Slaget ved Mohács i 1687

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om slaget i 1687. For slaget i 1526, sjå slaget ved Mohács.
Slaget ved Mohács (1687)
Del av den store tyrkiske krigen
Battle of Mohács 1687.jpg
Ludvig Vilhelm og Karl av Lorraine i slaget ved Mohács. Måleri av Wilhelm Camphausen på 1800-talet
Dato 12. august 1687
Stad 25 km sørvest for Mohács, ved Donau, i dagens Ungarn
Resultat Habsburgsk siger
Partar
Flagget til HabsburgmonarkietHabsburgmonarkiet med Ungarn og Kroatia
Fahne Kurbayern.gif Bayern
Flagget til Det osmanske riket Det osmanske riket
Kommandantar
Flagget til HabsburgmonarkietHertugen av Lorraine
Fahne Kurbayern.gif Maximilian II Emanuel
Flagget til Det osmanske riketSuleiman II
Flagget til Det osmanske riketSarı Süleyman Paşa
Styrkar
60 000 mann[1] 60 000 mann[1]
Tap
600 drepne[1] 10 000 drepne [1]

Det andre slaget ved Mohács, òg kjend som slaget ved 'Berg Harsány',[2][3] vart utkjempa mellom styrkane til den osmanske sultanen Mehmed IV, kommandert av storvesir Sari Süleyman Paşa, og styrkane til den tysk-romerske keisaren Leopold I, kommandert av Karl av Lorraine. Resultatet vart eit knusande nederlag for osmanarane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den store tyrkiske krigen starta med slaget ved Wien i 1683 der den osmanske armeen tapte den 12. september 1683. Frå september 1683 tok dei keisarlege soldatane over initiativet. Dei neste åra under Karl av Lorraine tok keisararmeen mange festningar (som Esztergom, Vác, Pest), som var under osmansk styrke, og etter slaget ved Buda kringsette dei og tok over den tidlegare ungarske hovudstaden Buda. Mot slutten av 1686 føreslo osmanarane fred, men habsburgarane såg no sjansen til å okkupere og erobre heile Ungarn så fredsforslaget vart avslått. [4]

I april 1687 bestemte ein i Wien at ein skulle fortsette dei militære handlingane. Hovudarmeen (om lag 40 000 soldatar) under kommandoen til hertug Karl av Lorraine fortsette ned Donau til Osijek ved elva Drava, medan ein annan arme (om lag 20 000 mann) under kommandoen til kurfyrste Max Emanuel av Bayern flytta langs elva Tisza til Szolnok og mot Petrovaradin. I midten av juli møttest dei to armeane ved Donau.

Den osmanske armeen (om lag 60 000 mann) kommandert av storvesir Sari Süleyman Paşa, heldt seg ved den viktigaste kryssinga av Drava (med ei 8 km lang trebru) ved Osijek for å verne denne og så styrke denne stillinga. Då keisararmeen nådde fram delte Drava dei to sidene. Mot slutten av juli klarte keisararmeen å setje opp eit bruhovud ved breidda av elva og stod i stilt opp for slag for å utfordre osmanarane. Den osmanske armeen var derimot passiv og var nøgd med å bombardere bruene og elvebreidda.[1]

På grunn av terrenget kunne ikkje hertug Karl av Lorraine observerte den styrkte osmanske leiren klårt nok til å kommandere eit åtak mot leiren. Så han valte å vente nokre dagar for å kome seg unna bruhovudet. For dette vart han kritisert av både sine nestkommanderande og av keisar Leopold I. At han var motvillig til å gå til åtak vart av den osmanske storvesiren tolka som at dei habsburgske soldatane mangla moral. Gjennom dyktig manøvrering tidleg i august tvinga han habsburgarmeen nedover elva til Mohács og mot den osmanske stillinga. Osmanarane hadde òg bygd festningsverk ved Darda, men denne vart på dyktig vis gøymd mellom kratt så han ikkje var synleg for habsburgarmeen. Hertug Karl av Lorraine forstod derfor ikkje at den osmanske armeen var i nærleiken.

Slag[endre | endre wikiteksten]

Morgonen den 12. august valte hertugen av Lorraine å flytte til Siklós, fordi stillinga og den harde overflata der var høvande som slagmark. Den habsburgske høgreflanken byrja å marsjere vestover gjennom det tett skogkledde området. Sari Süleyman Paşa meinte dette var sjansen han hadde venta på. Han gav ordre om eit åtak med heile armeen mot venstreflanken til keisararmeen, som under Maximilian II Emanuel av Bayern framleis var i den tidlegare stillinga, og som i følgje den habsburgske slagplanen òg skulle marsjere vestover. Det osmanske kavaleriet av 8000 sipahiar prøvde å omringe flanken til den habsburgske venstreflanken. Kommandanten for denne flanken, kurfyrsten av Bayern, sendte med ein gong ein kurer til kommandanten hertugen av Lorraine, og informerte han om at flanken hans var i fare. Ordrane var gjeven og raskt sendt attende, og stillingane vart sett opp for å stå imot den langt større osmanske styrken, som hadde dobbelt så mange soldatar. Keisarinfanteriet heldt stillinga si og general Enea Silvio Piccolomini klarte med nokre av kavaleriregimenta å slå attende og stoppa åtaket til det osmanske sipahi-kavaleriet.[1]

