Slaget ved The Lizard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved the Lizard
Del av den spanske arvefølgjekrigen
BatailleCaplizard.jpg
Slaget ved The Lizard (1707), av Jean Antoine Théodore de Gudin.
Dato 21. oktober 1707
Stad Lizard Point i Cornwall
Resultat Fransk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Det britiske flagget Richard Edwards Flagget til Frankrike René Duguay-Trouin
Flagget til Frankrike Claude de Forbin
Styrkar
5 krigsskip
80-130 handelsskip
13 krigsskip
Tap
1 krigsskip øydelagd, 3 kapra
Om lag 15 handelsskip kapra
1 000+ døde
Ingen tapte skip

Slaget ved the Lizard (fransk Combat du Cap Lézard) fann stad den 21. oktober 1707 under den spanske arvefølgjekrigen nær Lizard Point i Cornwall med to franske skvadronar under René Duguay-Trouin og Claude de Forbin og ein engelsk konvoi, verna av ein skvadron under kommandant Richard Edwards.[1]

Duguay-Trouin og Forbin var to av dei mest suksessrike franske marinekommandantane og dei hadde påført den allierte handelsflåten store tap.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 20. oktober 1707 la ein stor handelsflåte på 80 til 130 engelske skip ut frå Plymouth på veg mot Portugal med forsyningar til krigen i Spania. Det var fem engelske eskorteskip under kommandantan Edwards som følgde desse.

Dagen etter, nær Lizard Point, vart dei oppdaga av to franske skvadronar med seks skip i kvar. Teknisk sett var Forbin den øvste franske offiseren, men Duguay-Trouin var meir aggressiv, og skipa hans leia åtaket og påførte mest skade, etter at Forbin hadde oppdaga den britiske konvoien.

Dette slaget vart nesten ein totalt siger for franskmennene: «Cumberland», «Chester» og «Ruby» vart ekne, men «Royal Oak» kom seg inn til Kinsale med nokre handelsfartøy. «Devonshire» forsvarte seg sjølv i fleire timar mot sju franske skip, før ho tok fyr og eksploderte, berre to av 900 mann overlevde.

Involverte skip[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia (Richard Edwards)[endre | endre wikiteksten]

  • HMS «Cumberland» 80 - kapra av «Lys» og «Gloire»
  • HMS «Devonshire» 80 - eksploderte
  • HMS «Royal Oak» 76 - rømde
  • HMS «Chester» 50 , kaptein John Balchen - kapra
  • HMS «Ruby» 50 - kapra

80 til 130 handelsskip

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allen p.103

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]