Slaget ved Helsingborg i 1710

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det første slaget ved Helsingborg vart utkjempa i 1362
Slaget ved Helsingborg
Del av den store nordiske krigen
Battle of Helsingborg print.jpg
Tysk koparstikk som syner slaget. (Krigsarkivet)
Dato 10. mars 1710
Stad Helsingborg i Sverige
Resultat Avgjerande svensk siger
Partar
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige Flag of Denmark.svg Danmark
Kommandantar
Magnus Stenbock Jørgen Rantzau
Styrkar
14 000[1] 14 000[1]
Tap
897 døde
2098 skadde[1]
1500 dead
3500 skadde
2677 tekne til fange[1]

Slaget ved Helsingborg (10. mars 1710) var eit dansk mislukka og siste forsøk på å ta attende Skåne, som vart tapt til Sverige i 1658.

På Ringstorphøgdene nordvest for Helsingborg, møtte 14 000 danskar under Jørgen Rantzau ein like stor svensk arme under Magnus Stenbock, og vart slått.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Danmark hadde vorte tvunge ut av den store nordiske krigen med Traventhal-traktaten i 1700, men hadde lenge hatt planar om å gjenerobre dei tapte provinsane Skåne, Halland og Blekinge. Etter at svenskane tapte i Poltava i 1709, nytta danskane høvet og erklærte krig mot Sverige same år. Krigserklæringa nådde svenskane den 18. oktober 1709. Årsaka som vart gjeven var at Sverige hadde juksa med Øresundtollen og at folkesetnaden i Skåne, Halland, Blekinge og Bohuslän hadde vorte mishandla[1].

Seint på hausten 1709 samla ein enorm dansk flåte seg i Øresund og den 2. november gjekk dei i land utanfor Råå. Den danske invasjonsarmeen vart leia av general Christian Ditlev Reventlow og bestod av 15 000 mann delt i seks kavaleriregiment, fire dragonregiment, åtte infanteriregiment og seks artillerikompani. Dei vart møtt utan motstand frå svenskane. Den svenske armeen var i dårleg forfatning etter Poltava, då fleire regiment hadde vorte heilt utsletta. Arbeidet med å byggje opp att armeen og rekruttere nye soldatar hadde starta så snart slaget i Poltava var over, men på seinsommaren 1709, hadde berre Magnus Stenbock eitt regiment i Skåne som var klar til kamp. Det svenske motåtaket måtte vente og armeen trekte seg tilbake til Småland. Tidleg i desember kontrollerte danskane nesten heile det sentrale Skåne, bortsett frå Landskrona og Malmö. Målet var å ta marinebasen i Karlskrona i Blekinge og den danske armeen flytta seg raskt innover i Sverige. I januar 1710 slo dei ein mindre svensk styrke utanfor Kristianstad.

Stenbock hadde desperat prøvd å samle ein ny svensk arme og fleire nye regiment hadde starta å samle seg i Växjö, der Stenbock hadde planlagt å marsjere ut frå. Dei nye rekruttane vart trent dagleg på eit islagt vatn nær byen. Den 5. februar hadde Stenbock flytta til Osby der fleire einingar kom til. No hadde han om lag 16 000 mann i hæren sin. Helsingborg var nøkkelen til Skåne og Stenbock ønskte å marsjere over Rönneå til Kävlingeån og slik avskjere dei danske forsyningslinjene.

