Slaget ved Quebec i 1690

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Quebec
Del av niårskrigen,
Kong Vilhelm-krigen
Frontenac receiving the envoy of Sir William Phipps demanding the surrender of Quebec, 1690.jpg
«I have no reply to make to your general other than from the mouth of my cannons and muskets.» Frontenac avviser det engelske sendebodet.
Dato 16-24. oktober 1690
Stad Quebec City i Ny-Frankrike
Resultat Fransk siger
Partar
Flag of England.svg England Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Flagget til England Sir William Phips Flagget til Frankrike Louis de Buade de Frontenac
Styrkar
2300 regilære og militssoldatar
60 innfødde
6 feltkanonar
34 krigsskip
2 000 militssoldatar
Tap
Minst 30 drepne,
mange skadde,
1 000 døde på tilbakereisa
7 drepne
~12 skadde[1]

Slaget ved Quebec vart utkjempa i oktober 1690 mellom koloniane til Ny-Frankrike og Massachusetts Bay, som då var styrt av høvesvis Frankrike og England. Det var første gong Quebec vart angripen.

Etter erobringa av Port Royal i Acadia under Kong Vilhelm-krigen, håpte ny-engelskmennene på å erobra Montreal og Quebec i tillegg, hovudstaden i Ny-Frankrike. Tapet av det akadiske fortet sjokkerte kanadiarane, og generalguvernør Louis de Buade de Frontenac gav ordre om å førebu byen for ei kringsetjing.

Då sendebodet leverte overgjevingsvilkåra, erklærte generalguvernøren at han berre ville svare dei ved munningen til kanonane sine.[2]. Major John Walley leia invasjonsarmeen, som gjekk i land ved Beauport i Basin of Quebec. Militsen på land vart angripen av den kanadiske militsen og drivne attende, medan skipa til engelskmennene, kommandert av sir William Phips, nesten vart øydelagd av kanonelden frå byen.

Begge sidene lærte frå slaget. Franskmennene utbetra forsvarsverka i byen, medan ny-engelskmennene forstod at dei trengde meir artilleri og betre støtte frå England om dei skulle ta byen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eccles 1964, s. 184
  2. 2,0 2,1 Chartrand, French Fortresses in North America 1535–1763: Quebec, Montreal, Louisbourg and New Orleans