Slaget ved Poltava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Poltava
Del av den store nordiske krigen
Marten's Poltava.jpg
Slaget ved Poltava av Denis Martens den yngre, målt 1726
Dato 8. juli 1709
Stad Poltava (Ukraina)
Resultat Avgjerande russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet[1] Flagget til Russland Det russiske tsardømet[1]
Kommandantar
Carl Gustaf Rehnskiöld Tsar Peter I av Russland
Styrkar
Den samla svenske armeen:
22 100 svenskar[2][3]
  ca- 11 800 kavaleristar
  ca. 9 300 infanteristar
ca. 1 000 polske (Vallack) husarar
3 000–7 000 kosakkar[4][5]
34 kanonar

Totalt: opp mot 30 000[2][6][7]


Deltok i slaget:
ca 8 200 infantri
ca 7 800 kavaleri
ca 1 000 husarar
4 kanonar


Omleira Poltava:
1100 infanteristar
200 kavaleristar

Den samla russiske armeen:
ca 37 000 infanteri
  (87 bataljonar)
23 700 kavaleri
  (27 regiment
   og 5 skvadronar)
102 kanonar
3 000 kalmykar kom til mot slutten av slaget

Totalt: ca 60 000[5]


Deltok i slaget:
25 000 infanteristar
9 000 dragonar
  og kosakkar


Garnisonen i Poltava:
4 200 infanteristar, 2 000 kosakkar, 28 kanonar

Tap
Svenske kjelder: 6 900 drepne og skadde, 2 800 tekne til fange.[8][9][10]


Russiske kjelder: 9 234 drepne, 2 864-2 977 tekne til fange.[11][12][13]

1 345 drepne
3 290 skadde.[9][12]

Slaget ved Poltava den 8. juli 1709 var eit avgjerande slag som Peter I av Russland vann over Karl XII av Sverige og eit av dei mest kjende slaga i den store nordiske krigen. Slaget vert rekna som byrjinga på slutten for Sverige som stormakt, medan Det russiske imperiet tok denne plassen i Nord-Europa. Slaget var òg starten på Russland som stormakt og slutten på ambisjonane Ukraina hadde som sjølvstendig nasjon.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Svenskane hadde tidleg i krigen vunne i København og slaget ved Narva i 1700, som slo både Danmark og Russland mellombels ut av krigen. Karl XII klarte deriomt ikkje å gjere slutt på krigen, og det tok seks år før han vart ferdig med striden mot August II av Sachsen-Polen. I løpet av denne tida hadde Peter den store reformert militæret sitt og gjort det moderne, hovudsakleg basert på infanteri trent i lineære taktikkar og moderne skytevåpen. Han vann så ein stor propagandasiger då han grunnla byen St. Petersburg på svensk område, ikkje i Livland. For å gjere slutt på krigen gav Karl ordre om eit siste åtak på dei russiske kjerneområda med eit mogeleg åtak på Moskva frå basen hans i Polen. Den svenske armeen på nesten 44 000 mann forlet Sachsen den 22. august 1707 og marsjerte sakte austover. Då dei nådde Wisła venta dei til isen hadde lagt seg og kryssa ikkje før 30. desember. Dei gjekk då gjennom det fiendtlege området Masuria og tok Grodno den 28. januar 1708 etter at russarane hadde forlete byen utan kamp. Samstundes fann eit stort opprør med don-kosakkar stad sør i Russland, kjend som Bulavin-opprøret. Mytteriet vart delvis stoppa av styrkane til Det kosakkiske hetmanatat leia av jetman Ivan Masepa. Svenskane heldt fram til området kring Smorgon og Minsk der armeen slo vinterleir. Vest i Polen vart 8 000 dragonar under generalmajor von Krassow verande att.[14]

Den svenske armeen, som var råka av sjukdom i løpet av vinteren, forlet leiren sin tidleg i juni 1708 og marsjerte mot Smolensk. I løpet av våren hadde general Lewenhaupt i Kurland fått ordre om å samle forsyningar og marsjere med armeen sin på om lag 12 000 mann for å møte armeen til Karl, men han forlet ikkje Mitau ør seint i juni og nådde ikkje styrken til Karl før den 11. oktober.[15]

Ved eit tidspunkt var dei berre 130 km frå kvarandre, men Karl gav opp fordi han trengde forsyningar og snudde sørover til Ukraina på leit etter korn og betre vêr. I følgje den russiske historia, hadde dei ukrainske styrkane, kommandert av den kosakkiske hetmanen Ivan Masepa, vore i diskusjonar med Karl i lengre tid og vart no offisielt alliert med svenskane for å vinne sjølvstende frå Russland. Det finst deriomt ingen direkte bevis eller dokument som viser at det var innleiande forhandlingar mellom Masepa og Karl. Masepa hadde deriomt sendt dei fleste av kosakkane sine til Kviterussland og Vest-Ukraina for å hindre den polske styrken, og at Karl vendte å snu inn i Ukraina var i følgje Khrusjevskij, uventa for Masepa. Planen hans var at Karl skulle rykke fram mot Moskva slik at han kunne skape sitt eige opprør i Ukraina.

