Slaget ved Madonna dell'Olmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Madonna dell'Olmo
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen
Dato 30. september 1744
Stad Cuneo i Italia
Resultat Fransk-spansk siger
Partar
Frankrike Frankrike
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Kongedømet Sardinia Kongedømet Sardinia
Kommandantar
Frankrike Fyrsten av Conti
Det spanske riket 1701-1748 Filip av Parma
Det spanske riket 1701-1748 Marquis De La Mina
Kongedømet Sardinia Karl Emmanuel III av Sardinia
Styrkar
om lag 26 000 om lag 25 000
Tap
2700 skadde eller døde 4400 døde, skadde eller tekne til fange
Feltog i den austerrikske arvefølgjekrigen i Italia
Campo SantoVillafrancaCasteldelfinoVelletriMadonna dell'OlmoBassignanoPiacenzaRottofreddo - Assietta

Slaget ved Madonna dell'Olmo (òg kalla slaget ved Cuneo) fann stad utanfor Cuneo i Italia den 30. september 1744 og vart ein pyrrhossiger for Frankrike og Spania over Kongedømet Sardinia under den austerrikske arvefølgjekrigen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Cuneo kom til som følgje av skilnader i fransk-spansk politikk midtvegs inn i 1744. Spania ønskte å rykke nedover kysten av Italia, gjennom Genova, for å okkupere landområda rundt Parma, som alt var bestemt å skulle verte det nye riket til Filip, den tredje sonen til kong Filip V av Spania og kona hans Elizabeth Farnese. Hovudmålet til Frankrike var å audmjuke Piemonte-Sardinia og tvinge landet bort frå alliansen med Austerrike, eller til og med trekke seg heilt ut av krigen. Den franske kommandanten, fyrsten av Conti, aksepterte ikkje den spanske planen fordi han meinte planen ikkje heldt mål, medan den spanske dronninga, Elizabeth Farnese, stod på sitt. Til slutt kom ein fram til eit kompromiss. Ein skulle følgje planen til Spania etter at Piemonte-Sardinia var audmjuka. Når den franske delen av planen var utført skulle dei marsjere inn i Lombardia og sikre Filip det nye riket hans.

Framrykkinga til Cuneo[endre | endre wikiteksten]

Hovudplanen for å invadere Piemonte vart lagt av generalløytnant Pierre Joseph de Bourcet, som var den fremste franske eksperten på krigføring i Alpane. Hovudproblem for den invaderande armeen var å forsere fjellovergangane i Alpane. Sjølv eit fåtal mann kunne klare å halde ut lenge mot store hærar i dette kuperte fjellterrenget. De Bourcets plan var å nytte mange mann, 33 000 til 25 000, for å fordele framrykkinga i fleire rekkjer, som så skulle gå fram mot forskjellige utpostar samstundes. På den måten ville det òg verte mogeleg å omringe dei piemontesiske styrkane, og gje dei fordelen av å kome overraskande på. Ved å setje press på heile fronten meinte han at det piemontesiske forsvaret ein eller annan stad ville trekkje seg tilbake for ikkje å verte omringa, slik at dei forskjellige rekkjene av spansk-franske styrkar kunne samle seg saman og bryte gjennom overgangen.

Med dette i bakhovudet starta den fransk-spanske armeen å omgruppere seg i regionen Dauphine i juni. Så snart dei var samla vart det oppretta kolonnar føre Briancion og St. Etienne. Den 5. juli braut dei leir og ni forskjellige kolonnar marsjerte mot hjartet av Piemonte. Trass i småkrangling mellom Conti og La Mina la den fransk-spanske armeen under seg fleire landsbyar på vegen. På veg inn i Sturadalen måtte dei gjennom 6-7 meter breitt gjel kalla Barrikadane. Dei piemontesiske styrkane såg kor dei spanske-franske troppane flytta seg nord og sør for posisjonen deira, og for å unngå å verte omringa forlet dei dalen utan kamp. Den fransk-spanske armeen samla seg no i Sturadalen for å utnytte holet i forsvarsverket til Karl Emmanuel.

Ein annan triumf kom 19. juli då den fransk-spanske armeen vann slaget ved Casteldelfino og byen Demonte, den siste utposten før Cuneo, som overgav seg til Conti den 17. august 1744.

