Slaget ved Petrovaradin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Petrovaradin
Del av den austerriksk-tyrkiske krigen 1716–18
Dato 5. august 1716
Stad Petrovaradin
Resultat Siger til Habsburgmonarkiet
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet (med styrkar frå Ungarn og Kroatia)[1] lenkje={{{namn}}} {{{namn}}}
Kommandantar
prins Eugene av Savoie Silahdar Damat Ali Pasha
Styrkar
~83 300 (41 000 austerrikarar, ca. 42 000 ungarske og kroatiske grensesoldatar[2]) ~120 000-160 000 med tilnærma 1000 Kuruc-kavaleristar.
Tap
3 024 døde, 2 230 skadde ~6 000

Slaget ved Petrovaradin eller Slaget ved Peterwardein var ein avgjerande siger for dei austerrikske styrkane i krigen mellom Austerrike og Det osmanske riket (1716–1718), ved Petrovaradin, i dag ein del av Novi Sad i Vojvodina i Serbia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1716 samla storvesir Damad Ali ein arme på 160 000 mann ved Beograd. Av desse var 40 000 janitsjarar, 20 000 sipahi og 10 000 tatarar, i lag med nokre opprørske Kuruc-kavaleristar. Dei kryssa elva Sava ved Zemun mot slutten av juli, og gjekk langs høgrebreidda av Donau mot Sremski Karlovci. Tatarane, med moldovarane og kurucane dreiv inn i Transilvania, men dei transilvanske styrkane gav ikkje tatarane særleg til kamp.[3]

Kommandanten til dei austerrikske styrkane, prins Eugene av Savoie, valte å møte osmanarane ved Petrovaradin. Han fekk laga ein befesta leir innanfor festninga der, og sette den 83 300 mann store keisararmeen i marsj frå leiren i Futog. Det var alt 8 000 mann i garnisonen til festninga, som hovudsakleg bestod av serbarar.[4] I den austerrikske armeen tente kroatiske og ungarske infanteri- og kavaleriregiment (om lag 42 000 menn) og serbiske grensesoldatar i Vojvodina.

Den 2. august skjedde dei første småtreffingane mellom fortroppen til Austerrike og tyrkiske kavaleristar. Dagen etter nådde storvesiren fram til Petrovaradin og sendte 30 000 janitsjarar mot dei austerrikske stillingane. Dei grov løpegraver og starta å bombardere festninga.

Kjernen av keisararmen kryssa Donau natt til 5. august på to pongtongbruer før dei slo leir.

The Slaget[endre | endre wikiteksten]

Kl. 0700 morgonen den 5. august sette prins Eugene i gang ein austerriksk offensiv. Medan høgreflanken under prins Alexander von Württemberg storma eit osmansk artilleribatteri, fekk keisarstyrken trøbbel i senteret. Det gjekk treigt å få alle gjennom dei smale portane i festninga. Janitsjarane gjekk med ein gong til motåtak og tvinga keisararmeen inn att i festninga. Prins Eugene sperra av det sentrale åtaket med å setje inn fleire soldatar og sende kavaleriet mot dei osmanske flankane, slik at dei vart omringa. Storvesiren klarte ikkje å bryte gjennom omringinga med sipahiane sine og kunne heller ikkje omgruppere soldatane sine. Tatarane trekte seg til og med unna utan å gå inn i striden.

Etter at osmanarane var utsletta, leia prins Eugene personleg soldatane sine mot leiren til storvesiren. Med støtte av kanonar frå seks fregattar av flåten på Donau, var sigeren sikra kl. 1400 med storvesiren sjølv som ein av dei falne. 50 000 osmanarar klarte å vende attende til Beograd. Kort tid etter kom det ei melding frå Konstantinopel frå sultanen med ordre om å avrette Damad Ali. Han er gravlagd i Beograf festning, Kalemegdan, i ei grav kalla Damad Ali Pašino Turbe.

Etter krigen vart det bygd ei kyrkje til minne om hendinga i Tekije, på åsen over slagmarka, og er tileigna Vår Frue av Tekije, òg kjend som Snøkvite Maria. Kyrkja er spesiell, fordi ho har både katolske og ortodokse alter, og begge trusretningane nyttar ho.

Etter Petrovaradin vendte prins Eugene seg mot Timişoara og erobra byen trass i stor motstand og desperate forsøk frå osmanarane for å frigjere byen. Til slutt måtte dei innrømme at dei var slått og signerte ein fredsavtale med Austerrike og hennar allierte Republikken Venezia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Petrovaradin» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2011.
  • Petrovaradin, Enciklopedija Novog Sada, knjiga 20, Novi Sad, 2002
  • Henderson, Nicholas. Prince Eugene of Savoie. Phoenix Press. 2002
  • Zvonimir Vuković, Igor Novaković, Petrovaradin juče, danas, сутра; Novi Sad, 2005
  • Marko Kljajić, Sveti Juraj u Petrovaradinu, Petrovaradin, 2004.
  • Stari Novi Sad I, Književna zajednica Novog Sada, Novi Sad, 1991.
  • Živko Marković, Novi Sad i Petrovaradin, Novi Sad, 1984.
  • "Kulturno-privredni pregled Dunavske banovine" br. 5 i 6, Novi Sad, 1939.
  • Nenad Šeguljev, Aleksandar Pavlović, Philip Wattles, Petrovaradin fortress - "Gibraltar on the Danube", Magazine "FORT" Volume 34, Gosport, Hampshire, UK, 2006,
  • Liptai Ervin: Magyarország hadtörténete (Military history of Hungary), Zrínyi Katonai Kiadó (Zrínyi Military Publisher), Budapest 1985. 1985. ISBN 9633263379
  • Magyarország története 1526-1686 (History of Hungary 1526-1686), Authors: Zsigmond Pach and Ágnes Várkonyi, Akadémia Kiadó (Akadémia Publisher), Budapest 1985. ISBN 963-05-4098-3
  1. Liptai Ervin: Magyarország hadtörténete (Military history of Hungary), Zrínyi Katonai Kiadó (Zrínyi Military Publisher), Budapest 1985. 1985. ISBN 9633263379
  2. Military History of Hungary, Zrínyi Military Publisher, 1984.
  3. Magyarország története 1526-1686 (History of Hungary 1526-1686), Authors: Zsigmond Pach and Ágnes Várkonyi, Akadémia Kiadó (Akadémia Publisher), Budapest 1985. ISBN 963-05-4098-3
  4. Vojvodina.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]