Slaget ved Manila i 1762

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Manila
Del av sjuårskrigen

Stad ManilaFilippinane
Resultat
Partar
 Storbritannia  Spania
Kommandantar
Brigadegeneral William Draper
kontreadmiral Samuel Cornish
Erkebiskop Manuel Rojo
Simón de Anda y Salazar
Styrkar
4500 regulære britiske og indiske soldatar
1750 sjømenn og marinesoldatar
200+ leigesoldatar
15 skip
565 regulære spanske soldatar
9000 filippinske soldatar
Sjuårskrigen: Austindia
PlasseyCuddaloreNegapatamPondicherryWandiwash - Manila

Slaget ved Manila vart utkjempa under sjuårskrigen frå 24. september til 6. oktober 1762 mellom Storbritannia og Spania i og rundt Manila, hovudstaden på Filippinane, som var ein spansk koloni på denne tida.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Britiske soldatar i India stod unytta etter Pondicherry fall. Då Spania kom med i krigen, vart dei ledige til å nyttast mot spanske område i Asia.

I juni 1762 fekk kontreadmiral Samuel Cornish hemmelege ordrar frå kongen om å setje ut på eit tokt. Denne meldinga tok han med seg til styresmaktene i Calcutta. Målet med åtaket var like mykje hærfangst som geopolitiske fordelar, og toktet fekk berre avgrensa støtte frå Det britiske austindiske kompaniet.

1. august 1762 segla ein britisk flåte med åtte linjeskip, tre fregattar og fire lagerskip frå Madras med ein styrke på 6839 regulære soldatar, sjømenn og marinesoldatar. Kommandøren for toktet var brigadegeneral William Draper. Han hadde oberst Monson som nestkommanderte, major Scott som adjutantgeneral og kaptein Fletcher som brigademajor.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte forseinka av uvêr og den dårlege tilstanden til skipa til admiral Cornish, kom ekspedisjonen fram til Manilabukta den 24. september og ankra opp utanfor Fort Cavite.

Den 25. september sendte Draper soldatane i land utan motstand gjennom kraftig brottsjø, om lag 2,5 km sør for bymurane. Mange marinesoldatar og sjømenn vart òg sende i land. Garnisonen i Manila bestod av 20 eit kongeleg regiment (20 kompani med 100 mann i kvar). Desse kompania var langt frå sitt sterkaste. Sjukdom og desertering, samt at forskjellige avdelingar var sendt bort, hadde redusert regimentet til om lag 565 soldatar. Det var berre 80 artillerimenn, inkludert nokre filippinarar.

Den 26. september tok Draper eit lite fort som spanjolane hadde forlate 200 meter frå skanseskråningen og starta å byggje eit batteri her, medan skipa segla opp for å trekkje bort kanonelden frå byen mot seg sjølv.

Den 30. september kom eit britisk lagerskip til staden med spadar, men gjekk på grunn under kraftig vind. Ho hadde derimot gått på land slik at ho skjerma den bakarste delen av leiren til Draper frå dei spanske kanonane. Skipet vart lossa raskare og meir trygt enn det som hadde vore mogeleg om det ikkje hadde gått på land.

4. oktober opna batteria og skipa eld og etter fire timar var kanonane i Manila lydlause. 5. oktober hadde den britiske kanonaden laga eit stort hol i festningsverket rundt Manila.

Natt til 6. oktober gjekk spanjolane til åtak på dei britiske stillingane med 1000 filippinarar, men vart driven attende med store tap. Kvelden den 6. oktober gjekk Draper og regimentet hans til åtak på holet i muren og tok festninga utan store vanskar.

For å hindre ytterlegare slakt overgav guvernør og armékommandant erkebiskop Manuel Rojo citadellen og hamna Cavite så snart byen fall, og lovte fire millionar meksikanske sølvdollar som løysepengar for byen, menneska og eigedomane i byen.

Manilla fall 10 dagar etter britane kom dit.

Frå den 10. oktober tok Dawson Drake over styret i Manila.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Britane heldt til Manila fram til han vart gjeven attende til Spania. Dei klarte ikkje å få kontroll over andre område av Filippinane. Med hjelp av den spanske generalløytnanten don Simón de Anda y Salazar vart resten av øygruppa verande lojale mot Spania. Britane lovde støtte til eit opprør første leia av Diego Silang og seinare av kona Gabriela, men dei britiske styrkane dukka aldri opp.

Alle dei fire milliona dollarane vart aldri betalte, men toktet var likevel lukrativt, særleg etter at skatteskipet «Santísima Trinidad» med verdiar for to millionar dollar om bord.

Byen var under britane i 18 månader før han vart gjeven attende til Spania i april 1764 etter Paris-traktaten i 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]