Slaget ved Oudenarde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Oudenaarde
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 11. juli 1708
Stad nær Oudenaarde, dagens Belgia
Resultat Avgjerande alliert siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Austerrike
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Det britiske flagget Hertugen av Marlborough
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Frankrike Louis, duc de Bourgogne
Flagget til Frankrike Duc de Vendôme
Styrkar
105 000 100 000
Tap
3 000 15 000

Slaget ved Oudenaarde (eller Oudenarde) var eit viktig slag i den spanske arvefølgjekrigen utkjempa den 11. juli 1708 mellom styrkar frå Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda og Det tysk-romerske riket på den eine sida og Frankrike på dena ndre. Det fann stad i Oudenaarde i Belgia og var ein avgjerande siger for dei allierte.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia, Nederland og Det tysk-romerske riket var skremt av tanken på ein union mellom Spania og Frankrike, og dette fekk dei til å slå seg saman mot Frankrike og starta den spanske arvefølgjekrigen. Kommandant for den allierte armeen var John Churchill, 1. hertug av Marlborough med prins Eugene av Savoie, ein nær ven av han, som nestkommanderande.

Samstundes var dei to franske kommandanten uvener. Louis Joseph, duc de Vendôme var ein erfaren, tilvent soldat. Hertugen av Burgund hadde langt mindre erfaring, og hadde denne stillinga fordi han var barnebarnet til kong Ludvig XIV av Frankrike.

Armeen til Marlborough bestod av om lag 90 000 mann (112 infanteribataljonar og 197 kavaleriskvadronar) like sør for Brussel. Styrkane til Eugène låg i Koblenz, i dagens Tyskland. Desse to områda låg eit stykke unna kvarandre, medan den franske armeen på 100 000 soldatar (130 bataljonar og 216 skvadronar) var stasjonært nær Mons, i dagens Belgia.

På denne tida byrja dei franske kommandantane å krangle. Vendôme ønskte å angripe byen Huy, som ville trekkje Marlborough etter seg. Planen dei følgde (etter ordre frå Ludvig XIV) var å angripe Flandern. Armeen flytta seg austover til dei nådde byen Braine-l'Alleud, som var om lag 25 km sør for Brussel, og trua òg den nærliggande byen Leuven. Marlborough plasserte styrkane sine nokre kilometer sør for Leuven, for å kunne dekkje begge byane.

Den franske armeen vart verande inaktive i meir enn ein månad. Dette gjorde at Eugene klarte å føre armeen sin frå Rhinen til Marlborough. Den 5. juli flytta franskmennene seg brått vestover, og tok byane Brugge og Gent (om lag 300 britiske soldatar heldt ut i Gent i nokre dagar). Dette demoraliserte Marlborough og armeen hans i stor grad, og han kom ikkje i betre humør for Eugène nådde fram.

Den franske armeen dekkja heile elva Scheldt frå den franske grensa til Gent. Berre ei britisk festning var att: Oudenaarde. Om dei tok den byen ville armeen til Marlborough vere avskoren frå kysten og ute av stand til å kommunisere med England.

Marlborough oppdaga dette, og gjetta på at franskmennene ville prøve å ta byen. Dei skulle marsjere ned austsida av Scheldt (nærare til styrken til Marlborough), medan dei let ein stor styrke vere att mellom dei to møtande armeane. Den franske armeen marsjerte den 8. juli, mot byen Lessines. Marlborough gjorde så ein av dei mest gudsbenåda marsjane i historia og tok byen den 10. juli. Dette tvinga dei franske kommandantane til å krysse Scheldt og så ta Oudenaarde.

Igjen pressa Marlborough styrkane sine avgarde. Denne gongen let han 11 000 soldatar stå ved hovudkryssinga over Scheldt, kommandert av generalintendant William Cadogan. Styrken til Cadogan bygde fem pongtongbruer slik at Marlborough kunne krysse med 100 000 mann over elva, før dei franske soldatane oppdaga dei allierte kring 09:00.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Kart over slaget ved Oudenaarde

Cadogan, ein glimrande irsk kavalerikommandant, gav ordre til nokre dragonar, under den danske generalen Jørgen Rantzau, om å ta fangar frå den franske fortroppen. Mange av soldatane kom seg unna og meldte frå til generalløytnant Charles-Armand de Gontaut, duc de Biron, som kommanderte fortroppen, om at dei allierte var på vestbreidda.

Då de Biron rykte framover, vart han ubehageleg overraska over dei mange allierte kavaleristane som alt hadde kryssa elva, i lag med det komande allierte infanteriet. Sjølv om han hadde ordre frå Vendôme om å angripe, nølte han då han såg reserverekkja på 20 bataljonar (inkludert dei fire som var att for å vakte pongtongbruene). Biron hadde sjølv berre 7 bataljonar og 20 skvadronar. Han hadde fått gode råd om at kavaleriet ikkje kunne klare å flyte seg godt i det myrlendte terrenget, og valte derfor å ikkje krysse elva. Samstundes flytta Eugene seg over elva med 20 kavaleriskvadronar frå Preussen, og sette seg til i kritiske stillingar.

Då styrkane til Biron manøvrerte hadde den leiande britiske infanteribridagen nådd fram, under den uerfarne, men dyktige John Campbell, 2. hertug av Argyll. Cadogan gjekk, med løyve frå Marlborough, til åtak på dei sju bataljonane til Biron (sveitsiske leigesoldatar) med soldatane sine (hovudsakleg kavaleri). Dei isolerte sveitsiske leigesoldatane vart umiddelbart pressa attende, og den allierte styrken øydela skvadronane til Biron, før dei nådde resten av det franske kavaleriet, som på dette tidspunktet måtte trekkje seg tilbake sidan dei var i undertal. Styrken som utførte denne handlinga var kavaleriet til Rantzau med den framtidige kong Georg II av England blant dei.

