Slaget ved Malplaquet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Malplaquet
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Bataille Malplaquet.jpg
Slaget ved Malplaquet, sett frå den allierte sida
Dato 11. september 1709
Stad Malplaquet, i dagens Frankrike
Resultat Alliert pyrrhossiger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike

Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen

Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike
Flagget til Bayern Kurfyrstedømet Bayern
Kommandantar
Det britiske flagget Hertugen av Marlborough
Flagget til Det tysk-romerske riket Eugene av Savoie
Flagget til Frankrike Claude de Villars
Flagget til Frankrike Louis Boufflers
Styrkar
86 000, 100 kanonar[1] 75 000, 80 kanonar[2]
Tap
21 000 drepne og skadde[3] 11 000 drepne og skadde[3]

Slaget ved Malplaquet, utkjempa den 11. september 1709, var eit av dei største slaga i den spanske arvefølgjekrigen, mellom Bourbon med Frankrike og Spania mot dei allierte med Habsburgmonarkiet, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda og Kongedømet Preussen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter at felttoget hadde kome seint i gang på grunn av ein uvanleg hard vinter det året, starta det allierte felttog i 1709 i midten av juni. Dei klarte ikkje å føre den franske armeen under marskalk Villars ut i slag på grunn av sterke franske forsvarslinjer og fordi marskalken hadde ordre frå Versailles om å ikkje risikere slag. Hertugen av Marlborough konsentrerte seg i staden om å ta festningane i Tournai og Ypres. Tournai fall etter ei uvanleg lang kringsetjing på nesten 70 dagar, og ein var då kome ut i tidleg september, og i staden for å risikere at sjukdom spreidde seg i armeen sin i dei våte områda kring Ypres, flytta Marlborough seg staden austover til den mindre festninga Mons, i håp om å gå kring flanken til den franske forsvarslinja i vest. Villars flytta etter han, med nye ordre frå Ludvig XIV om å hindre at Mons fall, koste kva det koste ville. Det var i røynda ein ordre om å egge til slag. Etter fleire kompliserte manøvrar, møtte dei to armeane kvarandre i kløfta ved Malplaquet, sørvest for Mons.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den allierte armeen var leia av Marlborough og Eugene av Savoie og bestod hovudsakleg av nederlandske og austerrikske styrkar, men òg ein god del britar og prøyssarar, medan franskmennene og ein kontingent frå Bayern var kommandert av Villars og marskalk Boufflers. Boufflers var offisielt Villars sin overordna, men tente frivillig under han. Dei allierte hadde kring 86 000 soldatar og 100 kanonar[1] og franskmennene hadde kring 75 000 og 80 kanonar,[2] og dei stod mot kvarandre innanfor rekkevidde for kanonane nær det som i dag er grensa til Belgia. På den tida var området framleis ein del av Dei spanske Nederlanda. Kl. 0900 den 11. september, gjekk austerrikarane til åtak, støtta av prøyssiske styrkar, under grev Albrecht Konrad Finck von Finckenstein, og pressa den franske venstreflanken inn i skogen bak dei. Nederlendarane under prins Johan Vilhelm Friso av Oranien, på den allierte venstreflanken, gjekk til åtak på den franske høgreflanken ein halv time seinare, og klarte med store tap å halde Boufflers lenge nok i sjakk til at han ikkje kom til å støtte Villars.

Slaget ved Malplaquet

Villars klarte å omgruppere styrkane sine, men Marlborough og Eugène gjekk til åtak på ny, assistert av ei avdeling under general Withers som rykte fram mot den franske venstreflanken, og tvinga Villars til å trekkje styrkar frå senteret sitt til å møte dei. Rundt kl. 1300 vart Villars hardt skadd av ei muskettkule, som øydela kneet hans, og kommandoen gjekk over til Boufflers. Det avgjerande, siste åtaket vart retta mot det no svekka franske senteret av britisk infanteri under jarlen av Orknøyane, som klarte å å ta den franske linja av redanar. Dette gjorde at det allierte kavaleriet kunne rykke gjennom denne linja og møte det franske kavaleriet bakom. Ein hard kamp følgde, der Boufflers personleg leia elitesoldatane i Maison du Roi. Han klarte å drive det allierte kavaleriet attende til redanane heile seks gonger, men kvar gong vart det franske kavaleriet driven attende av det britiske infanteriet. Til slutt, kl. 1500, forstod Boufflers at slaget ikkje kunne vinnast og gav ordre om retrett, som skjedde i god orden. Dei allierte hadde tapt så mange menn i åtaka deira at dei ikkje unne følgje etter han. På dette tidspunktet hadde dei tapt over 21 000 mann, nesten dobbelt så mange som franskmennene.[3]

Førstehandsforteljing[endre | endre wikiteksten]

Ei førstehandsforteljing av slaget ved Malplaquet finst i boka Amiable Renegade: The Memoirs of Peter Drake (1671-1753)[4]. Kaptein Peter Drake, ein ire som det meste av livet sitt levde som leigesoldat for forskjellige europeiske armear, tente for franskmennene i slaget og vart skadd fleire gonger. Drake skreiv memoarane sine då han var gammal.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Som standard var i krigføringa i denne tida, vart slaget rekna som ein alliert siger, fordi franskmennene trekte seg attende ved slutten av slaget, og let Marlborough vere att på slagmarka, men med dobbelt så store tap. I motsetnad til dei tidlegare sigrane til hertugen, klarte den franske armeen denne gongen å trekkje seg attende i god orden og var relativt intakt. Dei var derfor framleis ein potensiell trugsel for framtidige allierte operasjonar. Villars hevda at eit par franske nederlag som dette til, ville øydeleggje den allierte armeen[5] og historikaren John A. Lynn skreiv i boka si The Wars of Louis XIV 1667-1714 at sigeren var ein pyrrhossiger[6] men forsøket på å redde Mons mislukkast og festninga fall den 20. oktober. Likevel rysta meldingane frå Malplaquet, det blodigaste slaget på 1700-talet, Europa. Ryktet om at sjølv Marlborough hadde omkome vart ein av dei mest populære franske folkevisene, «Marlbrough s'en va-t-en guerre». For den siste av dei fire store slagsigrane sine, fekk ikkje Marlborough eit personleg takkebrev frå dronning Anne. Richard Blackmore Instructions to Vander Beck var det einaste av dei engelske dikta som prøvde å hylle «sigeren» til Marlborough i Malplaquet, medan det engelske Tory-partiet starta å diskutere å trekkje seg ut av alliansen så snart dei hadde danna ei regjering året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lynn, John A. The Wars of Louis XIV: 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2
  • Drake, Peter. Amiable Renegade: The Memoirs of Captain Peter Drake (1671-1753) Stanford University Press, (1960).
  1. 1,0 1,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 332
  2. 2,0 2,1 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 331
  3. 3,0 3,1 3,2 Lynn: The Wars of Louis XIV 1667-1714, s. 334
  4. på side 163 til 170
  5. I eit brev til Ludvig XIV skreiv han: «Si Dieu nous fait la grâce de perdre encore une pareille bataille, Votre Majesté peut compter que tous ses ennemis seront détruits.»
  6. Lynn, 1999, ISBN 0-582-05629-2, s. 334: «Marlborough's triumph proved to be a Pyrrhic victory».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Malplaquet