Slaget ved Lagos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Lagos
Del av sjuårskrigen

Dato 18. og 19. august 1759
Stad Mellom Gibraltar og Lagos i Portugal
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
Sir Edward Boscawen Jean-François de La Clue-Sabran
Styrkar
14 linjeskip 12 linjeskip
Tap
To franske linjeskip vart øydelagde og tre tekne.
Sjuårskrigen: Quiberon
Le Havre - LagosQuiberonbukta - Carrickfergus

Slaget ved Lagos var eit sjøslag mellom Storbritannia og Frankrike som fann stad 19. august 1759 under sjuårskrigen utanfor kysten av Spania og Portugal og kalla opp etter Lagos i Portugal.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Ministrane til kong Ludvig XV av Frankrike hadde planar om å invadere Storbritannia i 1759, under sjuårskrigen. Dei hadde samla ein arme ved Vannes, søraust i Bretagne og dei hadde samla transportmidlar i dei lukka farvatna rundt Morbihan, som er knytte til Quiberonbukta. Planen til dei franske ministrane var å samle 21 linjeskip ved Brest, kommandert av de Conflans og 12 skip som vart ført frå Toulon av de la Clue. Armeen skulle så førast over til den engelske eller skotske kysten, verna av desse linjeskipa.

Admiral Edward Boscawen fekk oppgava om å blokkere de la Clue ved Toulon. Med seg hadde han 14 linjeskip. Boscawen nådde fram 16. mai 1759. I starten av juli måtte han trekke seg attende til Gibraltar på grunn av mangel på vatn og forsyningar, samt at nokre av skipa hans var skadde av franske batteri. Han nådde hamna den 4. august. Den 5. august forlet de la Clue Toulon og 17. august passerte han Gibraltarsundet, der han vart oppdaga av Boscawen sine speidarar.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den britiske flåten la raskt til havs og følgde etter i to divisjonar med ein avstand mellom seg på om lag ei nautisk mil. Natta mellom 17. og 18. august mista fem av skipa til de la Clue flaggskipet hans av syne og dei sette kurs mot Cadiz. Dei andre sju, som hadde vorte forseinka i håp om å finne dei fem skipa, vart teken igjen av Boscawen og angripe ettermiddagen den 18. august. Eit skip, «Centaure» 74, vart erobra etter galant motstand, der det britiske flaggskipet vart kraftig skadd. Boscawen flytta så over til «Newark».

Natt til 19. august endra to franske skip («Souverain» og «Guerrier») kurs mot vest og klarte å kome seg unna. Dei fire resterande skipa rømde nordover og inn i portugisisk farvatn nær Lagos, der «Océan», flaggskipet til de la Clue, og «Redoutable» vart driven på grunn og øydelagde, medan «Téméraire» og «Modeste» vart kapra.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

De la Clue vart alvorleg skadd og ført i land i Portugal. Dei fem skipa i Cadiz vart blokkerte av nestkommanderande til Boscawen, admiral Broderick.

Sjølv om nederlaget til den franske skvadronen øydela ein viktig del av planen om å invadere Dei britiske øyane, valde franskmennene å gjennomføre åtaket. Planen vart omsider gjeve opp i november same år etter at franskmennene tapte i slaget ved Quiberonbukta.

Etter å ha reparert skipa sine, vart fleire av skipa til Boscawen sende til flåten til admiral Hawke utanfor Ushant og fem av desse var med Hawke då han øydela Brest-flåten i slaget ved Quiberonbukta.

Involverte skip[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

«Namur» 90 (flaggskip)
«Prince» 90
«Newark» 80
«Warspite» 74
«Culloden» 74
«Conqueror» 70
«Swiftsure» 70
«Edgar» 64
«St Albans» 64
«Intrepid» 60
«America» 60
«Princess Louisa» 60
«Jersey» 60
«Guernsey» 50
«Portland» 50
Det var òg 14 mindre britiske skip med i slaget.

Frankrike[endre | endre wikiteksten]

«Océan» 80 (flaggskip) - gjekk på grunn og brende 19. august
«Téméraire» 74 - kapra 19. august
«Modeste» 64 - kapra 19. august
«Redoutable» 74 - gjekk på grunn og brende 19. august
«Souverain» 74 - rømde
«Guerrier» 74 - rømde
«Centaure» 74 - kapra 18. august

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Lagos» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Beatson. Naval og Military Memoirs of Great Britain, vol. ii. p. 321 et seq.
    • Clowes, W.L. (ed.). The Royal Navy; A History, from the Earliest Times to the Present, Volume III. (London 1898).
    • Jenkins, E.H. A History of the French Navy (London 1973).
    • Marcus, G. Quiberon Bay; The Campaign in Home Waters, 1759 (London, 1960).
    • Troude. Batailles navales de la France, vol. i. p. 379 et seq.
    • Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.