Slaget ved Svolder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Svolder
Olav Tryggvasons saga - Eriks menn entrer Ormen lange - Halfdan Egedius.jpg
Mennene til Eirik går opp på Ormen lange av Halfdan Egedius
Dato 999 eller 1000
Stad Ukjend, truleg nær Rügen eller i Øresund
Resultat Norsk nederlag
Partar
Noreg Sverige, Danmark
Styrkar
Ukjend Ukjend
Tap
Ukjend Ukjend

Slaget ved Svolder er rekna å ha funne stad den 9. september eller 1. desember år 1000. Slaget stod mellom danskar (under Svein Tjugeskjegg), svenskar (under Olof Skötkonung, på norsk Olav svenske) og nordmenn (under kong Olav Tryggvason). Norske Eirik Håkonsson Jarl var med og kjempa mot kong Olav.

Sjøslaget fann stad i Svolderbukta ved øya Svolderøy. Det er uvisst kvar staden Svolder eller Svold var. Mykje talar for at det var i sjøområdet ved øya Vilm i Austersjøen, utanfor kysten av Tyskland. Andre meiner at det kan vera Greifswalder Oie eller det danske Øresund.

Slaget enda med at nordmennene tapte. Olav Tryggvason vart skadd og hoppa over bord frå langskipet sitt, truleg drukna han. Langskipet heitte Ormen Lange, og var eit stort drakeskip. Eirik Jarl tok skipet som hærfang.

Slaget ved Svolder i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Svolder
Måleri av
Otto Sinding

Snorre Sturlason har skildra slaget i soga om Olav Tryggvason i Heimskringla.

I byrjinga klarte Olav og mennene hans seg bra i kampen. Einar Tambarskjelve stod ved masta på skipet Ormen Lange og skaut med pil og boge mot Eirik jarl på eit av fiendeskipa. Han heldt fleire gongar på å treffe jarlen.

Einar Tambarskjelve: «For veik, for veik er kongens boge!» Teikning av Christian Krogh
Då sa jarlen til ein mann som somme kallar Finn, men somme seier at han var finsk, og som var ei dugande bogeskyttar: «Skyt den store mannen i krappe-romet, du.» Finn skaut, og pila kom midt på bogen til Einar, nett som han spente bogen for tredje gongen, og bogen gjekk i to stykke. Då sa kong Olav: «Kva brast der så høgt?» Einar svarar: «Noreg or hendene dine, konge.» «Det var vel ikkje så stor brist,» sa kongen, «ta min boge og skyt med den», og så kasta han bogen sin til han. Einar tok bogen, drog den straks fram over odden på pila og sa: «For veik, for veik er kongens boge!» Så slengde han bogen tilbake og tok skjoldet og sverdet og kjempa.

Eit kvad frå Færøyane, Ormurin Langi, handlar om slaget ved Svolder.

Etterpå[endre | endre wikiteksten]

Det er lansert teoriar om at Olav Tryggvason overlevde slaget. Han skal ha vorte ein from mann og levd som munk i midtausten. Derifrå skal han ha sendt ei helsing til svogeren Erling Skjalgsson. I alle høve kom ikkje Olav attende til Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Svolder