Slaget ved San Pietro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved San Pietro
Del av den polske arvefølgjekrigen

Dato 29. juni 1734
Stad Crocetta, nær Parma, då i hertugdømet Parma, i dag i Italia
Resultat Fransk-sardisk siger
Partar
 Frankrike
 Sardinia
 Det austerrikske riket
Kommandantar
Flagget til Frankrike François-Marie de Broglie
Flagget til Frankrike François de Franquetot de Coigny
Florimund Mercy 
Fredrik av Württemberg
Styrkar
60 000 mann 50 000 mann
Tap
4 400 drepne og skadde 6 200 drepne og skadde
Den polske arvefølgjekrigen
Kehl  · Pizzighettone · Danzig · Bitonto  · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen

Slaget ved San Pietro, òg kjend som slaget ved Crocetta eller slaget ved Parma vart utkjempa den 29. juni 1734, mellom soldatane til Frankrike og Sardinia på den eine sida og Habsburg-austerrikske soldatar på den andre, som ein del av den polske arvefølgjekrigen, mellom landsbyen La Crocetta og byen Parma, då i hertugdømet Parma. Austerrikske soldatar gjekk til åtak på ei fransk-sardisk skyttargravsstilling og vart til slutt drivne attende, mellom anna fordi kommandanten deira, Florimund Mercy, omkom og nestkommanderande Fredrik av Württemberg vart skadd. Begge sider leid store tap i slaget, som varte det meste av dagen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den polske arvefølgjekrigen.

Etter at kong August II av Polen døydde i februar 1733, prøvde dei europeiske stormaktene med diplomati og militær makt, å påverke valet av etterfølgjaren hans. I august 1733 vart Stanisław Leszczyński vald til konge av den polske riksdagen, medan Fredrik August, kurfyrste av Sachsen vart vald i oktober same år med støtte frå Russland. Stanisław hadde hovudsakleg støtte hos Frankrike, medan Fredrik August vart støtta av Russland og Habsburg-keisaren Karl VI. Den 10. oktober erklærte Frankrike krig mot Austerrike og Sachsen, for at dei skulle trekkje militærstyrkane sine ut av Polen, og kort tid etter invaderte dei både Rheinland og Habsburgområda i det som i dag er Nord-Italia. Det italienske felttoget vart utført i samarbeid med kong Karl Emmanuel III av Sardinia, som Frankrike hadde lovd hertugdømet Milano til i Torinotraktaten, signert i september 1733.

Allierte tar Milano[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1733 tok ein samla fransk-sardisk armé, med over 40 000 mann leia av Karl Emmanuel, raskt kontroll over områda til Milano utan særleg motstand frå dei om lag 12 000 austerrikske soldatane som forsvarte hertugdømet. Etter å ha erobra Tortona i februar 1734 slo dei leir for vinteren.

I november 1733 slo den 81 år gamle franske marskalken de Villars seg til armeen. Han og Karl Emmanuel var usamde om strategien, sidan Karl var skeptisk til franskmennene og ønskte å sikre Milano for seg sjølv, medan Villars ønskte å sikre sørenden av fjellovergangane over Alpane for å hindre austerrikske forsterkingar å nå Italia. Taktikken til Karl Emmanuel var mellom anna å med vilje forseinke rørsler som ikkje passa inn med måla hans. Villars vart frustrert og bad om å verte kalla attende i mai 1734. På veg til Frankrike vart han sjuk og døydde i Torino i juni. DEi franske soldatane i armeen vart då kommandert av generalane de Broglie og Coigny, som vart gjort til marskalkar.

Seint i juni 1734 vendte Karl Emmanuel attende til Torino, fordi kona Polyxena av Hessen-Rotenburg var sjuk. Han bad dei franske marskalkane om å unngå offensive handlingar fram til han vendte attende, sjølv om dette truleg var eit ledd i forseinkingstaktikken hans.

Austerriksk felttog[endre | endre wikiteksten]

Som svar til at dei allierte erobra Milano, organiserte Austerrike ein armé for å ta dei attende. Sidan Karl Emmanuel insisterte på å sikre området kring Milano, klarte nokre austerrikske soldatar å krysse Alpane til skansen i Mantova så tidleg som november 1733, og forsterka styrken der til om lag 7 000 mann. Mot slutten av året hadde garnisonen vokse til 12 000, hovudsakleg soldatar henta frå skansane i hertugdømet Milano. Fredrik av Württemberg oppretta patruljar langs elvane Po og Oglio for å overvake rørslene til dei allierte i januar 1734, og forskansa grensa mellom Tirol og Milano. I mars hadde storleiken på armeen vokse til 24 000 og feltmarskalk Florimund Mercy hadde teke kommando over styrkane. Han heldt fram å oppretthalde ei defensiv stilling, sidan han tenkte at ei offensiv handling ville gjere Mantova eller Tirol for svake. Det var først tidleg i april at den austerrikske armeen marsjerte ut for å møte dei allierte, og samla seg langs elva Mincio . Eugene av Savoie gav i eit brev datert 26. april Mercy ordre om å starta felttoget. Dei totale styrkane til Austerrike i Nord-Italia hadde no vokse til meir enn 55 000.