Burgund gjorde nok ein kritisk feil og valte å angripe (trass i protestane til Vendôme). Den franske høgreflanken gjekk til åtak på dei allierte stillingane nær Eine, medan venstreflanken (av ukjende årsaker) stod i ro nær Huise. Samstundes heldt den allierte venstreflanken ei sterk stilling. 28 kavaleriskvadronar var verna på høgreflanken av infanteriet til Cadogan, som kom til å motta åtaket (som heldt fram kring 04:00).

Burgund gav ordre om åtaket, som var retta mot dei prøyssiske kavaleriskvadronane under Dubislav Gneomar von Natzmer. Sjølv om det var harde kampar, var åtaket spreidd. Vendôme gjorde så eit tvilsamt val. Han leia personleg åtaket med tolv regiment, og kjempa mann mot mann med ein sponton. Dette betydde at medan ein kommandant (Burgund) var i hovudkvarteret sitt, utan utsyn over slaget, kjempa den andre personleg i krigen, utan høvet til å ta kontroll.

Dei fleste historikarar er samde om at den svekka allierte høgreflanken ville ha vorte lagt ned om den franske venstreflanken hadde gått til åtak. Vendôme forstod dette, og bad Burgund om løyve til å angripe med venstreflanken. Burgund sende eit sendebod med negativt svar, men sendebodet nådde aldri fram. Situasjonen vart derfor verre sidan Vendôme trudde at eit åtak ville støtte dei hardt kjempande soldatane hans. Styrken hans strekte seg ut og trua med å omringe den allierte venstreflanken. Då regimentet til Argyll nærma seg, forlenga dei den allierte linja, men dette skjedde ikkje raskt nok til å hindre trugselen frå franskmennene.

Alliert flankemanøver[endre | endre wikiteksten]

Marlborough flytta hovudkvarteret sitt til venstreflanken og gav Eugène kommando over høgreflanken (som framleis var truga av den franske armeen). Medan høgreflanken var under press, tok Marlborough ei glimrande avgjersle: han plasserte 18 nyleg komne hessiske og hannoveransk bataljonar på venstreflanken, medan han erstatta 20 av bataljonane til den prøyssiske generalen Carl von Lottum, og flytta dei som støtte til Eugene. Dette flytta friske soldatar inn på den kritiske venstreflanken, medan han samstundes forsterka høgreflanken (og kvilte soldatane til Lottum).

Hertugen av Marlborough.

Marlborough lagde så ein plan om ei dobbel omringing. Han hadde heile den nederlanske armeen under feltmarskalk grev Hendrik Overkirk, ein erfaren offiser. Styrken hans klarte ikkje å krysse dei øydelagde pongtongbruene nær Oudenaarde, og tvinga han til å nytte steinbruene i byen, og han vart ein time forseinka. Marlborough gjekk vidare med planen sin og let kavaleriet til Eugène angripe. Dei var på veg mot hovudkvarteret til Burgund. Det franske kavaleriet Maison du Roi, klarte å presse dei attende, og Marlborough, som berre hadde 18 hessiske og hannoveranske bataljonar, klarte ikkje å gjere mykje anna enn å halde den franske høgreflanken i sjakk.

Kring 20:30 nådde omsider soldatane til Overkirk fram og gjekk til åtak på den franske høgreflanken. Dette skjedde samstundes med at Marlborough og Eugène gjekk til åtak. Manøveren til Overkirk vart vellukka og det meste av den franske armeen vart nedslakta og/eller tekne til fange. Dagslyset forsvann derimot før dei rakk å fullføre manøveren.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Den franske armeen trekte seg attende til Gent og kommandantane krangla rasande. Det er sagt at berre mørkret og nokre få øydelagde pongtongbruer redda armeen frå å verte heilt utsletta.[2]

Av ukjende årsaker vart om lag halve armeen til franskmennene halden i støtte, utan at dei deltok i slaget i det heile. Det stod store massar av fransk kavaleri og infanteri på ei høgd nord for elva Norken, og mange av soldatane til Burgund vart ikkje nytta. Det vart gjort mange dårlege avgjersler av den franske armeen. Kavaleriet stod stort sett i støtte fordi dei hadde fått meldingar om at det ikkje var mogeleg å krysse slagmarka. Heile venstreflanken (soldatane under Burgund og dei store massane nord for Norken) vart ikkje nytta. Dei kunne lett ha øydelagd den heller svake høgreflanken til den allierte armeen. Hadde eit felles åtak vorte utført, med hovudstyrken til Vendôme til å omringe den allierte høgresida, medan Burgind gjekk til åtak på venstre (før Overkirk og resten av styrkane til Argyll nådde fram), kunne den franske armeen ha teke ein lett siger.

Den franske armeen tapte kring 15 000 soldagar. (av desse 8 000 tekne til fange) og 25 kanonar, medan dei allierte tapte færre enn 3 000.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."
  2. W.H. Davenport Adams, England at War, London, 1886, s.142, "Night alone saved their army...".
  3. W.H. Davenport Adams, England at War, London, 1886, s.144, gjev 6 000 franske drepne og skadde, 9 000 fangar, 98 faner, dei allierte 3 000 drepne og skadde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]