Slaget ved Havanna i 1762

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Havana
Del av sjuårskrigen
British fleet entering Havana.jpg
Den britiske flåten nærmar seg Havanna i 1762
Dato 6. juni - 13. august 1762
Stad HavannaCuba
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Jarlen av Albemarle
George Pocock
George Eliott
Juan de Prado
Admiral Gutierre de Hevia
Luis Vicente de Velasco e Isla 
Styrkar
15 000 soldatar,
10 000 sjømenn,
53 linjeskip
2400 soldatar,
6300 sjømenn,
12 linjeskip
Tap
1790 drepne eller skadde
5000 mann sjuke av gul feber
1000 drepne eller skadde
ukjende tap på grunn av gul feber

Slaget ved Havanna (1762) var ein militæroperasjon frå mars til august 1762, som ein del av sjuårskrigen. Britiske styrkar omleira og erobra byen Havanna, som på denne tida var ein viktig spansk marinebase i Karibia. Dette var eit stort nederlag for den spanske marinen. Havanna vart gjeven attende til Spania med Paris-traktaten i 1763 som formelt enda krigen.

Spanske førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Før han involverte landet sitt i krigen som raste i Europa og verda over, gjorde kong Karl III av Spania førebuingar for å forsvare dei spanske koloniane mot den britiske marinen. For å forsvare Cuba utpeikte han Juan de Prado som øvstkommanderande. De Prado kom til Havanna i februar 1761 og starta arbeidet med å utbetre festningsverka i byen.

I juni 1761 kom ein flotilje på sju linjeskip under admiral Gutierre de Hevia til Havanna, med to regulære infanteriregiment på totalt 1000 mann. Med desse forsterkingane hadde garnisonen i Havanna no 2400 regulære soldatar, medan flåten bestod av 12 linjeskip bemanna med 6300 sjømenn, kanonérar og marinesoldatar.

Havanna hadde ei av dei finaste hamnene i Vestindia. Ho kunne lett ta imot opp til 100 linjeskip. Ein 180 meter brei og 800 meter lang kanal gav tilkomst til hamna, og Havanna husa viktige skipsverft.

To sterke festningar forsvarte kanalen. På nordsida av kanelen stod det mektige Castillo de los Tres Reyes del Morro på klippa Cavannosryggen. Ho hadde 64 kanonar og 700 mann. På sørsida låg Castillo de San Salvador de la Punta. Kanalen kunne òg blokkerast med ei kjetting frå El Morro til La Punta. Havanna sjølv låg på sørsida langs kanalen, omringa av 5 km bymurar.

Britiske førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Då krigen braut med Spania hadde britane planar om å angripe Havanna frå sjøen. Toktet vart kommandert av George Keppel, med viseadmiral George Pocock som marinekommandant. Planen omfatta òg at Jeffrey Amherst flytta 4000 mann frå Amerika til Keppel og å samle ein annan styrke på 8000 mann for eit åtak på Louisiana.

I løpet av februar gjekk dei britiske troppane om bord. 5. mars segla det britiske toktet frå Spithead i England, med sju linjeskip og 4365 mann om bord på 64 transportskip. Dei nådde Barbados den 20. april. Fem dagar seinare nådde toktet Fort Royal på den nyleg erobra øya Martinique. Her tok dei med resten av ekspedisjonsstyrken til generalmajor Robert Monckton, som talde 8461 mann. Kontreadmiral George Rodney sin skvadron, med åtte linjeskip, slutta seg òg til toktet og totalt segla 15 linjeskip avstad.

23. mai vart ekspedisjonen, som no låg nordvest for Saint-Domingue (dagens Haiti), ytterlegare forsterka med skvadronen til James Douglas frå Port Royal på Jamaica. Styrken under Albemarle talde no 21 linjeskip, 24 mindre krigsskip og 168 andre fartøy, med totalt 14 000 sjømenn og marinesoldatar og 12 826 regulære soldatar.

Omleiring[endre | endre wikiteksten]

Kart over Havanna

Den 6. juni fekk den britiske styrken Havanna i siktet. 12 britiske skip vart sendt direkte til munningen kanalen for å blokkere den spanske flåten. Britane planla å redusere Morro-festninga på nordsida av kanalen ved hjelp av ei formell Vauban-aktig omleiring. Sidan festninga var så viktig for byen, rekna ein med at resten av byen ville overgje seg når festninga fall. Planen hadde derimot ikkje rekna med at festninga stod på ei klippe, der det var umogeleg å grave grøfter, og at det låg ei djup kløft mellom festninga og områda innanfor.