Den 1. mai starta venstreflanken til den austerrikske armeen å krysse Po, og tvinga franske avdelingar på sørbreidda å vende attende mot Parma. Gjennom mai flytta denne flanken, kommandert av Fredrik av Württemberg, seg opp elva mot Parma, medan høgreflanken, under marskalk Mercy, flytta seg meir langsamt, forseinka på grunn av mangel på forsyningar. Den aldrande Mercy vart òg råka av hjerneslag i denne perioden og han mista synet. 1. juni dreiv Fredrik bort ei avdeling franske soldatar som var stasjonerte for å forsvare bruhovudet ved Colorno, ikkje langt frå Parma. Frå 3. til 8. juni kryssa mesteparten av den allierte armeen Po ved Sacca og slo seg saman med forsvarsstilligna der. Den 4. og 5. juni dreiv ei avdeling av sardiske soldatar austerrikarane frå Colorno, som trekte seg attende til Sorbolo for å planlegge eit åtak mot den allierte stillinga i Parma.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Marskalk Coigny avgjorte å halde stand ved Parma, og den 28. juni sette han opp ei sterk stilling utanfor bymurane. Han ankra venstreflanken ved forsvarsverka i byen og høgreflanken ved landsbyen Crocetta, der han vart verna av myrområda kring elva Taro. Vegen mellom Crocetta og Parma gjekk langs ei vegfylling, og Coigny hadde grave djupe grøfter på kvar sider av vegen.

Marskalk Mercy kryssa Taro i front av armeen sin og om lag kl. 1000 fyrte han av skot mot den franske fortroppen, som trekte seg attende. Då Mercy nådde Crocetta gav han ordre til Fredrik, som kommanderte venstreflanken til austerrikarane, om å angripe med ein gong. Prinsen meinte han først måtte få fleire soldatar over elva og setje dei opp i linja. Mercy sa då «gjer som du vil, eg gjer det på min måte» og leia høgreflanken inn i slaget. Soldatane hans byrja å rykke fram og fylte grøfte med faskiner i eit knusande bombardement frå dei allierte. Den første bølgja vart driven attende, men Mercy heldt stand åtaket, og sendte utkvilte regiment inn i åtaket. Dei heldt fram arbeidet med å fylle att grøftene, mellom anna ved å kaste lika av soldatane sine ned i dei. Dei var på veg til å ta den første franske linja då Mercy vart treft og drepen av ei muskettkule, og skapte forvirring og uorden i linjene.

Fredrik kom då fram, tok over kommandoen og gjenoppretta ordenen. Austerrikarane fekk kontroll over vegfyllinga og starta å fylle grøfte på andre sida, denne gongen med lika til fienden. Fredrik fekk to hestar skoten under seg, og trekte seg etter kvart attende frå slagmarka med mindre skadar. Austerrikarane heldt derimot fram åtaket og dreiv franskmennene til murane ved Parma under tunge kampar. Franskmennene heldt desperat stand, og klarte etter kvart å stoppe det austerrikske åtaket. Austerrikarane trekte seg attende sørover då mørkret fall på.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Austerrikarane fekk 6 172 drepne og skadde soldatar, mellom anna marskalk Mercy og seks generalar. Det var òg mange som deserterte. Franskmennene fekk 4 000 drepne og skadde soldatar og sardinarane 400. Sjølv om dei allierte klarte å halde slagmarka, vart det ikkje rekna som ein stor siger på grunn av dei store tapa.

Fredrik søkte tilflukt i borga Montechiarugolo der han skreiv ein rapport om slag til keisaren, og skulda nederlaget på omsynsløysa til Mercy. Austerrikarane trekte seg etter kvart attende til elva Secchia, der dei i juli fekk forsterkingar og ein ny kommandant, feltmarskalk Königsegg. Det skjedde lite då dei to armeane stod på kvar si side av Secchia fram til september, før Königsegg starta ei rekkje manøvrer som enda med at austerrikarane tapte ved Guastalla, igjen med store tap, den 19. september. Austerrikarane trekte seg då attende til Oglio, ei stilling dei heldt resten av året.

Mange av innbyggjarane i Parma var vitne til slaget, mellom andre den venetianske skodespelarforfattaren Carlo Goldoni, som då var i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]