Slaget ved Landen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Landen
Del av niårskrigen
Dato 29. juli 1693
Stad Neerwinden, i dagens Belgia
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1] Flag of England.svg England
Flag of Scotland.svg Skottland
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
marskalk Luxembourg Vilhelm III av England og II av Skottland
Styrkar
80 000 50 000
Tap
9 000 19 000

Slaget ved Landen (eller Neerwinden), i det som i dag er i den belgiske provinsen Flamsk Brabant, var eit slag i niårskrigen, utkjempa i dagen Belgia den 29. juli 1693 mellom den franske armeen til marskalk Luxembourg og den allierte armeen til kong Vilhelm III av England.Franskmennene gjekk til åtak mot den allierte stillinga tre gonger før det franske kavaleriet endeleg klarte å bryte gjennom det allierte forsvaret og dreiv armeen til Vilhelm bort frå slagmarka i ei nedslakting. Slaget var kostbart for begge sider, for franskmennene mista 9 000 mann medan dei allierte mista 19 000. Franskmennene klarte ikkje å følgje opp sigeren slik at Vilhelm kunne kome seg unna.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Marskalk Luxembourg hadde med list klart å få Vilhelm til å dele opp delar av armeen sin, og fekk raskt samla saman ein svær arme for å gå mot den allierte leiren, som låg i ein halvsirkel frå Eliksem til høgre til Neerlanden, så langs den vesle elva Landen til venstre (18–28. juli 1693). Vilhelm hadde ikkje tenkt å trekkje seg attende over elva Gete og grave ei sterk skyttargrav frå Laar gjennom Neerwinden til Neerlanden.

Til høgre for denne linja (Laar til Neerwinden) var lendet oppstykka og gav mykje dekning for begge sider. Denne delen vart rekna som nøkkelen til stillinga og hadde ein sterk garnison. I midten var det opne lendet mellom Neerwinden og Neerlanden kraftig forskansa og føre Rumsdorp vart det sett opp ein framskoten plass for observasjon. Til venstre for Neerlanden låg elva Landen og var vanskeleg tilgjengeleg.

Marskalk Luxembourg var klar over at den allierte fronten var strekt ut og at om han gjekk til åtak på den eine flanken, så ville det ta for lang tid for den andre flanken å nå fram i tide. Den generelle planen til Luxembourg var derfor å fokusere åtaket på Laar-Neerwinden-delen, særleg ved sjølve Neerwinden, og spare på styrkane sine (slik dette vart forstått før Napoleon si tid.

Marskalk Luxembourg hadde om lag 80 000 mann mot Vilhelm sine 50 000. Soldatane meint for hovudåtaket, 28 000 mann, vart sett opp ovanfor Neerwinden. Dette var om lag ein tredjedel av styrke, men viste seg å vere for lite i det avgjerande åtaket. Soldatane i det allierte senteret og til venstre måtte handle med stor energi for å halde stillinga. Ved Laar-Neerwinden vart åtaket omsider ein suksess, men berre ved at ein pøste på med soldatar.

I senteret starta etter kvart ein mordarisk kamp og det vart kjempa om kvar ein meter. Etter ei stund leia Vilhelm sjølv eit tungt motåtak, og dreiv franskmennene bort frå landsbyane. Eit nytt fransk åtak vart pressa attende med same kraft. Samstundes følte franskmennene at dei starta å vinne terreng andre stader. I senteret stod seks linjer med kavaleri og etter å ha kjempa mot dei allierte i mange timar, klarte dei å kome seg opp til skyttargravene. Ved Neerlanden og Rumsdorp var det harde mann-mot-mann-kampar Samstundes vart fleire franske infanteristar sett inn i eit siste store åtak på Neerwinden, som viste seg å bli for mykje for dei utslitne forsvararane. Dei fall sakte attende. Vilhelm hadde starta å flytte soldatar frå senteret og venstreflanken mot høgreflanken for å møte det store åtaket ved Neerwinden. Feuquières såg dette og leia kavaleriet i det franske senteret rett mot skyttargravene. Dette overraska dei allierte og dei franske skvadronane reid over alle soldatane dei kom over, og dei allierte vart tvungen til å raskt trekkje seg tilbake til andre sida av Gete. Hundrevis døydde på veg over elva.

Ein hardnakka baktropp av engelske og skotske soldatar, leia av Vilhelm, sjølv redda den allierte armeen.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Det var under dette slaget at Vilhelm, når han såg den franske viljen om å ta det høge terrenget trass i dei mordariske allierte geværsalvane skal ha sagt, «Åh! Den uforskamma nasjonen!»

Marskalk Luxembourg hadde vunne den største sigeren sinn, mykje takka vere handlinga til Feuquières.

I alt vart 19 000 allierte soldatar drepne, skadde eller tekne til fangar, medan franskmennene tapte 9 000 mann. Franskmennene tok òg åtti kanonar og mange faner. Den franske kommandanten, marskalk Luxembourg, tok så mange faner at han kunne lage ein «tapet» av dei inne i Notre-Dame-katedralen i Paris. På grunn av dette fekk han kallenamnet le Tapissier de Notre-Dame, «tapetseraren av Notre-Dame».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."