Omleiringa av Cuneo[endre | endre wikiteksten]

Sidan kong Fredrik den store av Preussen rykte fram i Böhmen, visste Karl Emmanuel at størstedelen av troppane han trengde for å forsvare Cuneo måtte kome frå hans eige område. Med dette i tankane heldt han armeen sin på 25 000 mann tilbake nær Saluzzo for å venta på forsterkingar. For å vakte over Cuneo valde han ut generalmajor Frederick de Leutrum - som hadde gjort det bra ved Campo Santo - til å kommandere garnisonen og sende ut militsen i kongedømet, som kunne fungere som ein geriljastyrke.

Omleiringa av Cuneo starta natt til 13. september. Planen til Conti involverte tre armear - ein til å omleire, ein annan til å møte armeen til Karl Emmanuel og ein tredje til å patruljere omliggande landområde. Sjølv om De Leutram synte skarpsinn med til dømes å lyse opp himmelen for å syne skyttargravene som kanonane kunne bombardere og stadige hadde tokt i fjella, hadde Conti klart å nærme seg festninga den 28. september. Det var på dette tidspunktet at kongen av Sardinina valde og handle.

Planen til Karl Emmanuel[endre | endre wikiteksten]

Karl Emmanual hadde alt funne ut at motstandaren hadde fleire menn og at han trengde ein meir ambisiøs plan for å redde Cuneo. Han sette opp fem mål for armeen sin:

1. Eit feltslag mot den fransk-spanske armeen 2. Få sendt inn forsyningar til Cuneo og evakuere dei skadde 3. Gå til åtak på fransk-spanske utpostar rundt Cuneo 4. La De Leutram leie eit tokt for å øydeleggje anlegget som produserte omleiringsvåpen aust for elva Gesso. 5. La militsen hans gå til åtak på dei fransk-spanske kommunikasjonslinjene i Sturadalen.

Det glimrande med planen var at så lenge det første målet heldt Conti og La Mina opptekne med hovudhæren til Sardinia, og ikkje var klar over dei fire andre måla i planen hans, så trengde ikkje kongen å vinne det komande slaget. Om han klarte å nå dei fire andre måla og sidan vinteren og snøen snart sette inn, så vil dette føre til at franskmennene og spanjolane vart tvungen til å lette omleiringa og trekke seg tilbake til Frankrike. Kongen Sardinia søkte å vinne tid.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Seint i september rykte Karl Emmanuel fram frå Saluzzo mot Cuneo, medan Conti samstundes flytta armeen sin mot piemontesarane. Mot slutten av den 29. september okkuperte Conti posisjonen mellom Caraglio og Madonna dell'Olmo, medan Karl Emmanuel om morgonen den 30. september hadde flytta armeen midt mot Conti sin.

Handlinga starta rundt middagstider då kroatane (på lån frå Austerrike) i den sardinske hæren storma fram mot dell'Olmo. Det kroatiske åtaket vart slått tilbake av spanjolane og sjølv grenaderane til Karl Emmanuel klarte å rykke framover. På den motsette flanken klarte ikkje franskmennene å få tak på piemontesarane på grunn av ei grøft og nokre barrikadar som låg i vegen. I midten nytta derimot Conti artilleriet sitt til å gjekk dekkeld for eit fransk infanteriåtak. Slaget i midten låg og vippa heilt til Karl Emmanuel innsåg at han ikkje ville klare å ta Madonna dell'Olmo og gav ordre om retrett. Då natta seig inn hadde dei to sidene trekt seg ut.

Av totalt 25 000 mann hadde kongen av Sardinia mista 4400 mann, medan den allierte sida hadde mista litt over halvparten av dette, 2700 drepne eller skadde. I tillegg hadde Conti armeen sin intakt.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om sigeren gjekk til den fransk-spanske armeen, klarte Karl Emmanuel å gjennomføre det meste av planen sin. Dei fransk-spanske utpostane rundt Cuneo var framleis intakt, men våpenanlegget var øydelagd, garnisonen hadde fått forsyningar og vart forsterka, og kommunikasjonslinjene til til Cuneo var avskorne. I tillegg førte regnet som sette inn i starten av oktober til at grøftene vart fylte med vatn og vegane vaska bort. Etter eit krigsråd den 11. oktober vart det avgjort at den fransk-spanske armeen var langt frå å nå målet sitt, og med vinteren for døra ville snøen hindre ein tilbaketrekking over fjellet. Den 19. november hadde den fransk-spanske armeen kryssa Alpane på ny og den 20. november starta det å snø.

Voltaire konkluderte «det er nesten alltid lagnaden til dei som driv krigføring i Alpane utan å kontrollere territoriet, at armeen deira går tapt sjølv i siger»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Browning, R - The War of The Austrian Succession s. 187-189