Då styrkane til Karl gjekk mot Ukraina, sendte Peter sine reservestyrkar i Moskva ut for å avskjere dei ved Starodub og bad Masepa om å gje han forsterkingar. Lewenhaupt følgde sørovar og vart angripe då han kryssa ei elv nær ein liten landsby som gav namn til slaget ved Lesnaya. Styrken hans møtte det russiske åtaket, men vart overraska over at den russiske armeen verkeleg gav dei kamp. Lewenhaupt såg at han var i ferd med å tape, og valte å slå seg saman med Karl i all hast. Han forlet derfor kanonar, kveg og det meste av maten, noko som dreiv soldatane til mytteri. Dei stal all alkoholen, soldatane vart fulle og Lewenhaupt vart tvungen til å forlate om lag 1 000 fulle menn i skogane. Då han endeleg nådde Karl ut på vinteren, hadde han berre 6 000 mann utan forsyningar att. Masepa var nølande og samla Starsjyna-rpdet for å avgjere kva dei skulle gjere vidare. Rådet godtok forhandlingar med Karl. Han forlet dei siste kosakkiske reservestyrkane i Baturyn og flytta til Desna for forhandlingar med Karl. Då Peter høyrde dette, sendte han Aleksandr Mensjikov til Baturyn og raserte byen utan nåde. Undertrykkinga spreidde seg gjennom Det kosakkiske hetmanatet og i sinne deserterte Masepa til svenskane for å tvinge Ukraina inn under Polen, forsyne Unia og drive ortodoksen ut av Ukraina. Tsaren sendte ut påbod til strasjyna og inviterte dei il Hlukhiv. I Hlukhiv vart Masepa avsett som hetman, og erstatta av oberst Ivan Skoropadskij.

Ut på våren flytta Karl på seg att, men armeen var no redusert til ein tredjedel på grunn av svelt, frostskadar og andre vêrrelaterte sjukdomar. Det våte vêret hadde òg redusert krutforsyninga til armeen, kanonane var no i praksis ute av drift på grunn av ammunisjonsmangel. Det første Karl gjorde var å kringsette festninga i Poltava ved Vorskla i Ukraina. Peter hadde alt samla saman ein stor styrke for å verne byen og no kom han raskt etter. Den 27. juni fekk Karl melding om at ein stor styrke med kalmykar kom til å slå seg saman med Peter og kutte alle forsyningane til den svenske armeen. Zaporozjia-kosakkar som til ein viss grad var imot Masepa valte etter noko nøling å slå seg saman med Maseba og Karl. Styrkar frå Moskva fekk hjelp av kosakkar frå Halahan og dei øydela militærbasen til Zaporozjia-kosakkaen slik at dei svenske soldatane ikkje hadde sjans til å få tak i forsyningar.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Då slaget starta hadde Karl om lag 14 000 mann, medan Peter kommanderte om lag 45 000. Karl hadde deriomt vore ute for dårlege odds tidlegare, men ekspertisen hans kunne ikkje nyttast under sjølve slaget, fordi han hadde vorte skadd under omleiringa den 17. juni, då han vart treft i foten under ein inspeksjon av ein svensk utpost ved breidda av Vorskla. Han måtte gje kommandoen over til feltmarskalk Carl Gustav Rehnskiöld og general Adam Ludwig Lewenhaupt. Dette var uheldig sidan dei to generalane hadde forskjellige personlegdomar. Meldinga om denne endringar vart ikkje kommunisert vidare til underordna offiserar då slaget vart planlagt. I tillegg klarte russarane å svekke kosakkane som hadde valt å slå seg saman med svenskane. Den russiske armeen okkuperte og øydela Zaporozjia-hæren med hjelp av Galagan, ein tidlegare kosakk-offiser.

Slaget starta før daggry kl. 0345 den 28. juni (svensk kalender) då svenskane på modig vis rykte fram mot den russiske linja. Først starta slaget på tradisjonelt vis, der dei betre trente svenskane pressa mot dei russiske reduttane, og kom seg forbi eit par russiske reduttar det første kvarteret. Svenskane såg ut til å ha eit overtak, men dette vart raskt jamna ut. Ved daggry, kring 0430, var vêret uvanleg varmt og fuktig og ein kunne ikkje sjå sola frå kanonrøyk og musketteld. Det svenske infanteriet, kommandert av general Lewenhaupt, prøvde å angripe russarane i den befesta leiren deira like nord for Poltava. Men det svenske åtaket vakla raskt, delvis fordi infanteriet hadde fått ordre om å trekkje seg attende og organisere seg på ny. For å gjere vondt verre, hadde ikkje den eine svenske avdelinga, kommandert av general Roos, fått beskjed om den generelle planen og vart isolert bak dei russiske reduttane då ei rekkje på om lag 4000 russiske soldatar tok tilbake dei befesta stillinga og fanga Roos og dei 2600 mennene hans rundt kl. 0615. Med tap på over 1000 mann og lite ammunisjon att, vart Roos tvungen til å overgje seg kl. 0930.