Den spanske styrken under Prado og admiral Hevia var overraska over kor mange fienden var, og sette i gang ein defensiv forhalingsaksjon og håpte på at dei ville få støtte frå andre hald, at gul feber skulle bryte ut hos fienden, eller at ein orkan skulle øydeleggje den britiske flåten. Den spanske flåten vart derfor halde inne i hamna, medan sjømennene, kanonérane og marinesoldatane vart sendte til garnisonane i festningane. Det meste av ammunisjonen om bord på skipa vart flytta til festningane. Den ståande hæren vart sett til å forsvare sjølve byen.

Kanalen vart lukka med kjettinga, og tre skip, som var i dårleg stand, vart søkte bak kjettinga. Spanjolane skjønte at Morro var særs viktig og gav forsvaret av denne øvste prioritet.

Den 7. juni gjekk dei britiske troppane i land nordaust for Havanna og avanserte vestover dagen etter. Dei møtte ein milits som dei lett pressa bakover. Mot slutten av dagen hadde det britiske infanteriet kome like utanfor Havanna. Forsvaret av Morro vart utpeikt til Luis Vicente de Velasco e Isla, ein marineoffiser, som med ein gong førebudde festninga for ei omleiring.

Den 11. juni storma ein britisk avdeling ein redutt på åsen Cavannos. Det var først då britane forstod kor sterk Morro var, omgjeve av buskas og verna av ei stor kløft. Då omleiringsutstyret kom fram dagen etter, starta britane å sette opp batteri mellom trea på åsen La Cabana ovanfor Morro (om lag 7 meter høgare), samt over byen og bukta. Overraskande nok var åsen utan forsvar, trass i den viktige strategiske plasseringa ho hadde. Kongen av Spania hadde til og med instruert Prado om å byggje festningsverk på denne åsen, ei oppgåve han meinte var den viktigaste av alle dei han gav kommandøren sine.

13. juni gjekk ein britisk avdeling i land ved Chorera, på sørsida av hamna. Oberst Patrick Mackellar, ein ingeniør, hadde som oppgåve å sette opp omleiringsutstyret ved Morro. Sidan det ikkje var mogeleg å grave grøfter, vart det i staden bygd brystvern. Han planla om å hogge seg ned i klippa og ut mot kløfta, og så lag ei gangbruk over kløfta av steinane dei hadde grave ut.

El Morro-festninga i Havanna, bygde i 1589

Den 22. juni opna fire britiske batteri eld mot El Morro frå La Cabana. Mackellar nærma seg gradvis grøfta med brystvernet dekt av desse batteria.

29. juni klarte dei britiske batteria å få 500 direkte treff på El Morro dagleg. Velasco mista opp mot 30 mann dagleg, og byrden med å reparere festninga kvar natt vart så slitsamt at mennene måtte gå på skift i festninga frå byen kvar tredje dag. Velasco klarte til å slutt å overtyde Prado om at dei måtte gjennomføre eit raid mot dei britiske batteria. Ved daggry 29. juni gjekk 988 mann til angrep på batteria. Dei nådde batteria bakfrå og starta å øydeleggje kanonane, men britane reagerte raskt og slo dei attende før dei klarte å gjere alvorleg skade.

1. juli starta britane ein kombinert åtak frå både land og sjø mot El Morro. Flåten sendte fire linjeskip til åtaket (HMS «Stirling Castle», HMS «Dragon», HMS «Marlborough» og HMS «Cambridge»). Åtaket frå sjøen var ineffektivt fordi festninga låg for høgt. Kanoneld frå El Morro medføre 192 menneskeliv og alvorleg skade på skipa, og tvinga dei attende. Bombardementet frå landartilleriet var langt meir effektivt og etter tre dagar var berre tre spanske kanonar i drift på sida av El Morro som vendte mot det britiske batteriet.

2. juli tok det britiske brystvernet rundt El Morro fyr og batteria brende ned. Dermed var alt arbeidet som var gjort sidan midten av juni gått i vasken. Velasco gjorde nytte av dette og sette opp mange nye kanonar og reparerte brot i festningsverket.

Etter at dei kom til Havanna vart den britiske armeen råka av gul feber og hadde no berre halve styrke att. Sidan orkansesongen var i anmarsj hadde Albemarle no dårleg tid. Han gav ordre om å byggje opp att batteria ved hjelp av menn frå flåten. Mange kanonar vart tekne frå dei nedre dekka på skipa og nytta som nytt batteri.

