Slaget ved Kapp François

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Cap-Français
Del av Sjuårskrigen

Dato 21. oktober 1757
Stad Utanfor Cap-Français ved Saint-Domingue
Resultat Uavgjort
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
Det britiske flagget Arthur Forrest Flagget til Frankrike Guy François de Coetnempren, comte de Kersaint
Styrkar
Tre linjeskip Fire linjeskip
Tre fregattar
Tap
23 drepne
89 skadde
500–600 drepne og skadde
Sjuårskrigen: Vestindia
Kapp François (1757) - Martinique (1759) - Guadeloupe (1759)Dominica (1761)Martinique (1762)Cuba (1762)

Slaget ved Cap-Français var eit sjøslag under sjuårskrigen mellom Den franske marinen og britiske Royal Navy utanfor hamna i Cap-Français i Saint-Domingue (dagens Cap-Haïtien i Haiti) den 21. oktober 1757.

Den britiske styrken bestod av tre linjeskip under commodore Arthur Forrest som vart sende til Saint-Domingue i håp om å avskjere ein fransk handelskonvoi som var på veg mot Frankrike. Dei fann ut at konvoien vart eskortert av skip kommandert av Guy François de Coetnempren, comte de Kersaint. Franskmennene kom ut for drive britane bort, då dei britiske skipa gjekk til åtak. Sjølv om dei kjempa mot ein langt større styrke, klarte britane å påføre dei store skadar, men vart sjølv alvorleg skadd og etter fleire timar braut franskmennene av og returnerte til hamn. Den britiske skvadronen gjekk og inn til land for å reparere skipa og den franske konvoien segla vidare månaden etter.

Sjølv om slaget var taktisk uavgjort, vart dei britiske offiserane populære heltar for å ha turt å setje i gang slaget med så dårlege odds. Den ungen nevøen til ein av offiserane ombord var Horatio Nelson. Nelson rekna datoen for slaget som eit godt teikn då han på dagen 48 år seinare møtte den franske flåten i slaget ved Trafalgar.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Dei britiske styrkane bestod av ein skvadron på tre linjeskip under kommandant Arthur Forrest, som hadde vorte sende frå Jamaica av kontreadmiral Thomas Cotes for å avskjere ein fransk konvoi.[1] To av skipa, Augusta og Dreadnought hadde 60 kanonar kvar, medan Edinburgh hadde 64 kanonar under kaptein William Langdon.[1] Skvadronen nådde Cap-Français morgonen 21. oktober å venta å finne konvoien der.[1]

Den franske konvoien vart eskortert av fire linjeskip og tre store fregattar, under comte de Kersaint. Kersaint hadde ein langt større styrke enn britane og sette derfor etter dei for å ta dei.[1] Kersaint segla flaggskipet sitt Intrépide med 70 kanonar, og hadde med seg Sceptre (70 kanonar) under kaptein Clavel, Opiniatre (64 kanonar) under kaptein Mollieu, Greenwich (50 kanonar) under kaptein Foucault, Outarde (44 kanonar) og fregattane Sauvage og Licorne (36 kanonar kvar).[1]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Forrest innsåg at den franske eskorten var langt større enn venta og at dei no kom imot dei. Forrest kalla alle kapteinane saman for eit møte på skipet sitt.[2] Dei tre kapteinane møttest på akterdekketAugusta, der Forrest sa «Vel, herrar, de ser at dei kjem for å ta oss»[2] Suckling svarte «Eg trur det vil vere synd å skuffe dei», noko Langdon var samd i.[2] Forrest avslutta diskusjonen med å sei, «greit, gå ombord på skipa dykkar att», noko Langdon og Suckling gjorde. Samtalen varte berre eit halvt minutt.[2]

Britane danna så ei linje og styrte rett mot dei. Suckling på Dreadnought gjekk først med Augusta i midten og Langdon i Edinburgh bak.[1][2] Kampen starta 1520 og varte to og ein halv time då Kersaint signaliserte til ein av fregattane sine om at han måtte tauast bort.[1] Dette skapte uorden i den franske linja, og Intrépide, Superbe og Greenwich hamna side om side og vart kraftig bombardert av Augusta og Edinburgh før dei klarte å vikle seg frå kvarandre att.[3]

Dei andre franske skipa braut gradvis bort frå kampen. Britane var ikkje i stand til å følgje etter og hadde sjølv mista 23 mann og fått 89 skadde. Skipa hadde mista master og riggutstyr.[1][2] Dreadnought hadde mista den store mersestanga og mesanstanga si og kunne ikkje følgje franskmennene. Den britiske skvadronen segla attende til Jamaica for å reparere skipa sine.[1][2] Kersaint, som vart skadd i slaget, segla til Cap-Français for å reparere sine skip og segla så til Frankrike med konvoien sin i november.[1][2] Det er estimert at franskmennene fekk mellom 500 og 600 mann drepne eller skadde, og Opiniatre mista masta si, medan Greenwich tok inn store mengder vatn.[3]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Slaget enda uavgjort, men Kersaint klarte å føre konvoien uskadd fram til Frankrike så snart skipa hans var reparert. Likevel vart dei britiske kapteinane hylla for heltemotet dei viste når dei gjekk til åtak på den langt sterkare fienden. Kersaint vart råka av uvêr utanfor kysten av Frankrike, og Opiniatre, Greenwich og Outarde gjekk på grunn og forliste.[1]Greenwich forliste 1. januar 1758 markerte det slutten på ei kort karriere for franskmennene. Greenwich hadde tidlegare vore eit britisk skip kapra av ein fransk skvadron under kommandør Joseph de Bauffremont den 18. mars 1757, utanfor Saint-Domingue under kaptein Robert Roddam.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Marley. Wars of the Americas. s. 280–1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Laughton. Horatio Nelson. s. 3–4. 
  3. 3,0 3,1 Schomberg. Naval Chronology. s. 296. 
  4. Marley. Wars of the Americas. s. 278. 
  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Cap-Français» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Laughton, John Knox (2005). Horatio Nelson. Kessinger Publishing. ISBN 1417963700. 
    • Marley, David (1998). Wars of the Americas: A Chronology of Armed Conflicts in the New World, 1492 to the Present. ABC-CLIO. ISBN 0874368375. 
    • Nicolas, Nicholas Harris (1846). The dispatches and letters of vice admiral ... Nelson, with notes by sir N.H. Nicolas 7. London: Henry Colburn. 
    • Schomberg, Isaac (1802). Naval Chronology: or, An Historical Summary of Naval & Maritime Events, from the Time of the Romans, to the Treaty of Peace, 1802 1. London: T. Egerton by C. Roworth.