Slaget ved Leuze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Leuze
Del av niårskrigen
Combat de Leuze, 18 September 1691.jpg
Combat de Leuze av Joseph Parrocel
Dato 18. september 1691
Stad Leuze-en-Hainaut, i dagens Belgia
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of Scotland.svg Skottland
Kommandantar
Flagget til Frankrike Duc de Luxembourg Flagget til Den nederlandske republikken Friedrich av Waldeck
Styrkar
28 skvadronar 72 skvadronar
Tap
400 døde eller skadde 1,500 - 2 000 døde eller skadde

Slaget ved Leuze fann stad den 18. september 1691 og var eit kjend fransk kavaleriåtak i niårskrigen, mot ein større allierte styrke.

Marskalk Luxembourg fekk melding om at Vilhelm III av Oranien hadde reist til England i den tru om at felttoget for 1691 var over. Waldeck, som no hadde kommandoen, var i ferd med å gjere klar for vinterkvarter.

Marskalk Luxembourg var nær Tournai fekk Marsilly til å rekognosering. Hovudarmeen til dei allierte var på veg bort, medan ein baktropp av kavaleristar var att ved Leuze. Luxembourg handla raskt. Han sende ei avdeling til å følgje etter hovudarmeen, og med skvadronane til Villars og Marsilly gjekk han til åtak utan åtvaring. Det franske kavaleriet gjekk til åtak og nytta berre sverda sine.

Det allierte kavaleriet var større, men kunne ikkje mønstre fordi dei hadde avgrensa plass til å manøvrere i. Det allierte infanteriet, inkludert regimentet til Mackay[1] tok òg del i slaget, men fekk ikkje utretta stort.

Slaget varte berre i to timar, men var ein total siger for franskmennene. Dei flyktande soldatane som var att av det allierte kavaleriet vart redda av soldatar sendt attende av Waldeck. Luxembourg hadde delteke midt i slaget sjølv og måtte forsvare seg mot direkte åtak mot seg sjølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.spanishsuccession.nl/armies_up/regiment_uf58_murray.html