17. juli hadde dei nye britiske batteria øydelagd dei fleste av kanonane til Velasco, og berre to av dei var operasjonelle. Mackeller kunne halde fram arbeidet med omleiringsutstyret fram til festninga, men sidan armeen var i dårleg forfatning tok dete arbeidet lang tid. Alt håp for britane låg no i at forsterkningar frå Nord-Amerika.

20. juli kunne britane byrje å grave seg mot den høgre bastionen på El Morro. Samstundes klarte det britiske artilleriet å treffe El Morro opp mot 600 gonger dagleg, og om lag 60 spanjolar mista livet kvar dag. Velasco hadde no ikkje noko anna håp enn å øydeleggje det britiske omleiringsutstyret. Kl. 0400 den 22. juli kom 1300 regulære soldatar, sjømenn og militssoldatar frå Havanna i tre kolonnar og gjekk til åtak på omleiringsutstyret rundt El Morro. Toktet vart mislukka og omleiringsutstyret var i hovudsak uskadd.

24. juli gav Albemarle Velasco tilbodet om å overgje seg og skrive sine eigne kapitulasjonsvilkår. Valasco svarte at han heller ville avgjere kampen med våpen. Den 27. juli fekk britane forsterkingar frå Nord-Amerika, leia av oberst Burton. Under reisa si hadde dei vorte angripe av franskmenn, som hadde teke 500 mann frå dei.

29. juli var gruva ved bastionen nesten ferdig. Albemarle lata som han skulle gå til åtak ein siste gong for ås jå om Velasco omsider ville overgje seg. I staden valde Velasco eit desperat åtak frå sjøen mot dei britiske gruvearbeidarane.

Kl. 0200 den 30. juli gjekk to spanske skonnertar til åtak på gruvearbeidarane frå sjøen. Åtaket deira var mislukka og dei måtte trekke seg tilbake. Kl. 1300 var britane klare til å detonere gruva. Avfallet frå eksplosjonen fylte berre delvis att grøfta, men Albemarle såg at det var mogeleg å passere ho, og sette i gang eit åtak. Han sende 699 utvalde menn mot den høgre delen av bastionen. Før spanjolane rakk å reagere hadde 16 mann klart å fått fotfeste på bastionen. Velasco styrta då med troppane sine til brotet i muren. Han vart dødeleg skadd då han hamna i mann-mot-mann-kamp. Då britane fekk kontroll over El Morro vart Velasco transportert til Havanna.

Dagen etter døydde Velasco av skadane. Britane bygde så batteri på nordsida av kanalen for å ta sjølve Havanna. Albermarle sendte 11. august eit forslag til Prado om å overgje byen, men han avslo. Britane opna eld mot Havanna og mot slutten av dagen var det stille i Fort la Punta. Prado såg ikkje anna val enn å overgje seg.

Overgjeving[endre | endre wikiteksten]

12. og 12. august gjekk forhandlingar føre seg, og Prado og armeen hans klarte å halde æra. Hevia brann ikkje flåten sin, og alle skipa vart overteke av britane.

14. august gjekk britane inn i byen. Under omleiringa hadde britane mista 1000 mann frå fiendtleg eld, men 18. oktober hadde dei mista totalt 5000 mann på grunn av sjukdom.

Då dei kom attende til Spania vart Prado og Hevia stilt for krigsrett og dømde.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Tapet av Havanna og det vestlege Cuba var eit alvorleg nederlag for Spania. Ikkje berre var dei økonomiske tapa store, men prestisjen dei mista var langt verre. Nederlaget, i lag med den britiske erobringa av Manila halvannan månad seinare, gjorde at spanjolane hadde mista hovudstaden i både Spansk Vestindia og Spansk Austindia. Dette stadfesta Storbritannia som ei overlegen sjømakt og synte kor skjørt Det spanske imperiet var. På same måte som den tidlegare krigen om øyra til Jenkins hadde fått britane til å gjennomgå miltærsystemet sitt, fekk denne krigen spanjolane til å gå gjennom ein liknande prosess.

Havanna og Manila vart begge gjevne tilbake til Spania etter Paris-traktaten i 1763, men Spania måtte avstå Florida og Menorca til Storbritannia og betale løysepengar for Manila. Spania fekk Fransk Louisiana som kompensasjon for å ha tapt Florida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]