Kl. 0830 hadde det meste av den svenske armeen flytta nordover for å angripe den russiske leiren, men dei venta på at Roos skulle kome attende, og var ikkje klar over nederlaget hans. Tida gjekk og det russiske infanteriet, leia av Peter sjølv, flytta ut av leiren og danna to slaglinjer mot svenskane med støtte frå kanoneld frå leiren sin. Kl. 0945 gav Lewenhaupt ordre til den svenske linja om å flytte framover mot dei 20 000 russiske infanteristane. Dei rykte fram og russarane opna eld mot dei med kanonane og skapte ein eldstorm av granatar. Då svenskane var 100 meter frå den russiske linja, sikta russarane og opna eld med muskettane sine. Då dei var 30 meter frå den russiske linja, fyrte svenskane av ein salve og angreip med muskettar og spydmenn, og pressa faktisk russarane tilbake mot leiren, trass i store tap. Svenskane var like ved å bryte gjennom og trengde kavaleriet til general Cruetz, men uheldigvis for svenskane så var det uorganisert. Den russiske linja var lengre enn den svenske linja og den russiske høgreflanken, leia av Mensjikov, tok raskt flanken til det svenske infanteriet. Fleire regiment vart omringa i eit klassisk Cannae-aktig slag då det russiske kavaleriet til Bauer sverma rundt den svenske armeen og gjekk til åtak bakfrå. Cruetz og kavaleriet klarte å kjøpe infanteriet tid til å kome seg unna. Fleire eininga gjekk til åtak på den russiske spydspissen, trass ia t dei danna kvadrat. Svenskane hadde no ikkje lenger organiserte einingar til å stå imot verken infanteriet eller kavaleriet til russarane. Små grupper med fotsoldatar klarte å bryte gjennom å rømme sørover, medan dei fleste andre vart overvelda og oversigra. Karl såg nederlaget til armeen sin frå ei båre i bakenden, og gav ordre til armeen om å trekkje attende kl. 1100. Rundt kl. 1200 var slaget over då det russiske kavaleriet reinska slagmarka for etterliggjarar og vendte attende til si eiga linje. Karl samla saman restane av soldatane sine og trekte sørover same dag, og forlet omleiringa av Poltava. Rehnskiöld vart tekne til fange. Lewenhaupt førte dei overlevande svenskane og nokre kosakk-styrkar til Dnepr, men vart forfølgd av det russiske kavaleriet og 3000 kalmykar og måtte overgje seg tre dagar seinare ved Perevolotsjna, den 1. juli.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Karl XII og Ivan Masepa ved Dnepr etter Poltava av Gustaf Cederström.
Ortodoks kyrkje på slagmarka

Det vart teken fleire tusen fangar, og mange av dei vart sett i arbeid for å byggje den nye byen St. Petersburg. Karl og Masepa klarte å rømme med om lag 1500 mann til Bender i Moldova, som då var kontrollert av Det osmanske riket. Karl var fem år i eksil der før han klarte å kome seg attende til Sverige.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Slaget vart skildra i den monumentale svenske filmen Karl XII frå 1925 med Gösta Ekman som kong Karl XII og den russiske skodespelaren Nicolai de Severskij som Peter I.[16] I nyare tid er slaget skildra i 2007 i den russiske filmen The Sovereign's Servant (russisk Слуга Государев), Sluga Gosudarev).[17] Soga om slaget vert der fortalt frå synspunktet til ein døyande soldat og er relatert i Al Stewart-songen «The Coldest Winter in Memory».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Det var òg grupper av Dnepr-kosakkar.
  2. 2,0 2,1 Ericson, Lars (ed) (2003) (på svensk). Svenska slagfält. Wahlström & Widstrand. s. 297. ISBN 91-46-21087-3. 
  3. Om lag 2 000 sjuke og skadde soldatar stod i Pusjkarivka-leiren
  4. Det eksakte talet på Ivan Masepa sine kosakkar er ukjend, men vert vanlegvis sagt å vere frå 3 000 til 7 000. Dei var stasjonerte i Pusjkarivka-leiren og deltok ikkje i slaget.
  5. 5,0 5,1 О составе русской и шведской армий в Полтавском сражении
  6. Istorīia Petra Velikago, av Nikolai Alekseevich Polevoi, 1843, s. 38
  7. Russiske kjelder siterer den fanga feltmarskalk Rehnskiöld som sa at den samla armeen før slaget bestod av opp mot 30 000 mann.
  8. Peter Englund: Poltava, s.215. Atlantis 1988. ISBN 91-7486-834-9.
  9. 9,0 9,1 Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, s.192. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  10. Derek Wilson. «Poltava : the Battle that Changed the World». History Today (London) 59 (3): 23–29. 
  11. Битва под Полтавой
  12. 12,0 12,1 Encyclopedia of Ukraine
  13. Istorīia Petra Velikago, s. 355
  14. Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, s.179. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  15. Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, s.180–185. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  16. The Internet Movie Database
  17. The Internet Movie Database

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Poltava

Koordinatar: 49°34.47′N 34°34.12′E