Den osmanske storvesiren vart overraska over denne uventa harde motstanden og gav ordre om å stoppe det osmanske åtaket. Det osmanske artilleriet heldt fram å bombardere dei habsburgske stillingane, men infanteriet og kavaleriet deira fekk ordre om å halde stillinga si og infanteriet gjekk bak festningsverka. Denne pausen gjorde det mogeleg for høgreflanken til habsburgarane å nå attende til den opphavlege stillinga si. Den habsburgske kommandanten, hertugen av Lorraine, og den første planen var at armeen hans skulle forsvare stillinga si. Men for å få overtaket, overtalte kurfyrsten av Bayern og markgreven Ludvig av Baden-Baden overtalte han til å gje ordre om eit storskala motåtak. Den habsburgske armeen var klar for motåtaket kl. 1500. Samstundes valte Sari Süleyman Paşa å gå til åtak igjen. Igjen støtta sipahiane janitsjarinfanteriet i eit frontalåtak som prøvde å kome rundt flanken til den habsburgske armeen. Markgreven Ludvig av Baden klarte å stå imot åtaket med infanteriskvadronane sine og gjekk så til åtak mot osmanarane som ikkje var i forsvarsstilling enno. Fremst i dette åtaket mot dei osmanske festningsverka var soldatane under generalane Rabutin og Eugene av Savoie. Det osmanske kavaleriet kom ikkje rundt på flankane fordi terrenget var for vanskeleg for hestane deira, og dei måtte gå av. Det osmanske åtaket og motstanden kollapsa så og like etter trekte den osmanske armeen seg attende i vill flukt.[1] Slaget vart eit knusande nederlag for osmanarane.

Gjennom heile slaget var det berre venstreflanken til keisararmen som var i kamp. Det var ein tett skog føre høgreflanken til keisararmen, som hindra dei frå å angripe. Trass i dette prøvde dei å kome rundt på høgresida og tvinge osmanarane attende, men kolonnane gjekk seg vill i skogen.

Keisararmeen fekk berre lette tap, kring 600 mann.[5] Den osmanske armeen tapte derimot stort og det er estimert at kring 10 000 mann omkom, i tillegg til at dei mesta det meste av artilleriet sitt (kring 66 kanonar) og det meste av utstyret. Det store kommandoteltet til storvesiren og 160 osmanske flagg vart teken av keisararmeen. Det er rapportert at verdien av krigsutbyttet som vart gjeven til kurfyrsten av Bayern overgjekk to millionar gulldukatar.[5]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget hamna Det osmanske riket i ei stor krise. Dei osmanske soldatane gjorde mytteri. Kommandanten Sari Suleyman Pasja frykta at hans eigne soldatar ville drepe han og han flykta, først til Beograd og så til Konstantinopel. Då meldingane om nederlaget og mytteriet nådde Konstantinopel tidleg i september, vart Abaza Sivayus Pasja utpeikt som ny kommandant og like etter som storvesir. Før han tok over kommandoen hadde heile den osmanske armeen gått i oppløysing og dei osmanske janitsjarane og sipahiane vendte attende til basen sin i Konstantinopel under sine lågare offiserar. Sjølv den regjerande storvesiren i Konstantinopel var redd og gjekk i dekning. Sari Suleyman Pasha vart avretta. Sultan Mehmed IV utpeikte kommandanten for Istanbulsunda Köprülü Fazıl Mustafa Pasja som ny regjerande storevesir i Konstantinopel. Han konsulterte med kommandantane av den gjenverande armeen og dei andre leiande osmanske statsmennene. Etter desse møta, den 8. november 1687 valte dei å avsetje sultan Mehmed IV og setje Suleiman II på trona som ny sultan.[6]

Då den osmanske armeen gjekk i oppløysing, kunne Habsburgarmeen erobre store område. Dei tok over Osijek, Petrovaradin, Sremski Karlovci, Ilok, Valpovo, Požega, Palota og Eger. Det meste av dagens Slavonia og Transilvania vart underlagt Habsburgmonarkiet. Den 9. desember 1687 vart det halden ein riksdag i Bratislava, og erkehertug Josef vart krona som den første arvekongen av Ungarn. og etterkomarane til keisarane av Habsburg vart salva som kongar av Ungarn.

I eitt år var Det osmanske riket lamma, og Habsburg-styrkane var klare til å erobre Beograd og trengje djupt inn på Balkan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 de:Schlacht bei Mohács (1687) Artikkel på Tysk Wikipedia.
  2. Dupuy, Ernest R. and Trevor N. Dupuy, The Harper Encyclopedia of Military History, 4th Ed., (HarperCollins Publishers, 1993), s. 638 ISBN 978-0-06-270056-8.
  3. Laffin, John, Brassey's Dictionary of Battles, (Barnes & Noble Inc., 1998), s.193. ISBN 978-0-7607-0767-8)
  4. Paul Wentzcke, Feldherr des Kaisers - Leben und Taten Herzog Karl V. von Lothringen (Captain of the Keisar: Life and deeds of Charles V, Duke og Lorraine), Leipzig 1943, s.278
  5. 5,0 5,1 Wentzcke (1943), s.286
  6. Lord Kinross, The Ottoman Centuries New York: Morrow Quill Paperbacks 1977 s. 350-351 ISBN 068808936