forholdsvis store normanniske tap heldt skjoldmuren framleis. Engelskmennene skal ha brukt stridsropa «Ollicrosse!» («Heilage kross!») og «Ut, ut» (angelsaksisk, men same tyding som på norsk).

Bretonarane på venstre flanke, der bakken er slakast, kom først i kontakt med engelskmennene. Dei var ikkje førebudde på motstanden dei møtte, og vart raskt brotne opp. Delar av den engelske høgreflanken, kanskje leidd av ein av brørne til kongen, braut ut og jaga dei nedover bakken i eit vilt og uordna stormløp. Då dei nådde flatmark vart dei angripne av normannisk kavaleri, og utan skjoldmuren hadde dei ikkje noko forsvar og vart slakta ned.

Den forhasta engelske offensiven vart lagd merke til, og normannarane organiserte falske flukter. Kavaleriet reid fleire gonger inn mot skjoldmuren, men trekte seg kvar gong tilbake og vart forfølgde. Engelskmennene jaga det dei trudde var ein panikkslegen fiende, for så å oppleva at kavaleriet snudde igjen og tvinga dei vekk frå skjoldmuren.

Etter å ha tynna ut og slite ned den engelske hæren, samla normannarane seg igjen for eit stort åtak. Mot slutten av dagen hadde begge sider lidd store tap. Hertugen var redd for at mørkret ville tvinga han til å trekkja seg tilbake til skipa, der dei var utsette for åtak frå sjøsida. Han sende igjen bogeskytarane fram, og gav ordre om at dei denne gongen skulle skyta over skjoldmuren. Pilregnet skapte store tap bak i dei engelske rekkjene. Då det normanniske infanteriet og kavaleriet igjen nærma seg fekk Harald II banesår. Ut frå biletet på Bayeuxteppet dreia det seg om ei pil i auget, men Carmen de Hastingae Proelio hevdar at han vart hogd ned av ei gruppe riddarar leidd av hertugen. Nokre historikarar meiner han først vart alvorleg såra av ei pil i andletet, og deretter hogd ned i det siste normannaråtaket.

Angrepet nådde engelskmennene først på ytre høgre og venstre flanke. Normannarane begynte så å rulla opp linja frå flankane, og den allereie sterkt svekte skjoldmuren begynte å vakla. Normanniske fotsoldatar klarte dermed å pressa seg inn, slik at engelskmennene mista fordelen skjolda gav. Då det vart klart at kongen hadde falle, begynte mange engelskmenn å flykta. Dei siste som heldt stand var Housecarls, som kjempa rundt kongens lik og hans standard. Kongens lik skal ifølgje ei tolking av Carmen ha vorte skjenda av normannarane etter slaget.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Berre ein liten del av engelskmennene nådde skogen. Ein del normannarar følgde etter dei, men i halvmørkret mellom trea fekk engelskmennene overtaket då dei nådde ulendt terreng. I kjelder frå på 1100-talet blir det fortalt at normannarane som gjekk inn i skogen fall etter å ha kome inn i ein malfoss, ei «vond grøft».

Hertug Vilhelm kvilte gjennom natta, og begynte så på den vidare erobringa av England. I to veker rekrutterte han soldatar nær Hastings, og venta på at angelsaksiske aristokratar skulle koma for å underkasta seg. Då han innsåg at dette ikkje kom til å skje, begynte han sin marsj mot London. Første juledag vart han krona i Westminster Abbey.

På slagstaden grunnla Vilhelm Battle Abbey, som vart innvigd i 1095. Lite er att av klosteret bortsett frå ein port i enden av hovudgata i Battle. Som tidlegare nemnt finst det eit monument på staden der høgalteret stod, som blir rekna for å vera plassen der Harald II fall.

Ei tid etter slaget vart Bayeuxteppet laga til minne om hendingane i 1066. Det er ei svært viktig kjelde til kunnskap om slaget, fordi det viser utstyr som vart brukt. Samanhelde med skriftlege kjelder gjer dette slaget ved Hastings til eit av dei slaga ein veit mest om i denne perioden.

Slaget vart viktig for utviklinga av strid med blanda våpenartar. Engelskmennene var overlegne mann mot mann, men ved hjelp av det raske kavaleriet, bogeskyttarar som kunne desimera dei bakre rekkjene og infanteri som kunne trengja gjennom skjoldmuren når han begynte å svikta, klarte normannarane å sikra sigeren. Kombinasjonen gav engelskmennene få andre utvegar enn å kjempa defensivt; dei offensive handlingane deira vart lagnadstunge for dei.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!