Den danske kommandanten Reventlow innsåg trugselen og vendte med ein gong attende for å møte svenskane, men då dei nådde Ringsjön sentralt i Skåne, vart Reventlow brått sjuk og måtte gje kommandoen over til generalløytnant Jørgen Rantzau. Rantzau frykta å verte skvist mellom den svenske armeen og den svenske garnisonen i Malmö og flytta derfor mot Helsingborg. Då dei kom fram til byen, kunne Rantzau forsterke armeen og då han slo leir hadde han kring 10 000 fotsoldatar og 4 000 ryttarar. Stenbock fekk vite om marsjen til danskane for seint og måtte skunde seg attende til Helsingborg. Natt til 28. februar slo han leir nordaust for byen. Den svenske armeen var på denne tida like stor som den danske, men med fleire kavaleristar og færre infanteristar.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Morgonen den 28. februar marsjerte Stenbock sørover mot Helsingborg. Då han møtte dei danske stillingane gav han ordre til armeen sin om innta slagstillinga. Ei tjukk morgonskodde låg over området, så dei to motstandarane kunne ikkje sjå kvarandre. Då skodde letta kunne dei to kommandantane inspisere armeane sine. Rantzau såg at den svenske armeen omgjekk den venstre flanken hans og vart tvungen til raskt å forsterke denne. Rantzau hadde sett ut artilleriet sitt på høgdene i Ringstorp, og frå her opna han eld mot dei svenske troppane ved middagstider.

I staden for å gå mot den svake danske vestflanken, vendte Stenbock i staden armeen austover mot den danske høgreflanken. Dette vart av danskane rekna som eit forsøk på å omringe den danske austflanken og for å hindre dette marsjerte dei vidare austover, slik at det opna seg hol i den danske linja som ikkje kunne fyllast. I aust, ved Brohuset, fann dei første småtreffingane stad. Svenskane vart drive tilbake og den svenske kommandanten Burenskiöld vart fanga. Resten av den svenske austflanken klarte å betre situasjonen og snart var danskane svakare stilt. Rantzau deltok personleg i kampen, og tenkte ikkje på retninga til slaget og vart til slutt skadd av ei kule i brystet. Samstundes gjekk det rykte på den danske austflanken om at svenskane hadde omringa dei og at dei vart angripe bakfrå. Dette fekk heile formasjonen til å kollapse og soldatane flykta mot Helsingborg.

At Rantzau var borte frå slagmarka vart merkbart i den sentrale danske linja, der dei svenske styrkane hadde starta å gå til åtak. Danskane hadde store vanskar å stå imot åtaket og då soldatane såg korleis det gjekk med austflanken, starta linja sentralt å kollapse. Dei danske elitestyrkane Gardet og grenaderkorpset, som vart sett ut ved kantane, kunne hindre den svenske framrykkinga lenge nok til at dei andre styrkane kunne trekkje seg tilbake, men mange av dei flyktande soldatane vart felt av det svenske kavaleriet.

No gjekk svenskane til åtak på holet som hadde oppstått i det danske senteret og på vestflanken. Òg her var danskane utan leiarskap, sidan kommandanten von Dewitz hadde fått ordre om å dra til austsida av slaget. Det svenske kavaleriet jaga danskane og omringa så grenaderane. Den andre elitestyrken, Gardet, hadde alt vorte tvungen bakover og situasjonen vart uhaldbar for danskane. Generalmajor Valentin von Eickstedt gav ordre til danskane om å trekkje seg attende.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Resten av den danske armeen hadde søkt tilflukt innanfor bymurane i Helsingborg og Stenbock unngjekk å angripe dei fordi han meinte stillinga deira var altfor bra. I staden la han omleiring kring byen og inviterte danskane til å kapitulere. Tilbodet vart avslått av von Dewitz. Eit svensk krigsråd kom fram til at den svenske styrken var for svak til å storme byen, og starta i staden eit bombardement. 5. mars hadde dei siste restane av den danske armeen forlete Skåne etter å ha slakta alle hestane sine og sabotert kanonane.

Danskane mista over 7500 mann, som anten hadde vorte drepne, skadde eller tekne til fange. Svenskane fekk 2800 døde eller skadde. Den danske armeen forlet Skåne og skulle aldri kome attende.

Byen Helsingborg vart hardt råka av slaget, både sidan det svenske bombardementet øydela bygningane og fordi leivningane etter døde menneske og dyr forgifta brunnane. Ein pest råka så byen og reduserte innbyggjartalet ytterlegare. Helsingborg kom seg ikkje fullt på fote att før utpå midten av 1800-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Svenska slagfält, Lars Ericson, Martin Hårdstedt, Per Iko, Ingvar Sjöblom och Gunnar Åselius, Wahlström & Widstrand 2003, ISBN 91-46-21087-3.