Slaget ved Montjuïc i 1705

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Slaget ved Montjuïc fann stad mellom 13. og 17. september 1705 under den spanske arvefølgjekrigen.

Ein multinasjonal styrke kommandert av Lord Peterborough gjekk i land på kysten av Catalonia i august for å erobre Barcelona, men måtte først ta Montjuïc slott som vart kommandert av Francisco de Velasco.

Seint på kvelden den 13. nærma ein styrke kommandert av George Darmstadt seg borga i tre separate kolonnar. Ein, kommandert av James Stanhope, fungerte som avleiing for å trekkje merksemda og elden til forsvararane bort frå dei andre to angripande kolonnane som gjekk til åtak bakfrå. Dei vart i starten driven attende, men gjekk til nytt åtak og klarte å ta det ytre forsvaret av borga.

Kampane varte i fleire dagar før borga til slutt fall til dei allierte den 16. Peterborough oppretta artilleribatteri i borga, som hadde ein kommandostilling over byen Barcelona - og bombarderte byen til han overgav seg ein månader seinare under omleiringa av Barcelona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°22′0″ N 2°10′0″ E