Slaget ved Saint Cast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Saint Cast
Del av sjuårskrigen
Dato 11 September 1758
Stad nær Saint-Cast i Frankrike
Resultat fransk siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike [1]
Kommandantar
Det britiske flagget Thomas Bligh
Det britiske flagget George Anson
Det britiske flagget Richard Howe
Flagget til Frankrike Richelieu, duc d’Aiguillon
Styrkar
Totalt: 42 500
Landstyrkar: 10 000
8000-9000[2]
Tap
2000-3000[3][4]
inkludert 700-800 fangar[5]
300

Slaget ved Saint Cast var eit slag under sjuårskrigen på franskekysten mellom den britiske marinen og hæren og franske kystforsvarsstyrkar.

Under sjuårskrigen sette britane i gang fleire amfibiske operasjonar mot Frankrike og franske landområde rundt om i verda. I 1758 vart det fleire operasjonar, kalla ‘Descents’, mot nordkysten av Frankrike. Målet med desse landgangane var å erobra og øydeleggje franske hamnebyar, leie franske landstyrkar bort frå Tyskland, undertrykke kaperane og spreie panikk og forvirring i Frankrike. Slaget ved Saint Cast var den siste amfibiske operasjonen britane gjorde i denne krigen etter at det enda i eit stort nederlag.

Bakgrun[endre | endre wikiteksten]

Operasjonen omfatta ein større styrke frå den britiske marinen og hæren.[6] Marinestyrkane var to skvadronar som bestod av Admiral Anson sine 22 linjeskip med ni fregattar og 15 500 mann[7] og kommandør Howe sitt linjeskip med 64 kanonar, ti fregattar fem korvettar, to brannskoip, to bombeketsjar,[8] 6000 sjømenn, 6000 marinesoldatar, 100 transportskip, 20 vaktskip, 10 lagringsskip og ti kutterar med totalt 5000 sjømenn. Landstyrkane bestod av fire infanteribrigadar og eit par hundre lette dragonar, totalt over 10 000 soldatar.

Admiral Lord Anson

Dei britiske sjøstyrkane vart kommandert av admiral Lord Anson, med kommandør Howe som nestkommanderande. Landstyrkane vart kommandert av generalløytnant Thomas Bligh. Mot dette forsvarte franskmennene seg med fleire garnisonstroppar og milits tynt spreidd langs nordkysten av Frankrike.

I starten oppnådde operasjonen stor suksess og tok hamna i Cherbourg. Britane øydela hamna og skipa som låg her, frakta bort store mengder krigsmateriell og varer.[9] Dei spreidde franske troppane flytta seg mot Cherbourg og britane drog til sjøs og sette seg mot Saint-Malo den 5. september. Denne byen hadde derimot eit for sterkt forsvar. Vêret vendte seg no imot britane og dei meinte det ville vere tryggare å gå i land lenger vest i bukta ved Saint-Cast og byane Saint-Guildo og Matignon. Flåten segla avgarde, medan hæren marsjerte på land den 7. september. Dei neste dagane kom hæren ut for fleire småtreffingar. Den 10. september vart Coldstream-styrken sendt i forkant til Saint Cast for å samle forsyningar og frakte dei attende til hæren. Generalløytnant Bligh slo leir med hæren ved Matignon, om lag 5 km frå Saint Cast.

Samstundes hadde Richelieu, duc d’Aiguillon, kommandanten i Bretagne, samla 12 ståande infanteribataljonar, inkludert regiment frå Royal Vaisseaux, Voluntaire Étranger, Bourbon, Bresse, Quercy, Penthièvre og Marmande, frå garnisonen i Saint Malo ein brigade av regiment frå Fontenay-le-Comte, Brie og Boulonnais; seks kavaleriskvadronar, nokre kompani frå kystmilitsen, og fleire artilleribatteri. Den franske armeen sette inn 8000-9000 mann under kommandanten Marquis d'Aubigné, og marsjerte raskt til Saint Cast frå Brest via Lamballe og frå Dinan.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Bligh braut leir klokka 3 på natta den 11. september og nådde stranda på Saint Cast før klokka 09. Innskipinga gjekk særs seint. Transportskipa låg langt til sjøs og dei flatbotna landingsbåtane frakta berre 70 mann kvar[10]og vart opphavleg nytta til å frakte forsyningar, artilleri, buskap og hestar. Nesten ingen soldatar hadde kome seg ombord då franskmennene dukka opp og opna kanoneld mot stranda.[11]

