Slaget ved Plassey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 23°48′N 88°15′E

Slaget ved Plassey
Del av Sjuårskrigen
Clive.jpg
Lord Clive møter Mir Jafar etter slaget ved Plassey, av Francis Hayman (ca. 1762)
Dato 23 juni 1757
Stad Palashi i Vest-Bengal i India
Resultat Avgjerande siger for Det britiske austindiske kompaniet
Partar
Flag of the British East India Company (1707).svg Det britiske austindiske kompaniet Siraj Ud Daulah (Nawab of Bengal)
Armoiries de la Compagnie des Indes Orientales.jpg Det franske austindiske kompaniet
Kommandantar
Flag of the British East India Company (1707).svg Oberst Robert Clive
Major Kilpatrick
Major Grant
Major Eyre Coote
Kaptein Gaupp
Mohan Lal – fortropp
Mir Madan – fortropp
Mir Jafar Ali Khan -kavaleri (avhoppar)
Yar Lutuf Khan (avhoppar)
Rai Durlabh (avhoppar)
Monsieur St. Frais – artilleri
Styrkar
750 europeiske soldatar
100 topassar
2100 indiske sepoyar
100 artillerimenn
8 kanonar
35 000 infanteristar
18 000 kavaleristar
53 kanonar
50 franske artillerimenn (6 kanonar)
Tap
22 drepne
(5 europearar, 13 indarar)
50 skadde
(15 europearar og 30 indarar)[1]
500 drepne eller skadde

Slaget ved Plassey fann stad 23. juni 1757 og var ein avgjerande siger for Det britiske austindiske kompaniet over Nawaben av Bengal og hans franske allierte. Dette gjorde at selskapet kunne herska over Sør-Asia, som dekte det meste av India dei neste 190 åra. Slaget fann stad ved Palashi i Bengal, ved breidda av Bhagirathielva, om lag 150 km nord for Calcutta, nær Murshidabad, då hovudstaden i det udelte Bengal. Motstandarane var Siraj-ud-daulah, den siste sjølvstendige nawaben av Bengal og Det britiske austindiske kompaniet.

Før slaget vart Calcutta angripe og plyndra av Siraj-ud-daulah og hendinga i Det svarte holet skjedde òg før slaget. Britane sendte forsterkingar under oberst Robert Clive og admiral Charles Watson frå Madras til Bengal og tok Calcutta attende. Clive nytta så høvet til å erobre det franske fortet i Chandernagar. Uro og mistanke mellom Siraj-ud-daulah og britane enda med slaget ved Plassey. Slaget var ein del av sjuårskrigen (1756–1763) og Det franske austindiske kompaniet sende ein liten kontingent for å kjempe mot britane. Siraj-ud-Daulah hadde ein langt større styrke og heldt stand ved Plassey. Britane var uroa over at dei hadde langt færre folk og danna eit komplott med den degraderte hærsjefen til Siraj-ud-Daulah, Mir Jafar, i lag med andre som Yar Lutuf Khan, Jagat Seth (Mahtab Chand og Swarup Chand), Omichund og Rai Durlabh. Mir Jafar, Rai Durlabh og Yar Lutuf Khan samla så troppane sine nær slagmerka, men gjorde aldri teikn til å delta i slaget. Armeen til Siraj-ud-Daulah vart slått av om lag 3000 soldatar under oberst Robert Clive, fordi Siraj-ud-daulah flykta frå slagmerka og konspiratørane heldt seg i ro.

Dette viste seg å vere eit av dei viktigaste slaga for kolonimaktene å få kontroll over Sør-Asia. Britane fekk no enorm påverknad over nawaben og klarte å få mange konsesjonar som vog opp for tidlegare tap og inntekter frå handelen. Britane nytta desse inntektene til å forsterke militæret og presse dei andre europeiske kolonimaktene, som nederlendarane og franskmennene ut av Sør-Asia, og utvida slik Det britiske imperiet i Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harrington, s. 81–82

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]