Slaget ved Messines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Messines
Del av Den fyrste verdskrigen
Battle of Messines - Map.jpg
Kart over slaget, som viser fronten den 7. juni og følgjande krigføring fram til 14. juni.
Dato 7.-14. juni 1917
Stad Vestfronten
Resultat Siger for Trippelententen
Partar
Det britiske imperiet Det tyske keisardømet
Styrkar
9 divisjonar (pluss tre i reserve) 5 divisjonar (pluss fire i reserve)
Tap
17 000 25 000

Slaget ved Messines var eit slag ved Vestfronten i 1917 mellom Storbritannia og Tyskland under den den fyrste verdskrigen. Dei britiske styrkane, som var leia av general Herbert Plumer, gjekk til eit vellykka åtak på det tyske bruhovudet ved Messines-høgdedraget etter bruk av tunnelar. Frå januar 1917 grov dei over 8 km tunnelar under dei tyske linjene. Tyske ingeniørsoldatar grov seg mot desse og klarte å øydeleggje ein av dei britiske tunnelane, men lell var 19 andre klare og fylt med eksplosivar om morgonen den 7. juni. Tunnelane sin samkøyrte eksplosjon kl. 03.10 kunne ein tydeleg høyre i London. Om lag 10 000 tyske soldatar døydde og alliert infanteri kunne rykkje fram og ta over alle viktige mål innan ettermiddagen.

Tyskarane iverksette ei rekkje motåtak dei neste dagane, men vart drivne attende med høge tapstal. Innan 14. juni var heile Messines-bruhovudet hærteke av dei allierte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]