Richelieu, duc d'Aiguillon

Bligh hadde sett 1500 mann i bakgroppen[12] kommandert av generalmajor Dury, for å dekkje tilbaketrekkinga på andre sida av nokre sanddyner. Det oppstod forvirring og panikk hos britane i iveren etter å kome seg bort frå stranda.[13] Dei franske styrkane flytta seg langs ein dekt veg ned til stranda og sette ut tre brigadar i linja med ein fjerde brigade i reserve. Dei fem fregattane og bombeketsjane prøvde å dekke den britiske innskipinga, og elden frå desse skapte uorden og dreiv dei franske linjene tilbake ei stund. Dei franske artilleribatteria hadde gode posisjonar i høgda over stranda og bukta. Franskmennene sokk tre av landingsfartøya[14] fulle av soldatar og andre landingsfartøy vart øydelagde på stranda.[15][16] Då det var kring 3000 britiske soldatar att på stranda, starta nærkampen. Franskmennene rykte fram mot dei siste britisek posisjonane ført av ein bataljon på 300 mann, medan den britiske flåten avfyrte kanoneld mot dei.[17]. Dette var eit bajonettåtak kommandert av marquis de Cussi og comte de Montaigu. Baktroppen under Dury prøvde på eit motåtak der han vart dødeleg skadd, og troppen rømde i panikk[18] ut mot sjøen og 800 mista livet medan rundt 700 vart tekne til fange.[19]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dette vart det siste forsøket under den amfibiske opersjonen på franskysten under sjuårskrigen. Frykta for enno eit nederlag og dei store kostnadane operasjonen medførte var ein større bakdel enn fordelen med å ta dei franske hamnene. Britane heldt derimot fram krigen mot dei franske koloniane og øyane som dei franske landstyrkane ikkje kunne nå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1]The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."
  2. Revue anglo-française, Tome Quatrième, Poitiers, 1836, s. 45-46 gjev 8000-9000; engelske kjelder gjev generelt 10 000 franskmenn.
  3. Revue anglo-française, Tome Quatrième, Poitiers, 1836, s. 47, " De trois mille hommes qui restaient encore à terre losque l'action commença, la moitié trouva la mort sur la champ de bataille, huit cents se noyérent, sept cents furent faits prisonniers: pas seul ne rejoignit la flotte."
  4. A soldier’s journal containing a particular description of the several descents on the coast of France last war; with an entertaining account of the islands of Guadaloupe Dominique, &c. and also of the isles of Wight og Jersey. To which are annexed, Observations on the present state of the army of Great Britain., London, Printed for E. og C. Dilly, 1770, s.40, "are more valuable to some than the lives of eight hundred grenadiers."
  5. Fangetalet varierer frå 400-800 inkludert fire namngjevne kapteinar. Origins and services of the Coldstream Guards is 639 og Smollett i History of England, Vol III, s. 503 nemner at franskmennene hadde ei liste over fangane og nemner fire kapteinar, og det same gjer Barrow i Life of George, Lord Anson, medan andre franske kjelder nemner talet 732, som kan kome frå lista.
  6. Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s.170, 176, 191, 193
  7. Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, s.201
  8. Barrow, Sir John,The Life of George, Lord Anson, London, 1889, s.309.
  9. Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s.194
  10. Daniel Mackinnon, Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.395.
  11. Ein soldatjournal., London, Printed for E. og C. Dilly, 1770, s.39
  12. Daniel Mackinnon, Origin og services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.400-401
  13. Ein soldatjournal, London, Printed for E. og C. Dilly, 1770, s.39-40
  14. Daniel Mackinnon, Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.401
  15. Lieutenant-General F.W.Hamilton, Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II. s.165
  16. J.W. Fortescue,A History of the British Army, MacMillan, London, 1899, Vol. II. s.344
  17. Revue anglo-française, Tome Quatrième, Poitiers, 1836, s. 47
  18. Tobias Smollett, History of England, The Revolution, Death of George the Second. Designed as a Continuation of Mr, Hume's History., Vol.III, London, 1848. s.500
  19. J.W. Fortescue,A History of the British Army, MacMillan, London, 1899, Vol. II. s.345