Slaget ved Krefeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Krefeld
Del av sjuårskrigen
Dato 23. juni 1758
Stad Krefeld, i dagens Tyskland
Resultat Alliert siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen

Flagget til Hessen Hessen-Kassel
Flagget til HannoverKurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia

Pavillon royal de France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Hertug Ferdinand av Braunschweig Louis de Bourbon
Styrkar
32 000 mann 47 000 mann
Tap
2200 mann 3000 mann

Slaget ved Krefeld var eit slag den 23. juni 1758 mellom Preussen-Hannover og Frankrike under sjuårskrigen.

Den hannoverske armeen leia av hertug Ferdinand, bror til hertugen av Braunschweig, hadde drive franskmennene leia av Comte de Clermont tilbake til andre sida av Rhinen. Armeen til Ferdinand hadde kryssa over til venstresida av Rhinen og var no i ein posisjon der han truga grensa til Frankrike. Slaget ved Rheinberg vart utkjempa 12. juni, men vart ikkje avgjerande. Clermont, som nyleg hadde erstatta Duc de Richelieu som kommandør over den franske armeen, prøvde å stoppe framrykkinga. Han valde ei forsvarslinje på sørsida av ein mura kanal som gjekk om lag frå aust til vest. Kanalen fungerte som ei slags naturleg festning som Clermont lett kunne forsvare.

Etter fleire skinnåtak mot høgreflanken til Clermont, marsjerte Ferdinand ein vid boge mot flanken og kryssa kanelen ute av syne for franskmennene. Han dukka opp att i eit skogområde på venstreflanken til Clermont. Clermont, som var midt i middagen, sendte forsterkningar for seint, og venstreflanken hans vart knust.

Comte de Gisors, den populære, karismatiske sonen til den franske krigsministeren Comte de Belle-Isle, vart dødeleg skadd då han rykte fram i front av dei franske karabinierane. Comte de St. Germain, som kommanderte den franske venstreflanken, klarte likevel å hindre ein fullstendig slakt, og den franske armeen klarte å trekke seg tilbake i relativt god orden.

Erbprinzen, sonen til hertugen av Braunschweig som seinare døydde av skadane han fekk under slaget ved Jena i napoleonskrigane, kommanderte dei allierte troppane. Clermont bad om å få sleppe som kommandant etter nederlaget, eit ønske han fekk oppfylt. Han vart etterfølgd av marskalk de Contades.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1]The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."

Koordinatar: 51°18′10″N 6°30′39″E